Hopp til innhold

Vil vite kvifor Noreg plutseleg sender nye soldatar til Mali likevel

Først sa Stortinget nei til å sende soldatar til den franske Takuba-styrken i Mali. Så gjekk Arbeidarpartiet med på å sende ein mindre styrke. No etterlyser fleire ein større debatt om norske soldatar i Mali.

XYF95RsIgtw

Franske soldatar har vore aktive i Mali i mange år. Nyleg vart den franske militære innsatsen justert kraftig ned, og den franske presidenten etterlyste at fleire nasjonar kom på banen.

Foto: MICHELE CATTANI / AFP

Utan særleg debatt har Stortinget gitt støtte til norske militærbidrag til den fransk-leia Takuba-styrken i Mali.

Då Frankrike i januar 2020 spurte om Noreg ville bli med i styrken, var svaret negativt. Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen viste den gong til at det ikkje var eit fleirtal i Stortinget.

Men sidan då har både Sverige og Danmark svart ja på den franske invitasjonen. I førre veke kom Noreg etter og seier ja til å vere ein liten del av det svenske bidraget.

IS og Al-Qaida

Bakke-Jensen viste til at han «opplevde å ha støtte i Stortinget».

Seks til åtte norske soldatar skal frå hausten inngå i det svenske bidraget, som er på rundt 150 soldatar. Bakke-Jensen seier at Mali har store problem landet treng hjelp med.

– IS er ein del av det. Al-Qaida er også sterkt til stades. Dette er eit veldig kompleks bilete. Det er også det som er grunnen til at det er eit så stort internasjonalt engasjement der nede. Då meiner eg det er rett og riktig at me òg deltek og skaffar oss kunnskap om kva som skjer, seier Bakke-Jensen.

– For eitt år sidan blei me bedne om å delta med eit stort bidrag på linje med svenskane no har på ca. 150. Det sa Arbeidarpartiet nei til, seier forsvarspolitisk talsperson Anniken Huitfeld.

– Det me no har blitt bedne om, er å delta med ei handfull soldatar i det svenske bidraget. Det meiner eg er viktig for Noreg, å delta saman med Sverige. Og det er viktig for å bekjempe terror, legg ho til.

– Sender soldatar utan debatt

Men lengre ute på venstre fløy av norsk politikk er det fleire som meiner at heile debatten om norsk militær aktivitet i Mali har vore altfor lite inkluderande.

mXhabwXVUnM

Erna Solberg besøkte i 2019 dei norske FN-soldatane i Mali. No vil Noreg også sende militært personell til den fransk-leia Takuba-styrken.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Det er interessant at når me skal bygge ein garasje og gjere noko heilt anna, så er det utgreiingar, analysar og debattar. Men det å sende soldatar i krig kan me gjere på så kort tid og utan debatt. Er afrikanske liv så lite verdt at me ikkje i det minste har ein open debatt om kva som er det riktige å gjere, spør Seher Aydar i Raudt.

Bakteppet for konflikten i Mali er eit kontroversielt tema i Stortingers korridorar. Noreg var i 2011 med på å styrte den mangeårige diktatoren i Libya, Muammar Gaddafi.

Mange meiner at Gaddafis fall også er ein av årsakene til at Mali har gått gjennom store endringar.

Maliske støttespelarar av Gaddafi vende heim att, og det førte til at gamle konfliktar blussa opp att. Terrorgrupper slo seg etter kvart ned i regionen, og i dei etterfølgande åra har lokale grupper teke til våpen, og blitt ein del av eit stadig meir komplisert konfliktbilete.

Også den politiske situasjonen i Mali er forverra. Det er for tida ein offiser som fungerer som president etter at han kuppa makta i landet for andre gong på få år.

– Skulle ønske Ap hadde lært

Rapportar har i ettertid slått fast at Noreg hadde for lite kunnskap om kva dei vart med på i Libya, og følgene det kunne skape. Det har også skapt debatt at vedtaket om å delta med luftangrep over Libya vart teken i form av ei SMS-utveksling.

– Eigentleg skulle eg ønske at Arbeidarpartiet hadde lært av den prosessen, og ikkje ville gje Høgre fleirtal til å gå inn i endå ein ny krig i sommarferien. Det som må skje no, er at Noreg ikkje sender ein einaste ny norsk soldat utan ein open prosess på Stortinget, seier Aydar.

– Men målet med Takuba-styrken er jo å lære opp maliske styrkar, og spare liv?

– Ja, men det har hittil vist seg å ikkje vere tilfelle. Frankrikes rolle har ikkje vore å spare liv, men å ta liv. Kva skal Noreg gjere saman med militærkuppregimet i Mali? Trene opp militærregimets militære? For meg er det heilt bakvendt, seier Aydar.

nJ6up-zm7dg

Det maliske folk har fått liva sine endra etter at konfliktane blussa opp i 2011. Fattigdom er normalen i Mali, og mange har måtte flykte frå heimane sine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Også SV er skeptiske

– Me har vore skeptiske frå starten av. Me var skeptiske i fjor, og me er skeptiske no. Det er eit lite bidrag, men me ser ein dårleg forankring. Det er litt uklare oppgåvemål, og det gjer til at me er skeptiske, seier Gjermund Skaar i Sosialistisk Venstreparti.

Både Raudt og SV viser til norsk militært engasjement i Afghanistan, Irak og Libya, og meiner at desse konfliktane er bevis på at militære bidrag sjeldan er ei god løysing.

SV etterlyser ein meir open debatt om norske militærengasjement.

– Forsvarsministeren seier at han har parlamentarisk ryggdekning, og det har han sikkert. Men det er eit problem at me ikkje har opne diskusjonar og debattar om dette i Noreg. Veldig få menneske i Noreg veit at me har bestemt å sende soldatar til Mali, og det burde det vore meir debatt om. Til dømes i eit ope Storting, seier Skaar.

