Dagfinn Dumben
frå Eide i Åfjorden bygde på 1960-talet opp eit stort notbruk som dreiv brislingsfiske i fjordane frå Sørlandet til Trøndelag. Hovudfartyet var "Radio" på 60 fot. Bruket var i drift til 1970-talet.
Leif O. Hatlem
starta oppdrettsanlegg ved Risnesstraumen i 1972. Han dreiv også fiskematproduksjon og butikk. Han selde på 1990-talet, og etter fleire eigarskifte kom oppdrettskonsesjonen til
Pan Fish-gruppa som nyttar konsesjonen ved Vestkapp Havbruk i Rysjedalsvika.
Edgard Hatlem
bygde havbruksanlegg på Smilleneset ved Åfjorden i 1973. Matfiskkonsesjonen vart i 1998 selt til Fjordfisk AS (sjå under), og Edgar Hatlem har sidan drive foredling av laks og kvitfisk under firmanamn E H Fish AS.
Fjordfisk Fiskeoppdrett
|
Brønnbåt i arbeid hjå Fjordfisk. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK) |
vart starta på Hatlem ved Åfjorden av Bernt A. Hatlem i 1973. Anlegget fekk setjefisk frå eige klekkeri ved Storelva. Etter at Bernt døydde i 1984 overtok sonen Arvid Hatlem (f. 1950) og har drive anlegget sidan. Selskapet har sidan 1986 heitt Fjordfisk AS. Etter tre tunge år med til saman 13 millionar kroner i underskot, vart oppdrettsdelen av Fjordfisk med to konsesjonar kjøpt opp av Firda Sjøfarmer AS med eigar
Ola Braanaas i 2004. Hatlem-familien heldt eit setjefiskanlegg og eit slakteri på Hatlemstranda utanom salet.
Åfjorden Fisk A/S
Fiskeoppdrett og setjefiskanlegg, vart starta på Lireid i 1979 av Svein M. Olsen, Kjartan Bekken og Anders Songnnes. Den siste eigde grunnen og tok etter kvart over som eineeigar, men gjekk konkurs. Eit Ålesunds-firma overtok, men gjekk konkurs.
No er anlegget ein del av
Pan Fish-gruppa. Matfiskkonsesjonen er overført til Vestkapp Havbruk sitt anlegg i Rysjedalsvika, og anlegget på Lireid er bygd stort ut som setjefiskanlegg.
Alfred Hatlem
|
Åfjorddalen Smoltoppdrett. |
starta i 1984 oppdrettsanlegg for setjefisk på Eidsneset i Espelandsvatnet. Etter at Hatlem døydde, vart anlegget overteke av andre og heiter no Åfjorddal Smoltoppdrett AS.
Anlegget har heilt sidan starten vore omstridd fordi mange meiner verksemda ureinar Espelandsvatnet og skaper ulemper med rømd fisk.
Sognelaks A/S
oppdrettsanlegg vart starta i Rysjedalsvika i 1985 av Irene og Roar Bø. I 1998 vart anlegget kjøpt av Norway Seafarms og vart heitande Vestkapp Havbruk AS. Anlegget er no ein del av
Pan Fish-konsernet.
Port Salar AS
oppdettsanlegg vart starta ved Storakersunder i 1985 med grunneigar Harry Porten som hovudaksjonær. Leif Hatløy i Korssund med selskapet UFO Laks
kjøpte anlegget i 1995.