Om skogsdrift og sager i Sagosen, Storaker og Porten - sjå
A & G. Storaker.
Om saltebuder, laksemottak m.m. - sjå "
Fiskeri i Hyllestad".
ENKELTOMTALER:
Klebersteinsbrot
I Kleberskaret ved gardane Sandnes og Sellevoll i Skifjorden vart det i gamal tid eit lite klebersteinbrot.
Tøystampe ved Trausdalsvatnet
Ved Trausdalsvatnet aust for Skifjorden var det på 1800-talet bygd sagbruk og tøystampe. Vassføringa var sikra med ei demning i elva. Folk kom langveges frå for å få farga tøyet i denne stampa, som vart nedlagt i 1907. Sagbruket var i drift til 1950-talet.
på Smilla ved Åfjorden framstilte både støypekalk og gjødselkalk.
Jon Hansson Gaugstad (1839-1920)
frå Os ved Bergen. Busett på Laberget frå 1890. Der bygde han i 1892 stor sjøbu for handel og sildesalting. Anlegget hadde 30 meter kai.
Bakeri i Skifjorden
Jens Karlson starta på 1890-talet bakeri i Skifjorden. Då han flytta til Holmedal i 1905 tok han verksemda med seg.
Hyllestad Branntrygdelag
vart skipa i 1898.
Ludvig Eikås
(1845 -1923) frå Jølster dreiv smed- og reparasjonsverkstad i Sørbøvåg frå 1902. Han hadde fleire i arbeid og produserte m.a. stolkjerrer. Eikås flytta til Sørbøvåg etter å ha arbeidd i mange år som korpssmed på eksersisplassen i Vik.
vart starta i 1907 i Hyllestad.
Johannes Eide
bygde i byrjinga på 1900-talet sagbruk og ein liten kassefabrikk på Eide. Sønene Magnus og Petter bygde robåtar og dreiv P. & M. Eide Kloggefabrikk (treskofabrikk) nokre år. Eide bygde kai i 1939 der Fylkesbaatane hadde rutestopp. Verksemda vart lagt ned i 1969.
|
Kloggefabrikken og kvernhuset på Eide i 1942. (Foto © Fylkesarkivet) |
Johannes Nordbø starta i 1911 bakeri i Sørbøvåg.
Andreas Gjertsen er ein av dei mest allsidige industribyggjarane i heile Sogn og Fjordane.
Kristian og Aksel Myklebust starta kassefabrikk på garden Myklebust ved Skifjorden på 1920-talet.
Båtbyggeri på Nes
Lasse Akse og sonen Lars dreiv båtbyggeri på Nes i Hyllestad i mellomkrigstida. I 1936 bygde dei gavlbåt til eige garnbruk, og hadde i tillegg ein annan båt på 38 fot.
J. Meyer Jacobsen
starta i mellomkrigstida bakeri og konditori på Salbu. Han dreiv til etter krigen, men bakeriet vart drive av andre eigarar fram til kring 1970. Verksemda heldt til i Aslaug Gjertsens hus på Salbu.
Leirvik Mølle
vart starta i 1934 av Georg Aas og vart driva til nokre år etter andre verdskrig. Mølla hadde også korntørkeanlegg. Dei gamle bygingane står framleis ved Bøvassdraget like nord for Leirvik. – Sjå også Skifjorden Mølle under
Skifjord Trevarefabrikk A/S.
Lokalt reiarlag
Aksel Mathias Hatlem og Kristoffer Salbu starta i 1934 eit lite reiarlag som dreiv fraktebåtar og rutetrafikk m.a. til Bergen. – Sjå "
Lokalt reiarlag dreiv rutetrafikk".
P. & M. Eides Kloggefabrikk
vart starta på Åfjordstranda i 1937. Fabrikken laga både tresko og snørekloggar.
vart starta i Sørbøvåg i 1939 av Åsmund Høydal.
Interkommunalt kraftselskap skipa 1939.
Skipa i 1939, og bygde frå 1942 ut forsyningsnettet til heile kommunen i løpet av 1940- og 1950-åra.
Steiestøl Trevarefrabikk
i Trausdalen starta møbelproduksjon i 1940 og sysselsette opptil fem personar. Verksemda vart nedlagd i 1960.
Kristoffer Salbu
starta i 1942 bilverkstad og reparasjon av landbruksmaksiner på Salbu. Han dreiv også lastebiltransport.
Drøsdal Trevareverkstad
i Trausdalen startra møbelproduksjon i 1944 og hadde personar i arbeid. Verksemda brann i 1954 og vart nedlagd.
Bråstad Båtbyggjeri
i Bøfjorden vart starta av Bendik Bråstad i 1944. Han dreiv til 1971. På 1940- og 1950-talet bygde han m.a. fiskebåtar opp til 60 fot.
Åfjordstranda Skofabrikk A/S
vart starta i 1948 av Magne Haugland, Jens Giil og Petter Eide. Verksemda heldt til på Eide, sysselsette seks personar og produserte både sko og tøfler.
