
Ved oppkjøp og samanslåingar har Domstein Pelagic sidan 1990-talet vakse til eitt av dei største fiskeriselskapa i verda innan sild og makrell, og Domstein Enghav er eit leiande selskap innan ferdigvareproduksjon- og distribusjon i Norden og store delar av Europa. Domstein er også stor eigar i den norske fiskeflåten gjennom
Ervik Havfiske A/S.
Tok over konkursbu i 1925
Det heile starta i 1925 i Måløy då bondeguten
Rasmus Domstein frå Dombestein ved Davik tok over ”Vedvik-buda” i Måløy etter konkursen til brørne
Fiskeripionérane Rasmus og Johan Vetvik. Sidan har Domstein vore ei familiestyrt verksemd, og trass i ei verdsomspennande verksemd, har dei halde fast ved Måløy som hovudbase.
 |
Knut Domstein. |
Lokal ekspansjon sidan 1970-talet
Sonen til Rasmus,
Knut Domstein, kom med i leiinga i sildeåra på 1950-talet, og under Knut si leiing starta firmaet frå 1960-talet og frametter oppkjøp og bygging av store fryseri og fiskeforedlingsanlegg i Vågsøy og nabokommunane Bremanger, Selje og Flora:
Domstein overtok på 1960-talet det store fryseriet og fiskemottaket som Sogn og Fjordane Fiskesalslag hadde bygd på Raudeberg. I 1979 kjøpte Domstein Aleks Refvik sitt anlegg som låg vegg i vegg med fiskesalslagsanlegget.
Raudebergsanlegga vart mykje utvida, men sviktande marknad og årlege tap på ca. åtte millionar kroner gjorde at anlegget vart lagt ned som produksjonsanlegg i 2002.
Domstein eigde ei tid også tidlegare
Kvalheim & Co. sitt store anlegg på Sæternes i Måløy, men selde dette i 1993 til
EMY Fish AS.
Etablerte seg i Kalvåg
I 1980 bygde Domstein-konsernet
Bremanger Fiskeindustri på sørsida av hamna i fiskeværet Kalvåg. Denne verksemda fekk 82 fast tilsette og vart den største fiskeriverksemda i Bremanger kommune. I 2006 signaliserte dessutan Domstein at dei kunne tenkje seg å starte drift i det konkursråka
Bremanger Fryseri AS med tanke på å drive det som ei underavdeling av Bremanger Fiskeindustri.
 |
Selje Fiskeindustri. Foto: Ottar Starheim |
I 1985 overtok Domstein-konsernet Selje Fiskeindustri AS (sjå
Fiskeverksemder i Selje) ved Moldefjorden i Selje, eit anlegg som sysselset kring 45 årsverk.
Domstein-konsernet satsa tungt på den nye oppdrettsnæringa frå 1988 då dei kjøpte den nedlagde hermetikkfabrikken til Norway Foods i Florø og bygde den om til lakseslakteri og fryseri under namnet
Florø Fiskeindustri A/S.
– Les meir nedanfor om Domstein sitt engasjement i oppdrettsnæringa.
 |
Administrasjonen held til i Måløy sentrum der konsernet har bygd om den gamle Midtgårdbua til kontor. |
Ut av Måløy sentrum
I 1993 vart eit nytt produksjonsanlegg på Trollebø på fastlandssida opna av HM kong Harald 5. Den nye fabrikken på 12.500 kvadratmeter kosta 200 millionar kroner og vart bygd i samarbeid med SIVA (Statens Industrivekstanlegg), og var den største i sitt slag i Europa. Samstundes vart tre umoderne anlegg i Måløy sentrum lagde ned. Ei av Måløy-budene – anlegget etter
Arnt & Simon Midtgaard – vart bygd om til eit staseleg hovudkontor for Domstein- konsernet.
