Hopp til innhold

Vil setja Krekar i husarrest

Mulla Krekar vil truleg ikkje lenger få gå fritt i Noreg når den nye utlendingslova vert sett i kraft.

Mulla Krekar
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Krekar vert dermed sitjande i ein slags husarrest. Dette vil gjera det enklare å overvaka han, melder P4.

 

Krekar også kan få forbod mot å opphalda seg på bestemte stader

Libe Rieber-Mohn, statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. / NTB/P4

 

Innfører bu- og meldeplikt

Libe Rieber-Mohn
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Framlegget til ny utlendingslov opnar for at ein skal kunna påleggja personar, som vert rekna som eit trugsmål mot riket, fast bustad og meldeplikt.

– Framlegget vil seia at Krekar også kan få forbod mot å opphalda seg på bestemte stader, sier statssekretær i Arbeids og inkluderingsdepartementet, Libe Rieber-Mohn.

Høgsterett stadfeste sist veke at mulla Krekar er ein trugsel mot tryggleiken til riket.

Vidare fullmakter til styremaktene

Til no har norske styremakter berre hatt heimel til å ta frå han bankkortet og til å fjerna han frå folkeregisteret. Den nye lova vil gje styremaktene rett til å avgrensa fridomen hans svært mykje.

– Me ynskjer å auka tryggleiken. Samstundes kan me ikkje internera personar som Krekar av di det bryt med internasjonale konvensjonar, seier Rieber-Mohn.

 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger