I 2002 kontrollerer selskapet 13 konsesjonar frå Jondal i sør til Midsund i nord. Det har også store eigarinteresser i eit stort setjefiskanlegg i Frankrike, i eit setjefisk- og oppdrettsanlegg på Vartdal, og er deleigar i eksportselskapet Ålesundfisk.
Det heile starta med tre oppdrettsanlegg kring Risnesfjorden på 1970-talet: Risnelaks, Sætrefisk og Fjordfisk:
Tre oppdrettarar kring Brekke
Risnefisk AS fiskeoppdrett i Risnefjorden vart starta i 1973 av Steinar Østerbø og Håkon Asheim. Anlegget låg mellom Asheim og Instefjord. I 1979 vart anlegget delt og flytta. Risnefisk vart samstundes oppløyst. I staden vart det starta to nye selskap:
Risnelaks, eigd av Håkon Asheim, og Sætrelaks, eigd av Leidvin Sætre og Steinar Østerbø.
Inst i Risnefjorden, i bygda Instefjord, starta Bjarne Instefjord i 1977 eit tredje oppdrettselskap som heitte Fjordfisk. Dette vart i 1986 omskipa til Merkelaks AS, og Herand Fiskeindustri i Jondal og Sætrelaks kom inn som medeigarar.
I 1990 gjekk dei tre oppdrettselskapa Sætrelaks, Risnelaks og Merkefisk saman i eit felles driftsselskap.
|
Oppdrettsanlegget i Risnesfjorden ved Asheim. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Krise og konkurs kring Risnefjorden
Krisa i oppdrettsnæringa i 1991 førde til konkursar langs heile kysten. Fiskeoppdretternes Salslag gjekk konkurs. Også oppdrettsanlegga kring Risnefjorden vart hardt råka: Merkefisk fekk styrt avvikling, og Sætrelaks kom sterkt inn på eigarsida. Seinare vart Sætrelaks eineeigar av anlegget i Instefjord.
Risnelaks gjekk konkurs, men vart stabla på beina att ved at det vart skipa eit driftsselskap og eit eigedomsselskap. Bak denne fiansieringspakken sat Sætrelaks med aksjemajoriteten, og Herand Fiskeindustri i Jondal i Hardanger var med som minoritetseigarar.
Aqua Farms vert skipa
I 1992 skipa mennene bak Sætrelaks, Steinar Østerbø og Leidvin Sætre, saman med oppdrettsselskapet Herand Fisk eit nytt selskap som vert kalla Aqua Farms.
Gjennom dette selskapet sikra dei seg fleire konsesjonar både i Sogn og Fjordane og i Hordaland utover 1990-talet, slik at selskapet i 2002 hadde hand om to oppdrettskonsesjonar for eit anlegg i Jondal i Hardanger, tre konsesjonar i Solund, fire i Gulen, to i Fjaler og to i Midsund i Romsdal. Dessutan eigde Aqua Farms halvparten i eit setjefiskanlegg og eit oppdrettsanlegg med tre konsesjonar i Vartdal på Sunnmøre.
Det eigde i 2002 ein fjerdepart av eksportselskapet Ålesundfisk, og ein tredjepart i eit stort klekkeri i Brest i Frankrike - Pro Mare - der det arbeider 300 tilsette.
I 2001 hadde Aqua Farms ei omsetning på 221 millionar kroner - då medrekna sal av to konsesjonar på Stord.
I 2004 slo Aqua Farms seg saman med eskportselskapet Aalesundfisk under firmanamnet Aalesundfisk ASA med hovudkontor i Bergen. Det nye konsernet har produksjonsanlegg i Sogn og Fjordane, Hardanger og i Møre og Romsdal.
Selskapet Marin Vekst ASA, som er eigd av forsikringsselskap og bankar, vart ved ei aksjeutviding i 2005 den største eigaren i Aqua Farms ASA.
Grunnleggjarane Steinar Østerbø og Leidvin Sætre eigde 20 prosent av selskapet etter denne emisjonen.
Pan Fish overtek
I oktober 2005 kjøpte
Pan Fish 90 prosent av aksjane i Aqua Farms for 485 millionar kroner. Ved salet kontrollerte Aqua Farms 16 oppdrettskonsesjonar og eigde tre slakteri, to røykeri og eitt eksportselskap. Skipsreiaren John Fredriksen hadde tidlegare same året sikra seg aksjekontrollen over Pan Fish.
I 2006 selde Pan Fish slakteriet i Instefjorden til Florø-firmaet Slakteriet AS ved Ole Eilertsen. Instefjord-anlegget vart eige selskap med namnet Slakteriet Brekke AS.
|
Slakteri hjå Aqua Farms. (Foto: NRK) |