Anlegget på Trollebø sysselsette fram til 2005 kring 200 tilsette, men etter auka konkurranse frå Kina på fiskefilét vart kring 100 oppsagde våren 2005.
 |
Kong Harald V opna anlegget på Trollebø i 1993. F.v.: Fiskeriminister Jan Henry T. Olsen og Kong Harald V får omvising av konsernsjef Rolf Domstein. |
 |
Rolf Domstein |
Store internasjonalt
Under Knut Domstein sine tre søner; konsernsjef
Rolf Domstein, Domstein Pelagic-sjef
Gunnar Domstein og salsdirektør Knut Magne Domstein, har Domstein-konsernet vakse seg til eitt av dei største fiskerikonserna i Europa. Dotterkonsernet Domstein Enghav (sjå nedanfor) har fleire verksemder i Sverige, der også hovudkontoret ligg, og har sidan tusenårsskiftet også kjøpt opp ei mengd fiskeforedlingsbedrifter langs Norskekysten.
I 2006 skipa Domstein Pelagic (sjå nedanfor), eitt av dei største selskapa i verda innan sild og makrell då det slo seg saman med dei norske konkurrentane
Global Fish og det Bergens-baserte Westcoast AS. Hovudkontoret for det nye selskpet skal liggje i Måløy.
Omsetninga i Domstein-systemet ligg årleg på mange milliardar kroner.
 |
Domstein-anlegget på Trollebø |
Domstein Pelagic
Domstein Pelagic er under leiing av
Gunnar Domstein bygd opp til eitt av dei største produksjonsselskapa for sild og makrell i Noreg, med produksjonsanlegg i Måløy, Selje, Kalvåg og Bodø, og fryselager på Raudeberg og i Vadsø. Det kjøpte seg også inn som medeigar i ein fabrikk for vidareforeling av sild i Ljimiuden i Nederland.
 |
Gunnar Domstein |
I oktober 2006 vart det kjent at Domstein Pelagic,
Global Fish og det Bergens-baserte Westcoast AS vert slegne saman. Men forhandlinga stranda då Westcoast ikkje gjekk med.
Norway Pelagic størst i verda
I staden gjekk Domstein Pelagic AS i 2007 saman med Gobal Fish AS, Bergen Fiskeindustri AS, Koralfisk AS på Avaldsnes og Bernt Hansen Eftf. AS i Tromsø og skipa det største selskapet for sild og makrell i verda – Norway Pelagic. Dei fem selskapa har til saman ei årleg omsetning på kring to milliardar kroner. Selskapet starta verksemda i juli 2007 og fekk hovudkontor i Måløy og avdelingskontor i Ålesund. Gunnar Domstein vart første administrerande direktør i Norway Pelagic.
Ferdigvaredivisjonen Domstein Enghav
Ferdigevaredivisjonen starta i 1990 då Domstein kjøpte opp svenske FestAB, som saman med salsselskapa Enghav og Nordkyn då hadde ei årleg omsetning av fiskeprodukt i Skandinavia på 350 mill. kroner. I 2000 kjøpte ein også 50% av det belgiske fiskematkonsernet Peters, som har ei omsetning på 1,5 milliardar kroner og avdelingar i Belgia, Storbritannia, Sveits og Frankrike.
Leiinga for ferdigvareproduksjonen vart frå årsskiftet 2002/2003 flytta til Kungshavn i Sverige, der Domstein Enghav-leiinga held til.
I 2005 kjøpte Domstein fiskematprodusenten Iglo Haugesund , fiskegrossisten Breivik &Co. i Bergen, Vest Engros i Randaberg ved Stavanger og Karmøy Delikatesse AS. Dei to siste er også fiskegrossistar og distributørar av kjølevarer. Til saman hadde desse selskapa driftsinntekter på over 220 millionar kroner i 2004.
