Hopp til innhold

Ekspert meiner Viaplay-krisa kan sette Premier League-rettane på spel

Det nordiske selskapet varsla i morgontimane torsdag at dei må seie opp kvar fjerde tilsett.

Viaplay logo på skilt.

VIAPLAY: Selskapet sit mellom anna på rettane til å vise Premier League i Noreg.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Viaplay-aksjen fall som ein stein på Stockholm-børsen etter at resultata for 2. kvartal blei lagde fram torsdag morgon.

Rundt klokka 12.30 har aksjen falle rett i underkant av 40 prosent i verdi samanlikna med sluttkursen onsdag.

Selskapet sit mellom anna på rettane til å vise Premier League, Formel1 og MMA på nordiske TV-skjermar.

Tapte neste 6 milliardar kroner

Medieekspert Lasse Gimnes meiner dagens rapport er svært alvorleg for den nordiske mediebransjen:

– Eg trur ikkje vi har sett, i alle fall ikkje i denne dimensjonen, noko så kritisk i mediebransjen som vi no ser.

Rekneskapen for andre kvartal viser at Viaplay tapte nesten 6 milliardar svenske kroner. Dei varslar no ein ny strategisk plan der kvart fjerde årsverk skal kuttast.

Det Stockholm-registrerte selskapet slit med ei svak svensk krone både mot euro, dollar og norske kroner, står det i kvartalsrapporten.

Annonsemarknadene er svake, og ifølge rapporten er det venta at dei vil halde fram med å vere svake ut året.

Bilde fra serien «Pørni» med Henriette Steensrup.

Viaplay står mellom anna bak serien «Pørni» med Henriette Steenstrup.

Foto: Viaplay

I starten av juni tok Jørgen Madsen Lindemann over som konsernsjef.

I ein webcast for analytikarar og investorar torsdag morgon sa konsernsjefen at alle delane av verksemda skulle vurderast, inkludert sal av heile selskapet. Og prisane, dei skal vidare opp.

– Alt er i spel, sa Lindemann.

Har mista mange kundar

Lasse Gimnes trur det fleire grunnar til at selskapet no slit økonomisk. Mistillit i aksjemarknaden er ein av grunnane.

Medieekspert Lasse Gimnes

Medieekspert Lasse Gimnes fortel av brukarinntektene har stagnert i selskapet.

Foto: Snorre Tønset / NRK

– Det er eit klart signal frå eigarane til leiinga om at selskapet ikkje blir forvalta godt nok.

– Det andre er at reklameinntektene i den norske marknaden, og fleire marknader, har gått vesentleg ned.

– Tradisjonell TV er ned 10 prosent i 2023, samanlikna med same halvår i fjor. Vi ser også at brukarinntektene har stagnert, fortel Gimnes.

Han held fram:

– Dei har mista mange kundar. Normalt sett så mistar ein del kundar når Premier League-sesongen er over. Men dei har ikkje klart å få det talet kundar, og den omsetninga, dei skulle ha hatt på bakgrunn av dei rettigheitene dei har kjøpt.

Kan måtte seie frå seg rettane til Premier League

Hausten 2022 sikra Viaplay seg dei svært ettertrakta rettane til å vise Premier League i Noreg fram til 2028.

Les også TV 2 mister Premier League til Nent: – Ein æra er over

Premier League - Wolverhampton Wanderers v Liverpool

– Viaplay har vore ein vinnar på rettigheitsmarknaden, men det ser ut til å ha kosta meir enn det har smakt, fortel Gimnes.

Sportsrettane i dei nordiske landa er venta å koste selskapet 7,7 milliardar kroner i 2023, og nesten ein milliard meir neste år.

Gimnes trur at slik situasjonen er no kan dei potensielt kan vere villige til å seie frå seg rettane til engelsk toppfotball.

Haaland / Foden

Viaplay tok over Premier League rettane etter TV 2 hausten 2022.

Foto: AFP

– Så kritisk som situasjonen no ser ut til å vere så må dei sjå på alle steinar, og då ser eg på langrenn, skøyter, alpin som litt mindre steinar. Eg ser på Premier League som den store sentrale steinen, fortel Gimnes.

– Slik eg tolkar børsmelding er dei villige til å sjå på alt, også på Premier League, avsluttar han.

Oljefondet ein av dei største eigarane

Nordnet-analytikar Roger Berntsen seier at Viaplay er offer for ein feilslått vekststrategi, som dei taper pengar på.

– Dei blir ramma knallhardt av ein feilslått strategi som ikkje er så lønnsam som dei tidlegare såg for seg.

I tillegg blir dei ramma av makroforholda, som Berntsen karakteriserer som ein perfekt storm med auka inflasjon og auka renter.

Børsen i Stockholm.

Viaplay-aksjen fall dramatisk på Stockholm-børsen torsdag.

Foto: Fredrik Sandberg / NTB / NTB

– Dei har i realiteten berre eitt val, og det er å trekke i nødbremsen. Det er det den nye leiinga gjer no, når dei held alle moglegheiter opne. Det er brutalt.

I strategiplanen frå selskapet skriv dei at målet er å auke prisane i tida som kjem. Berntsen har lite tru på at det lèt seg gjere i ei dyrtid, der prisane for å sjå sport på TV allereie er svært høge.

– Det seier seg sjølv, du treng ikkje vere forskar for å forstå at det ikkje fungerer, seier han.

Oljefondet er ein av dei største eigarane i Viaplay. Dei eigde 8,12 prosent av Viaplay Group AB ved utgangen av 2022, verdsett til 1,19 milliardar norske kroner.

Dette er langt høgare enn det som er normalt for fondet. I berre 50 selskap hadde fondet ein eigardel på over 5 prosent i fjor.

AKTUELT NÅ