SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Stryn - overnattingsverksemder:

Yris Hotell i Olden

Yris hotell i Olden vert i 2002 nytta som asylmottak. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Yris hotell i Olden vert i 2002 nytta som asylmottak. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Yris Hotell i Olden vart starta på den over 200 år gamle handels- og gjestgjevarstaden i Sjøatunet (sjå også "Storgarden og handelsstaden Tonning ") ved utløpet av Oldenelva. I 1884 kjøpte Vilhelm Yri staden, og bygde det første hotellet, som vart rive i 1999.

Publisert 08.04.2002 13:28. Oppdatert 19.04.2007 10:00.
I 1893 bygde Yri nytt hotell i sveitsarstil eit stykke ovanfor gamlekyrkja i Olden. Dette vart etterkvart eit av dei største og beste turisthotella i fylket.

Eigde fleire verksemder

Samstundes dreiv Vilhelm Yri landhandel nede ved sjøen, og var medeigar i skyssbåten ”Victoria” på Oldenvatnet. I 1909 kjøpte Vilhelm Yri Storgarden Gjerde på Nordfjordeid og flytta dit. Her tok han i bruk det store herskapshuset på Gjerde som hotell og kalla det Yris Hotell.

I Olden lét han hotellet over til sonen Sivert W. Yri (1880–1926). Handelen og posthuset i Sjøatunet tok sonen Rasmus Yri (1883–1958) seg av.
Yris Hotell før brannen i 1977

Singer budde på Yri

Då den amerikanske mangemillionæren William Henry Singer jr. flytta til Olden i 1913, budde han nokre år på Yris Hotell før han bygde sin eigen villa Dalheim i 1921. Singer fekk bygd eit eige, private tilbygg til hotellet, der han budde i dei første Olden-åra. Singer vart ein nær ven av Sivert og Rasmus Yri, og Rasmus vart ein sentral rådgjevar for Singer då den rike amerikanaren ytte tilskot til både sjukehus og vegar i fjorden.

Frå 1924 til 1959 eigde Yris Hotell den store Briksdalsbre-restauranten oppe i dalen. Der var også hotell.

Utvida hotellet

Yris Hotell vart utvida fleire gonger. Den gamle trebygningen vart totalskadd av brann i 1977, og erstatta med eit nybygg som var tilpassa ein gjesteromsfløy i betong som var bygd på 1960-talet.
Hotellet brenn i juni 1977

Dei siste åra har hotellet hatt skiftande eigarar, og har m.a. fungert som asylmottak.

MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no