|
Breimsvatnet har vore nytta til næringsfiske med mottak på Reed. (© NRK) |
Frå 1715 var det gjestgjevar og handel på Rebakken, den første Kristen Reinholtson Vibdorf. Dette slektsnamnet kjenner vi att frå Gloppen. Likeså Wittrup-ane, som tok over på Re etter Vibdorf. Her var også skysstasjon (sjå elles "
Samferdsle i Gloppen").
Hotellkrigen
Lars Jacobson Reedbakken (1770-1858) fekk i 1817 løyve til å drive kro på Rebakken. Sonesonen Lars Johannesson Reed (1859–1934) bygde kring 1880 det første hotellet der – ”Victory”. Men den lærarutdanna broren Elias Reed (1863–1910) tok over hotelldrifta. Og då han bygde nytt i 1884, ville han finne nytt namn. Ein skotsk turist ymta frampå om ”Gordon Hotell” – og slik vart det.
Sjå også:
Overnattingsverksemder i Gloppen.
|
Reed ca. 1900. Foto frå Ljøren |
Omlag samstundes kom
Jacob Neumann Hammer til Rebakken og bygde hotellet ”Victoria”. Hammer dreiv også hotell i Utvik og på Skei i Jølster. ”Victoria” låg eit steinkast frå” Gordon Hotell”, og til overmål kjøpte Hammer dampbåten ”Victory” som frakta folk frå Årdal til Re over Breimsvatnet. Dermed var ”hotellkrigen” i gang. Elias Reed svara med å kjøpe eigen dampbåt – ”Gordon” - og dei to båtane kappast i å kapre turistar til hotella sine på Rebakken.
Etter få år gav Hammer opp hotellet på Rebakken. Huset vart i 1899 kjøpt og flytta til Sandane – no Øyravegen 7. Elias Reed selde sin båt til trafikk på Loenvatnet. (sjå "
Samferdsle i Stryn").
”Gordon Hotel” lever framleis i beste velgåande som ”Gordon Gjestetun ”, drive av etterkomarane av dei som grunnla hotellet. Dei har også teke godt vare på det gamle interiøret i ”J.E. Johnsen Landhandel” (starta 1902) like ved.
|
Reed. (Foto: NRK) |
Landhandlarar
På Rebakken slo det seg etterkvart til fleire landhandlarar og samvirkelag. I 1941 kom Nedre Breim Meieri, som tok imot mjølk både frå Breim, Innvik og Utvik (sjå meir om "
Meieristrid og bygdespenningar"). Fram til det vart lagt ned på 1990-talet, produserte Nedre Breim Meieri den vidgjetne, runde geitosten sin. Bygningen har sidan husa ei bilforretning.
Nyskaping
Folket i Re-grenda har dei siste åra gjort mykje for å fornye og skape aktivitet i det gamle bygdesenteret – m.a. med bygging av nytt servicebygg. Det er også bygd bustader for eldre.
|
Servicebygget på Reed der mellom andre Eurofoto held til. (Foto: NRK) |