SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Vågsøy - fiskeriverksemder:

Pan Fish

Arne Nore.
Arne Nore.
Arne Nore frå Bryggja bygde på 1990-talet opp oppdretts- og fiskeforedlingskonsernet Pan Fish til eit av verdas største fiskeriselskap, med ei omsetning på 4,7 milliardar kroner i 2000.

Publisert 27.12.2001 15:08. Oppdatert 18.01.2006 11:42.
På det meste kring år 2001 var konsernet verdsett til kring 13 milliardar kroner, men etter ei økonomisk krise i 2002 stupte verdien til mellom 100 og 200 millionar kroner.

Truga av konkurs

Selskapet makta ikkje å svare for den store lånegjelda. Med trugsmål om konkurs hengande over seg, vart Arne Nore og dei andre grunnleggjarane tvinga til å gje frå seg kontrollen over selskapet, og bankane DnB og Nordea overtok styringa med kring 80 prosent av aksjekapitalen.

Nore bygde seg opp i Canada

Etter å ha arbeidd m.a. som fiskerisjef og bankmann i Noreg, reiste siviløkonomen Arne Nore på slutten av 1980-talet til Canada og bygde opp eit stort oppdrettsselskap. Då han kom tilbake til Noreg nokre år seinare, hadde han også sikra seg kontrollen over store oppdrettsanlegg her i landet, og skipa i 1992 saman med sambygdingen Bjarte Tunold og Arne Barmen frå Måløy selskapet Pan Fish. Han la hovudsetet for selskapet i Ålesund. Nore var dagleg leiar og største aksjonær fram til konsernet kom i økonomisk krise i 2002.

Størst i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane er Pan Fish-gruppa og Domstein-konsernet i 2003 dei totalt dominerande fiskeri- og oppdrettselskapa. I løpet av berre eit par års tid sikra Pan Fish seg kontrollen over store delar av oppdrettsnæringa, foredlingsverksemdene for laks og kvitfisk og sildoljefabrikkane i fylket:

I 1999 kjøpte Pan Fish Norway Seafarms der også Gudmun Strømsnes og Ola Braanaas sitt Florø-baserte selskap Go-Fish var hovudaksjonærar. Dette selskapet hadde m.a. overteke Skaarfish sitt produksjonsanlegg i Gunnhildvågen.

Men medan Gudmun Strømsnes vart dagleg leiar for den norske oppdrettsdivisjonen og gjekk inn i konsernstyret i Pan Fish, valde Braanaas å halde seg utanfor Pan Fish med Firda Seafarms, som han sjølv eigde. Dette har Braanaas sidan bygt stort ut m.a. med mange anlegg i Gulen.

I 2000 vart også det suksessrike Global Fish bygd opp og i hovudsak eigd av Måløy-brørne Jan Otto Hoddevik og Geir Robin Hoddevik kjøpt opp av Pan Fish. Geir Robin Hoddevik vart leiar for Pan Pelagic. Også oppdrettsanlegga til den skandale- og konkursråka selskapet OK-Fish Kvalheim kom under kontroll av Pan Fish.

Sterk satsing på sild og kvitfisk

Men Pan Fish hadde appetitt på meir enn berre laks og aure. For å handtere eit stendig større engasjement i fiske og foredling av sild og kvitfisk, skipa det ein eigen divisjon - Pan Pelagic med Geir Robin Hoddevik som dagleg leiar. Dette dotterselskapet skaffa seg m.a. fire store ringnotfarty som dei seinare måtte selje då krisa sette inn i 2002. Dei måtte også kvitte seg med produksjonsanlegget som dei hadde overteke frå Global Seafood i Måløy. Dette vart selt til eit lokalt selskap med namnet Måløy Seafood.

Men Pan Pelagic hadde også visjonar om å verte sterk innan fiskefôrmarknaden. I 2000 kjøpte dei difor m.a. Måløy Sildoljefabrikk A/S med sine to fabrikkar i Vågsøy av Arne Stang i 2000, og Stang vart leiar av fiskfôrdivisjonen i konsernet.

Pan Fish eigd av fjordingar.

