SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Eid og Stryn:

William Henry Singer jr.

William Henry Singer jr. (1868-1943), amerikansk biletkunstnar og millionærarving som slo seg ned i Olden.

Publisert 18.07.2001 08:49. Oppdatert 19.09.2003 15:14.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
I USA var han arving til eit av dei største stålverksselskapa. Kom til Nordfjord første gong i 1912, og budde første åra på Yris Hotell. Bygde seinare sin eigen residens ”Dalheim”, der han omgav seg med kunstnarvener. Mellom desse var nederlendaren Jaap Doijwaard, som i mellomkrigstida dreiv kunstskule i Olden.
Singer fekk bygd "Dalheim" - i dag kalla Singerheimen i Olden. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Gav pengar til lokale tiltak

Interiør i Dalheim.
Singer gav store pengegåver som gjorde det mogeleg å byggje Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid. Opna i 1936 med 40 senger. Han også gav store summar som forskot til vegsambandet Olden-Innvik, opna i 1936. Han syrgde og for pengar til restaurering av gamlekyrkja i Olden frå 1759, og gav rentefritt byggjelån på 50.000 kroner då Firda Gymnas på Sandane bygde skulehus i 1924.

700 gjenstandar etter Singer er lagra i Bergen.

Donerte "Dalheim" til fylket

Etter at Singer og kona Anna døydde, vart Dalheim donert til fylket som rekreasjonsheim for sjukepleiarar, og ei stor samling av antikvitetar og kunst gjekk til Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen, der det meste er utstilt i eit spesielt ”Singer-rom”.


I Singer sitt atelier er det galleri med utstilling av bileta hans. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Singer vart utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden med stjerne for samfunnsinnsatsen sin i Nordfjord.

Sjå også:
· Nordfjord Sjukehus og Singer


Singerheimen - Dalheim - vart donert til Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Torje Bjellaas, NRK)

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no