|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næringsliv i Vågsøy: OK-Fish Kvalheim | Bygget til OK-Fish Kvalheim i Måløy sentrum. (Foto: NRK) |
OK-Fish Kvalheim vart grunnlagt kring 1990 av Jarle Kvalheim. Selskapet dreiv fiskeeksport og oppdrettsanlegg i stort omfang – m.a. i Selje og Bremanger. Publisert 24.08.2001 11:58. Oppdatert 04.06.2008 08:32. | Jarle Kvalheim. |
Oppdrettsdelen av selskapet vart seld til Pan Fish i 2000.
MomssvindelPå nyåret 2001 vart selskapet og leiaren Jarle Kvalheim sett under etterforsking av Økokrim. Kvalheim vart seinare funnen skuldig i omfattande økonomiske brotsverk. Han vart dømd til sju og eit halvt års fengsel for momsunderslag og økonomisk utruskap for over 333 millionar kroner.
KonkursOgså den tidlegare ektemaken til Jarle Kvalheim vart tiltala for å ha medverka i svindelen, men ho vart frikjend fordi eit knapt fleirtal i retten meinte ho ikkje hadde tilstrekkeleg kunnskap om svindelen til å kunne dømast subjektivt sett. Men ho fekk ei bot på 25.000 kroner for å ha fylt ut fiktive fakturaer for 50 millionar kroner. Broren hennar fekk fengselsstraff for å ha teke vare på 21,6 millionar kroner som ho hadde motteke i urettmessige utbyte. OK Fish vart i februar 2001 slege konkurs.
SE OGSÅ
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|