I 2006 kjøpte Domstein-konsernet opp grossist- og fiskedistributørverksemda Reinhartsen AS i Kristiansand. Denne verksemda hadde i 2005 ei omsetning på 40 millionar kroner. Same året kjøpte Domstein det svenske selskapet Atmospack Kungshamn som produserer kjølt fisk og fisk i forbrukarpakningar. Atmospack omsette for 45 millionar svenske kroner i 2005. I 2006 kjøpte Domstein Enghav trønderfirmaet Matgrossisten AS, eit selskap som sidan starten i 1999 har distribuert matvarer frå småskalaprodusentar i Trøndelag. Domstein Enghav er også medeigar i eit fiskemottak i Loppa. Kjøpa er ein lekk i Domstein Enghav si satsing på å verte leiande i distribusjon av ferskfisk i Noreg og Sverige.
 |
Foto: Arild Nybø |
Domstein Enghav driv i 2006 ferdigvareproduksjon i Vardø, Måløy, Haugesund, Kungshamn og Lysekil. Salgsorganisasjonen femner om kontor- og transporteiningar i Måløy, Bergen, Haugesund, Stavanger, Kristiansand, Våler, Oslo, Kungshamn, Silkeborg og Helsinki.
Medeigar i fiskeflåten
For å sikre råstoff til anlegga sine har Domstein sidan midten av 1990-talet investert mykje i lineflåten som medeigar i den store lineflåten som har base i Ervik på Stadlandet: Domstein-gruppa eig frå 1995 halvparten av aksjane i Ervik Sjøfisk Invest, som kontrollerer 16 linebåtar med 200 tilsette, og i 2000 hadde ei omsetning på 200 mill. kroner (sjå
Ervik Havfiske A/S).
Domstein inn og ut av oppdrett
Oppdrettsdivisjonen i konsernet vart skipa i starta i 1985 og fekk base i Florø. Divisjonen heitte Domstein Salmon AS, og bygde seg på 1990-talet opp til det største oppdrettsselskapet i Sogn og Fjordane. Eitt av oppdrettsanlegga som gjekk inn i Domstein Salmon var det tradisjonsrike Svanøy Havbruk som Svanøy Stiftelse dreiv på Svanøy. Florø Fiskeindustri A/S vart skipa i 1988 då Domstein-konsernet i Måløy kjøpte den nedlagde hermetikkfabrikken til Norway Foods (sjå
Fiskeriverksemder i Flora) i Florø og bygde den om til lakseslakteri og fryseri. Ein kortare periode vart det også drive filetproduksjon i anlegget.
I 2000 selde Domstein-konsernet all oppdrettsverksemda si til det Helgeland-baserte Fjord Seafood ASA mot betaling i aksjar. Domstein er dermed største aksjonær med 18 prosent i det som er det tredje største oppdrettsselskapet i verda med kring 2700 tilsette (2004-tal) i Noreg, Belgia, Skottland, Chile og USA.
Florø Fiskerindustri AS heitte i 2004 Fjord Seafood Norway AS avd. Florø og var då det største lakseslakteriet i Sogn og Fjordane (2004) med 50 tilsette.
Mangemilliardæren og skipsreiaren John Fredriksen, den rikaste i landet, kjøpte i 2005 heile aksjeposten som Domstein-gruppa eigde i Fjord Seafood, og kontrollerte med dette kjøpet 25 prosent av aksjane i Fjord Seafood – eit selskap som då hadde 2638 tilsette.
– Les meir om dette under
Pan Fish.
Fusjon mellom Fjord Seafood og Cermaq stranda
I mars 2002 var det planar om å slå saman Fjord Seafood og Cermaq - tidlegare Statkorn Holding, etter at Stortinget i 2000 vedtok redusere Statens sin eigardel i Cermaq til 34 prosent. Det nye selskapet skulle verte eitt av dei største oppdrettskonserna i verda med 7000 tilsette. Den norske staten skulle eige 35 prosent og Domstein kring 10 prosent. Rolf Domstein skulle verte styreformann. Men samanslåinga vart ikkje noko av etter at ei aksjeutvding ikkje gav det forventa resultatet og generalforsamlinga i Fjord Seafood difor røysta imot samanslåing. Fjord Seafood hadde fram til 2005 kjøpt seg opp til 12,9 prosent i Cermaq, og gjorde samstundes eit nytt forsøk på å slå dei to selskapa saman. Med leiinga i Cermaq avviste samanslåingsplanen.