W4i5upaP024

Dei er aldersgruppa med mest smitte, og dei reiser langt for å kome heim til jul.

Emmanuel Vidrequin og Sofie Steffensen

Emmanuel og Sofie kjenner til risikoen. Men dei er ikkje i tvil: Jula skal ikkje feirast på hybel i Oslo.

Shopping før jul

Dei og mange andre unge stiller seg sjølv eit viktig spørsmål no.

Julefeiring

Er det heilt trygt å reise heim til jul?

Er det trygt å reise heim til jul? Det spørsmålet stiller mange unge seg no.

– Eg reiser ikkje heim til jul i Skien.

Maren Kildahl Fjeld har ein nær slektning som er på sjukeheim, og karantene er det ikkje tid til innimellom hektiske studium.

Dermed blir det hennar første jul utan foreldre, i Oslo saman med sambuaren.

Rein Amundsen og Maren Kildahl Fjeld

Maren Kildahl Fjeld droppar å reise heim til jul, mens studiekompis Rein Amundsen skal feire jula med farfar - og sjølvsagt følge alle reglane i boka.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Ho og tusenvis av andre unge nordmenn må i desse dagar gjere ei vurdering.

Skal dei pakke ned julegåvene og reise frå storbyen kor dei studerer og jobbar, og heim til heimbyen eller heimbygda der smitta er langt mindre?

40 prosent av alle nordmenn planlegg å reise over kommunegrensa for å feire jul. Det viser tal frå Opinion sin koronamonitor.

Det er denne reisa som uroar ein del av dei unge som sender inn spørsmål til NRK Svarer på Snapchat.

Espen Rostrup Nakstad svarte i dag på nokre av dei mange spørsmåla som kom inn til NRK Svarer.

Smitta er stor i studentbyar som Oslo og Bergen, og det er blant dei i studentalder at smitta er høgast.

Påviste smittetilfelle etter aldersgruppe i veke 47 og 48

0-5 år

197

6-12 år

550

13-19 år

852

20-39 år

2330

40-59 år

1818

60-79 år

617

80 år og eldre

169

Totalt

6533

Så kva forholdsreglar bør ein ta for å unngå å spreie smitte?

Erna Solberg har sidan mars repetert tre gylne reglar til det keisame.

  • Vaske hender
  • Halde avstand
  • Halde seg heime om ein kjenner seg sjuk.

Dei grunnreglane gjeld også i jula. Men det finst også andre råd som kan sikre både julefeiringa og helsa.

CydCVPWbtrE
Det blir travle dagar på togstasjonane og flyplassane fram mot jul.
Mange bilister står i kø ved Alna i Oslo i 16.
Så, om du har tilgang til bil kan du gjerne skru på Driving Home for Christmas, og håpe på lite kø.

Besteforeldre, julegudsteneste og romjulsfest?

– Det er sjølvsagt litt kjipt. Men eg tenker det er viktigare at me passar på no og prioriterer smittevern. Så kan me sjå heile familien igjen seinare og heller sende nokre ekstra søte julekort i år, smiler Emma Winther Nilsson.

Fride Skøyen Nilssen og Emma Winther Nilsson

Frida Skøyen Nilsen og Emma Winther Nilsson skal begge feire jul med familien, men storslekta får dei ikkje møte i år.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Ho er blant dei mange som i år droppar å feire jul med besteforeldre, onklar og tanter.

For mange er det eit stort tap, for jula er tida for å vere sosial. Ei vanleg julehøgtid vekslar mellom familieselskap, romjulsfest med venene og besøk frå besteforeldre.

At årets jul kan bli mindre sosial er også tema for mange av spørsmåla som NRK får inn frå nokre av sine 120.000 følgjarar på Snapchat.

Snapchat, Synne
  • Du bør prøve å møte så få som mogleg gjennom heile jula. Om julaftan er den viktigaste feiringa for deg, så prioriterer du den. Om du vil feire nyttår bør du droppe romjulsfesten.
  • Hald deg ein meter unna alle du ikkje deler husstand med, og to meter til alle som er i risikogrupper. Dette gjeld både når ribba er på bordet, julegåvene skal pakkast opp og når det nye brettspelet skal testast ut utpå julekvelden.
  • Det er ein veldig dårleg idé å stikke på fest med venene ein dag, og deretter møte bestemor dagen deretter. Hald deg for det meste til familien om det er dei du prioriterer å vere med i jula.
  • Regjeringa har sagt at du kan velje ut to dagar i juleferien, for eksempel julaftan og nyttårsaftan, der husstanden din kan ha besøk av opptil ti personar.
  • Men du treng heller ikkje isolere deg heilt. Det handlar om å prioritere, også handlar det også litt om å forsøke å inkludere dei som kanskje kjenner seg ekstra einsame i jula.
  • Om du er utandørs kan du samle saman ein større gjeng, så kanskje er dette året for å flytte romjulsfesten ut i det fri?

