– Vi har diverre ikkje klart å bli einige om ein ny avtale innan tidsfristen for utløp av tidlegare avtale, og det beklagar vi veldig overfor alle kundane våre, seier Pål Rune Kaalen, leiar for privatmarknaden i Telia Norge, i ei pressemelding.
Kaalen seier at Telia er innstilt på å finna ei løysing, og håpar at også Nent er det.
Han seier kjernen i konflikten er valmoglegheitene til kundane og dei ikkje skal måtta betala for innhald som dei ikkje vil sjå.
Tilgangen til Viasat-eigaren sine kanalar TV3, V4, TV6, Viasat Nature, Explorer, History, V Sport+, V sport, V Premium, V Film Family og V Sport Golf blir kutta.
TV3 er ein av TV-kanalane som Telia-kundar mistar som følgje av brotet mellom Nent og Telia.
Foto: Gorm Kallestad / NTBI tillegg blir strøymetenestane Viaplay og Filmfavoritter påverka.
– Må vera riktig for begge partar
Kim Poder, kommersiell sjef i Nent Group, seier til NTB at distribusjonssamarbeidet må vera «riktig for begge partar» og at det må leggjast til rette for «tilgjengeleggjering på plattforma til operatøren».
– Viss ikkje dette blir oppnådd, så kan kundane få glede av innhaldet vårt gjennom eit eige abonnement på Viaplay eller via Nent Group sine andre partnarar i distribusjonsmarknaden, seier Poder og viser til at selskapet har avtale med andre distributørar i Noreg.