Hopp til innhold

Undersøking: Over halvparten av norske studentar er meir einsame enn før

59 prosent av norske studentar er meir einsame enn før koronapandemien, viser undersøking frå Norsk Studentorganisasjon og Universitas.

Eirik Sandåker

Lesesalen til Eirik Sandåker blir omgjort til kjøkkenet hans når han stenger PC-en for dagen.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Over heile landet er studentaktivitetar stengde eller blitt digitale.

– Vi blir jo bråvaksne som berre går til jobb og deretter heim. Det er mange som ikkje har eit sosial liv utanom, spesielt om dei er nye i byen, seier Eirik Sandåker.

Han er førsteårsstudent på Handelshøyskolen BI og opplever at studiet er meir som ein jobb enn ein periode av livet der han også kan vere sosial med andre studentar.

Eivind Aronsveen

Eivind Aronsveen får konsentrert seg ekstra om studia, men merker at han saknar det å kunne gå på byen og tenke på alt anna enn skulebøker.

Foto: Erik Pessl-Kleiven / NRK

– Eg saknar å slå meg litt laus. Det blir litt einsformig og rutine, utan ein piff i kvardagen. Og kontakten med nye folk blir litt dempa når me heile tida må halde oss til våre, seier masterstudent Eivind Aronsveen.

59 prosent er meir einsame

Norsk Studentorganisasjon og Universitas har spurt over 1000 norske studentar om dei kjenner seg meir einsame enn før pandemien:

Har du oftare kjent deg einsam under koronautbrotet?

Ja, mykje oftare

15%

Ja, litt oftare

44%

Nei, like ofte

31%

Nei, sjeldnare

10%

Eivind og Eirik sit begge på studentpuben ved BI som for tida er omgjort til ein kafé. Som kafé er det mogleg å halde ope, men sjølvsagt med strenge smittevernreglar. Dette er den einaste staden på skulen kor studentane kan møte andre studentar. Og for nokre er det heilt avgjerande.

– Det veltar inn med folk. Eg trur alvoret har gått opp for dei, og at mange trur at dette kan vare. Du kan tole å ha lite kontakt med andre studentar og ha digital undervising ei stund, men så skjønner du til slutt at dette er alvor, seier Vibeke Edvardsen Aarflot.

BI, kafe

På BI i Oslo har studentane no berre eit sosialt tilbod. Ein studentpub som er omgjort til kafé for å kunne følge smittevernråda.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Nesten alle studenttilbod er stengde ned

Aarflot er sosialrådgjevar ved BI, og er ansvarleg for at studentane har det bra. Det er lettare sagt enn gjort under ein pandemi.

– Mange slit med motivasjonen og synest det er vanskeleg når alt skjer via ein skjerm. Ikkje noko sosialt og ingenting å glede seg til på ettermiddagane, for enkelte, seier Aarflot.

Kafé, BI. Eirik Sandåker og Magnus Abrahamsen

Eirik Sandåker og Magnus Abrahamsen oppsøker begge studentkaféen på BI for å få eit sosialt avbrekk frå studielivet.

Foto: Erik Pessl-Kleiven / NRK

Ei kartlegging som NRK har gjort viser at langt over halvparten av alle sosiale tilbod ved landets ulike studentsamskipnader er anten midlertidig stengde eller blitt digitale. I dei største byane kan dei sosiale møteplassane for studentar nærmast teljast på ei hand.

Eirik Sandåker har kome seg heim til den vesle studenthybelen. Det er det som på mange måtar har blitt lesesalen hans.

– Du treng det sosiale. Ein motiverer kvarandre, held humøret oppe, tek ein pause, ein kaffi og pratar om noko heilt anna enn berre studia, seier han, før han loggar seg på nok ein digital kollokvie frå kjøkkenbordet.

AKTUELT NÅ