LES OGSÅ: Juleråd fra statsministeren: – For to av dagene åpner vi for inntil ti gjester

Snapchat frå Silje
  • Jula blir ikkje heilt som påska. For du kan bruke hytta som normalt, så sant den ligg i Noreg. Viruset er meir under kontroll no, og dei små hyttekommunane er meir klare til å hjelpe deg om du skulle ha korona.
    • Men hugs at heller ikkje hytta er nokon fristad for koronareglane om avstand, handvask og få nærkontaktar.
  • Ja, du kan vere med besteforeldra dine i jula, men hugs å halde avstand.
    • Dropp juleklemmen i år. Kanskje dette er året kor klemmen skal bytast ut med ei litt meir personleg julegåve?
    • Du bør vurdere å starte med ein slags sjølvpålagd karantene ein del dagar før heimreise. Jo mindre sosial kontakt du har hatt med andre før du reiser, jo mindre er sjansen for at du tek med deg smitte heim. Det held ikkje å teste seg rett før jul, for viruset kan uansett vere i kroppen din i nokre dagar før det slår ut på ein test.
Snap om julegudstjeneste
  • Det vil variere ein del frå kommune til kommune korleis julegudstenestene blir. Det kan berre vere 50 personar på kvar julegudsteneste, så nokre stader er det sett opp fleire gudstenester gjennom dagen. Då er det også ofte naudsynt å melde seg på.
  • Andre stader vil det bli kyrkjevandring, med musikk, julesongar, lystenning og andre måtar å markere julehøgtida på.
  • Sjekk ut planane til di lokale kyrkje på deira Facebook- eller nettsider.

Les også: Elevar vil unngå smitteutbrot før jul – ber om å få heimeskule

Over landegrenser og heim til jul

Mange nordmenn har funne seg jobb i utlandet, og sjølv om dei fleste utvekslingsavtaler er lagt på is, så er det også over 13.000 norske studentar utanlands akkurat no.

Mange av dei vurderer om det skal bli norsk jul i år også.

Ei av dei er Wiktoria Sikora som bur i Polen og har undervisning fram til 22. desember. Er det likevel mogleg å få feire jul i Norge?

Wiktoria Sikora

Og Lene Sjemmedal vil heim til Noreg frå studielivet i Tyskland, men føler ho har gått seg heilt vill i alle karantenereglane.

Lene Sjemmedal

Kva må alle som kjem frå utlandet gjennom?

  • Du må gjennom ti dagar hotellkarantene om du kjem frå eit raudt land. Og no i starten av desember er det berre nokre få regionar i Finland som ikkje er markert raude. Følg oppdateringane om raude og gule land på Folkehelsinstituttet (FHI) sine sider.
  • Det finst nokre unntak. Om du er utanlandsstudent, eller om du eig eit hus, leilegheit eller hytte i Noreg, så kan du ha karantene heime. Då slepp du altså unna ti dagar på hotell, men i karantene må du likevel vere i ti dagar etter du kom heim.
  • Karantenetida kan vere kjip. Du kan ikkje ha besøk, du bør unngå å gå i butikken om du kan, og du bør halde avstand til alle du eventuelt deler husstand med i karantenetida.
  • Hugs at reglane kanskje kan endre seg, og du finn detaljert og oppdatert informasjon om karantene på regjeringa sine sider.

Må jula 2020 vere ekstra einsam?

– Det har vore einsamt. Eller, det hadde vore einsamt utan ho, seier Emmanuel Vidrequin og nikkar mot kjærasten, Sofie Steffensen.

Emmanuel Vidrequin og Sofie Steffensen

Kjærasteparet frå Stavanger har vore einsame saman gjennom studiehausten 2020.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Det er ikkje alle som har den gåva, seier han og smiler mot dama.

Dei har stort sett halde seg til kvarandre og trappa ned det sosiale livet før jul. Dermed kan dei vende nasane heimover frå Oslo mot Stavanger utan altfor mykje frykt for å smitte familien.

Men mange andre studentar er einsame. For to år sidan viste ei undersøking at ein av tre studentar slit med einsemd, noko som kan medføre ein helserisiko på nivå med eit større alkoholproblem.

No under koronapandemien er einsemda endå større. Det viser fleire undersøkingar.

Har du oftare kjent deg einsam under koronautbrotet?

Ja, mykje oftare

15%

Ja, litt oftare

44%

Nei, like ofte

31%

Nei, sjeldnare

10%

Kjelde: Norsk studentorganisasjon og Universitas

Likevel er det fleire ting det går an å gjere.

Isabel, Snapchat
  • Om du bur åleine eller saman med foreldra dine, så kan du velje to til tre vener som du kan vere fysiske nære. Det har regjeringa bestemt fordi det er viktig for alle å ha nokon dei kan vere nære.
  • Om du har kome heim til jul, så bør du avgrense sosialiseringa med andre utanfor heimen til foreldra dine. Men om du til vanleg har få nærkontaktar, kan du gjerne møte ein ven. Men hald avstand, vask hendene og kjenn etter om du er heilt frisk.
fmsxOcj-Xp8

Om du kjenner deg sjuk, eller må sitte i karantene, så kan jula 2020 bli ganske einsam og kjedeleg.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Kva om ein ender opp med å kjenne seg ekstra einsam i førjulstida?

  • Du kan vere sosial på fleire vis, både digitalt og fysisk. Men om du skal kjenne deg sikker på at du ikkje tek med deg smitte heim til jul, så bør du prioritere å vere mest åleine dei siste dagane før heimreise. Så kan du ta det sosiale igjen når jula er i gang.
  • Mange kan oppleve å måtte sitte karantene gjennom jula fordi dei er sjuke, eller kanskje dei er i risikogruppa og må halde seg heime. Tenk gjerne på om du kjenner nokon som kunne hatt glede av litt ekstra omtanke, så kan jula bli litt finare for dei også.
  • Om du treng nokon å snakke med kan du ringe eit av nummera som står på denne nettsida.

Fekk du ikkje svar på akkurat ditt spørsmål?

Forsøk å stille ditt spørsmål til NRK Svarer der Espen Rostrup Nakstad i dag møter opp til ein julete koronaprat.