Sørbøvåg Skoverkstad A/S
i Sørbøvåg , 1951 – sjå
Å. Høydal Skoverksted1939.
Hallvard Førsund
bygde gartneri i Leirvik i 1951. Førsund Gartneri hadde også blomeutsal i Leirvik, men gjekk konkurs i år 2000.
Johan Lien Skoverksted
1962 – sjå
Å. Høydal Skoverksted 1939.
A/S Jarl Skofabrikk i Dale dreiv ei tid på 1960-talet ein filial med 12-15 tilsette i Skifjorden. Avdelinga heldt til i butikklokala på Bjørnestad og dreiv såkalla nåtling, d.v.s. sying av ferdig utstansa skinn som vart tilsendt frå Dale og returnert dit etter sying.
Starta i 1965 som byggmeister i Sørbøvåg. Dei første åra dreiv Ryland vanleg byggjeverksemd.
Grunnlagt i 1969 av Ottar Solås. Byggjer plastprodukt.
Birkeland Mekaniske
på Byrkjeland vart starta som bilverkstad i 1968 av Arne Birkeland, og vart avvikla i 1993. Magne Buene og Fred Hyllestad leigde verkstaden frå 1994 for firmaet MF Bil og Oppretting.
Skipa i Skifjorden i 1964. Verksemda produserte plastbåtar og kjølekummar for meieri m.m.
Hatleberg Bil & Maskin AS
i Hyllestad vart starta i 1982 av Kjell Hatleberg. Verksemda sel landbruks- og skogsmaskiner og driv reparasjon av bilar og landbruksmaskiner, samt bensinstasjon.
Teksttelefonen
vart starta av Telenor ved Leirvik stasjon i 1986 og gav arbeid til 20 personar. Som ein kompensasjon for nedleggjing av manuelle sentralar, fekk Leirvik i 1986 ein av tre slike stasjonar i Noreg. I 2006 vart mannskapet halvert fordi det vart mindre etterspurnad etter slike teletenester, og i 2007 vart tenesta lagd ned.
Leirvik Kro og Motell A/S
vart skipa i 1986 av Laila Feten, første åra som kro, og frå 1996 i nybygg med kro og motell med 22 senger. Verksemda hadde i 2001 ei omsetning på fem millionar kroner. Etter at ho tok over matforsyninga på ein brakkerigg ved skipsverfet Havyard Leirvik, (sjå
Hjørnesteinsverksemda Løland Verft) sysselset verksemda ni tilsette.
Keramikkverkstad
Phil og Eileen Sowerby frå England starta keramikkverkstad i Hyllestad i 1969. Etter at Eileen døydde i 1993, førde Phil produksjonen vidare til 1999. Dottera Grethe Helen har drive eigen verkstad på Sætre under firmanamnet Pixie Sowerby Keramikk sidan 1999.
Sparebanken Sogn og Fjordane
- sjå
Hyllestad Privatbank 1907
Hyllestad Granitt A/S
|
Hyllestad Pukk. |
starta 1993 etter opptak frå Steinar Drøsdal. Utnytting av bergarten granidioritt mellom Lifjorden og Sognefjorden.
Havyard Leirvik
- sjå:
Hjørnesteinsverksemda Løland Verft. Skipsverft som er den største arbeidsplassen i Sogn vest for Høyanger, og hjørnesteinsverksemda i Hyllestad kommune.
Hyllestad Pukk A/S
har sidan 1998 skipa ut grus frå Straumsnes i Lifjorden.
|
Åfjordstein. |
Åfjordstein
vart starta i i Hyllestad i 1998 av Torbjørn Løland. Verkswemda produserer smykke, pynte- og bruksting av granatglimmerskifer (sjå video øvst på sida, og "
Kvernsteins-bygda").
Pixie Sowerby Keramikk
sjå over om "Keramikkverkstad" og Phil og Eileen Sowerby 1969.
Jo-Ry Byggmarked
- sjå
Jo-Ry Bygg AS.
Kleven Løland A/S
– sjå artikkelen
Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.
Kværner Kleven Leirvik
- sjå artikkelen
Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.
|
Arne Gunnar Lundekvam. |
Distub 2000
Dataforretning som vart starta på Løland i 1996 av Arne Gunnar Lundekvam. Har etter kvart vorte ei av dei største innan databransjen i fylket. Verksemda sel maskiner, programvare, rekvisita og kontormøblar, og yter også konsulenttenester.
I 2001 hadde verksemda fire tilsette og ei omsetning på 16 millionar kroner.
Havyard Leirvik AS
- sjå artikkelen
Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.
Pro-Tek AS
på Løland er ei ingeniørverksemd som vart skipa av Asbjørn Lylund og Trygve Solaas i 2002. Den yter ingeniørtenester til maritim og landbasert industri, leiger lokale hjå Distub 2000 (sjå over) og har i 2003 tre tilsette.
Nye Byggmontering
- sjå
Jo-Ry Bygg AS.