9A1Y4LfofVU

Frankrike har blitt upopulære blant ein del folk i Mali. Samtidig har Russland fått ein del støtte, og enkelte i Mali ønsker seg meir bidrag frå Russland. Her frå ein prorussisk demonstrasjon i Bamako tidlegare i år.

Foto: MICHELE CATTANI / AFP

Tepper og humanitær bistand

– At desse partia motset seg alle utanlandsbidrag er relativt føreseieleg, seier Huidtfeldt som meiner deltaking frå norske styrkar av denne storleiken aldri tidlegare har vore behandla i stortingssalen.

– Om dei ynskjer plenumsbehandling, så kan dei be om det. Det har dei ikke bedt om, legg ho til.

Ho avfeiar påstanden til Raudt og SV om at bidraget vil gje meir grobotn for terror og ramme lokalbefolkinga.

– Då me deltok i kampen mot terror då ISIL stod utanfor dei kurdiske områda, så bad ikkje kurdarane om tepper og humanitær bistand. Dei bad om militær hjelp. Og det er også det befolkinga i desse terrorramma områda no ber om; hjelp til å ta vare på sin eigen tryggleik.

Men kva tenkjer de om at det er eit kuppregime som er vertskapet no?

– Det er mykje negativt å seie om regimet i Mali. Men me står no i ein situasjon der terroristar er i ferd med å overta store område, seier Huitfeldt.

Frankrike nedjusterte nyleg sitt engasjement

Noreg har i fleire år engasjert seg militært i Mali, men det har til no berre vore gjennom FN-operasjonen Minusma.

Arbeidarpartiet sa til NRK i fjor at Noreg bør bidra meir i internasjonale militære operasjonar, men sa samtidig at dei då ikkje støtta eit bidrag til Takuba-styrken i Mali, sidan dei ville prioritere operasjonar leia av FN og Nato.

Frankrike har også hatt ein annan militær operasjon i Mali som heiter Barkhane. Tidlegare i sommar sa Frankrikes president, Emmanuel Macron, at denne operasjonen skal justerast ned kraftig.

– Tiden er komen for ein grundig endring av vårt militære bidrag i Sahel-regionen, sa Macron, og tok til orde for at fleire land burde bidra.

55 franskmenn er drepne i Barkhane-operasjonen, og omfanget av vald, konflikt og terror har ikkje gått ned.

FzAcgugpRGw

På den franske nasjonaldagen, 14. juli, marsjerte den franske Takuba-styrken nedover Paris' paradegate Champs-Elysses.

Foto: LUDOVIC MARIN / AFP

Skeptiske bistandsorganisasjonar

Fleire humanitære organisasjonar har i det siste stilt spørsmål ved om det internasjonale samfunnet har brukt riktig medisin. Terrorgruppene er stadig meir brutale, og dei siste åra har også fleire lokale grupper blitt stadig meir involvert i kamphandlingane.

– Det er veldig mykje våpen i omløp, og det me dessverre har sett er at det med auken i tal på militære, også er ein auke i tal på angrep. Det har ført til at det har vore ein stor auke i drepne sivile. Og i 2020 vart dei fleste sivile i Mali anten drepne av militære eller lokale militsar, seier Anne-Cathrine Seland, som er landsjef for Kirkens Nødhjelp i Mali.

Det er ikkje første gong det kjem kritiske spørsmål om den internasjonale innsatsen i Sahel-regionen, der land som Mali, Burkina Faso og Niger høyrer heime.

Ei samanslutning av fleire bistandsorganisasjonar, slik som Oxfam og Human Rights Watch, bad i april i år om ei ny tilnærming til krisen i Sahel.

5JJ33yPnXgQ

Niger-elva renn som ei livsåre gjennom heile Mali. Landet var lenge fritt for dei største konfliktane, men har dei siste åra blitt heim for brutale terrorgrupper og lokale militsgrupper.

Foto: Heiko Junge / NTB

Dei meiner pengane i større grad bør brukast på å beskytte sivile, sørge for at sivile kan flytte heim att og til å få jordbruket på beina att etter at mange har flykta frå heimane sine.

Dei viser til at det er brukt 20 milliardar på militær innsats, og at det er fire gonger så mykje som det som er gitt av humanitær bistand til regionen.

– Løysinga på desse konfliktane er ikkje militær. Den er politisk. Mange av desse konfliktane må løysast lokalt, seier Seland i Kirkens Nødhjelp.

Etterlyser kva målet med bidraget er

International Crisis Group kom i år med ein rapport der det slår fast at innsatsen frå omverda ikkje har ført til nokon betring, og at den noverande strategien har feila. Rapporten foreslår at Frankrike og deira allierte heller bør prioritere å gjere noko med «regionens styringskrise».

Etter at rapporten vart publisert har altså den politiske krisen i Mali berre blitt endå verre. Eit nytt statskupp har ført ein oberst opp i toppen av Malisk politikk. Assimi Goïta leiar landet, men har aldri blitt valt av folket.

– Ein kan spørje seg kva konfliktanalyse som er gjort her, i denne enormt komplekse konflikten. Kva er det Noreg tenker seg med bidraget dei vil sende ned? Kva vil ein bidra med, kor lenge vil ein vere der, og kva er det som bestemmer om dette blir ein suksess, spør Seland.

nJ6up-zm7dg

Det maliske folk har fått liva sine endra etter at konfliktane blussa opp i 2011. Fattigdom er normalen i Mali, og mange har måtte flykte frå heimane sine.

Foto: Heiko Junge / NTB

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger