Hopp til innhold

Elevar vil unngå smitteutbrot før jul – ber om å få heimeskule

BERGEN (NRK): Nesten 500 elevar ved Nordahl Grieg vidaregåande har signert oppropet om heimeskule for å unngå smitte før jul. – Drastisk, men naudsynt, meiner elevrådet.

Elever vil ha fri før jul

BER OM HEIMESKULE: Emil Torvik Griffiths vil ikkje risikera julefering i karantene. Nær 500 elevar ved den vidaregåande skulen i Bergen har skrive under opprop om heimeskule.

Foto: Thomas Thorsen / Thomas Thorsen

Elevane ved ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen har sjølv teke initiativ til ei ordning der elevane kan sleppa å møta fysisk på skulen den siste veka før jul.

Elevrådet fryktar eit nytt smitteutbrot, og at ungdommane skal smitta sine eigne familiemedlemmer, eller måtte sitje i karantene på jolaftan.

– I år er det viktig at folk får feira jul saman med familiane sine. Det er ekstra viktig at me ikkje risikerer at nokon må feira jula åleine, seier elevrådsleiar Emil Torvik Griffiths.

Smitte på vidaregåande

Sidan 12. november har minst 50 elevar ved dei vidaregåande skulane i Vestland fått påvist koronasmitte.

Fleire hundre lærarar og elevar har i tur og orden vore i karantene.

– Då skolen sluttar to dagar før jul, er det ein reell fare for at me tar med oss smitte i julebesøk. Me meiner ein burde ta høgde for dette og førebyggje problema før dei oppstår, seier Griffiths.

Også Fanaposten har omtala saka.

Nordahl Grieg Videregående skole

VIDAREGÅANDE: Nordahl Grieg vidaregåande skule ligg sør for Bergen sentrum og er av dei største i kommunen.

Foto: pilkington.com

Nesten 500 underskrifter

Får å få gjennomslag for forslaget, har elevane sendt brev til fylkeskommunen der dei ber om at all undervisning skal føregå heimanfrå frå 14. til 22. desember.

Nesten 500 av dei i underkant 1000 elevane ved skulen har signert oppropet.

Elevrådet føreslår at heildagsprøvar blir gjennomført som planlagt på skulen, men at elevar og lærarar forlèt skulen etter prøven.

– Kan det henda folk blir einsame når dei må ha heimeskule?

– Me har vege opp det å ha siste veka på skulen heime mot det å vera åleine i jula. Me veit at ingen av alternativa er perfekte, men det er viktigare prioritera jula saman med familien, svarar elevrådsleiaren.

Bjørn Lyngedal, Opplæringssjef i Vestland

OPPLÆRINGSSJEF: Fylkesdirektør Bjørn Lyngedal i Vestland fylke.

Foto: Vestland fylkeskommune

Smittesituasjonen avgjer

Etter høge smittetal gjennom store delar av oktober og november, har snittet gått kraftig ned i Bergen den siste veka.

– Om smittesituasjonen er så låg som den er no, er det ikkje nokon fagleg grunn til å ha heimeskule, seier fylkesdirektør for opplæring i Vestland, Bjørn Lyngedal.

Diskusjonen om elevane skal møta på skulen før jul, føregår ifylgje Lyngedal på skular over heile landet.

– Me har stor forståing for frykta for å måtte bruka jula i karantene, seier han.

Enno er det ikkje bestemt kva som skjer 20. og 21. desember, dei to siste dagane før jul. Det skal vurderast i løpet av veka.

– Men førebels held me på at det blir vanleg skule, seier Lyngedal.