Hopp til innhold

Brasil, Aserbajdsjan og Emirata med klimasamarbeid

Leiarane for klimatoppmøtet i Dubai (COP28) og dei kommande klimatoppmøta i Baku (COP29) og brasilianske Belém (COP30) går saman i ein «troika» som skal arbeide for større framdrift og meir ambisiøse klimamål.

Dei tre landa la fram planane sine på konferansen Copenhagen Climate Ministerial, som blei arrangert i Helsingør i går og i dag. Dei var representerte med presidenten for COP28, Sultan al-Jaber, sjefen for COP29, Mukhtar Babayev og André Corrêa do Lago, som er viseminister for klima, energi og miljø i Brasil.

– Eg er positiv til at tre presidentskap for klimatoppmøtet går saman med mål om at verda i sum skal fastsetje mål, og ikkje minst implementere tiltak som avgrensar oppvarminga til 1,5 grader, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til NRK.

På konferansen deltok rundt 40 utsendingar på det som var det første fysiske møtet for ministrar og klimaforhandlarar sidan COP28 i Dubai i desember. Målet var å leggje grunnlaget for eit best mogeleg resultat under klimatoppmøtet i Baku i november.

– Eg synest det har vore to dagar prega av opne og ærlege diskusjonar, særleg knytt til det arbeidet som dei ulike landa må gjere med å forsterke sine klimamål, og til arbeidet med eit nytt globalt mål for klimafinansiering. At det er konstruktiv dialog er bra for arbeidet fram mot neste klimatoppmøtet i Baku, seier Eriksen.

– Kva er den viktigaste prioriteringa fram mot COP29, frå norsk synspunkt?

– På klimatoppmøtet i Baku skal eit nytt globalt mål for klimafinansiering landast. For Noreg er det avgjerande at dette målet blir innretta på ein måte som bidreg til å vri investeringar til tiltak som både kuttar utslepp og skaper jobbar. I dette arbeidet må vi sørgje for at vi får med også privat finansiering og at utviklingslanda sine behov blir sikra på ein god måte.

Mukhtar Babayev, sjef for COP29 i Baku i november 2024
Foto: AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no