På høgda av si verdsomspennande verksemd og verdsett til 13 milliardar kroner, var Pan Fish i hovudsak eigd og styrt av fjordingar gjennom holdingselskapet Pan Holding.
Her eigde Arne Nore saman med sambygdingane frå Bryggja, Bjarte og Leif Petter Tunold, 26 prosent av aksjane. Andre storaksjonærar i dette var måløyværingane Jan Otto Hoddevik og brørne Harald Skaar og Helge Skaar (sjå Skaar & Co.), dessutan Arne Stang frå Stongfjorden og Gudmun Strømsnes frå Flora.

I toppleiinga av konsernet sat Bjarte Tunold som styreleiar, Arne Nore som konsernsjef og styremedlem, Gudmun Strømsnes som divisjonsleiar og styremedlem, Geir Robin Hoddevik som leiar for Pan Pelagic og Arne Stang som leiar i fiskefôrdivisjonen der, og Harald Skaar jr. som leiar av den europeiske marknadsavdelinga i konsernet.

Måløy Sildoljefabrikk. (Foto: NRK)

Imperiet raknar

Ved inngangen til 2001 hadde Pan Fish bygt seg opp til å verte eit av verdas største oppdretts- og fiskeriforedlingsselskap og var prisa på børsen til kring 13 milliardar kroner. Men mykje av den raske veksten var basert på enorme lån, noko som gjorde
kjempeselskapet spesielt sårbart når konjunkturfallet kom og omsetninga svikta.

Alt i 2001 merka ein problema, men det vart langt verre i 2002. Då stupte Pan Fish-aksjen frå 78 kroner på det meste til kring 60 øre, og m.a. storaksjonærane frå Sogn og Fjordane tapte enorme summar.

Fjordingane ut - bankane tek over

Konsernet vart i januar 2003 berga frå konkurs ved at den Den Norske Bank og banken Nordea tok over styringa og sydde saman ein refinansieringspakke som gav dei kontroll over kring 80 prosent av konsernet. Dei tidlegare eigarane sat etter dette att med berre kring 7 prosent av aksjane. Både grunnleggjaren Arne Nore, styreleiar Bjarte Tunold og Gudmun Strømsnes vart tvinga ut av styret.

Arne Nore fekk halde fram mellombels som konsernleiar ei kort tid før han måtte gå. Den norske Bank reiste erstatningskrav på 72 millionar kroner mot Nore, men tvisten vart løyst med forlik. Men grunnleggjarane hadde sikra seg: Ifylgje forfattaren av boka ”Opp som en bjørn – Historien om Pan Fish” (Octavian Forlag 2004), Aslak Berge, var Arne Nore personleg god for 53 millionar og styreformann Bjarte Tunold god for 200 mill. kroner då dei trekte seg ut.

Arne Stang dreiv fiskemjølfabrikkane m.a. i Måløy vidare i selskapet Welcon Pelagic. Hausten 2003 vart selskapet slege saman med Silfas, og konsernet kontrollerer dermed 70 prosent av den norske fiskemjølproduksjonen med eit årleg omsetning på 1,2 milliardar kroner.

Skipsreiarar investerer i laks

2005 vart det året då dei verkeleg rike i Noreg investerte i laks, og på kort tid tok over kontrollen over dei viktigaste selskapa:
Mangemilliardæren og skipsreiaren John Fredriksen, den rikaste i landet, raida i juli 2005 bransjen og tok på få dagar over kontrollen i Pan Fish og vart største aksjonær i Fjord Seafood.

Fredriksen kjøpte heile aksjeposten som Domstein-gruppa eigde i Fjord Sefood, og kontrollerte med dette kjøpet 25 prosent av aksjane i Fjord Seafood – eit selskap med 2638 tilsette.

Samstundes kjøpte Fredriksen 48 prosent av aksjane i Pan Fish frå Nordea. DnB selde på same tid sin aksjepost på 24 prosent i Pan Fish til fleire institusjonelle investorar. Same året kjøpte industrimannen og investoren Jens Ulltveit-Moe over 10 prosent av aksjane i Fjord Seafood.

I oktober 2005 kjøpte Pan Fish 90 prosent av aksjane i Aqua Farms, som m.a. eig store anlegg i Gulen kommune, for 485 millionar kroner. Ved salet kontrollerte Aqua Farms 16 oppdrettskonsesjonar og eigde tre slakteri, to røykeri og eitt eksportselskap.

MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ
Siste saker:
Flere saker: ALT OM PAN FISH

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no