Hopp til innhold

TV 2 mister Premier League til Nent: – Ein æra er over

Nordic Entertainment Group (Nent) skal sende Premier League-fotball frå hausten 2022 og i seks år framover.

Premier League - Wolverhampton Wanderers v Liverpool

PREMIER LEAGUE: Liverpool, Wolverhampton og dei andre laga i Premier League skifter kanal på norske tv-skjermar frå 2022

Foto: Carl Recine / Reuters

Nent er eigarselskapet i ei gruppe som består mellom anna av breibandoperatøren Viasat og strøymetenestene Viaplay og Viafree, pluss fleire TV-kanalar, mellom andre TV3.

I ei pressemelding frå Nent blir det slått fast at Viaplay kjem til å bli «heimen» til Premier League frå 2022.

Fjørtoft: – Ein lidenskap og kultur

– Det er sjølvsagt ein stor dag for heile teamet. Det er ikkje berre fotballmessig ein fantastisk rettigheit, men det er jo ein lidenskap og kultur som skal bli formidla til det norske folk, seier Jan Åge Fjørtoft som er reporter i fotballsendingane på TV 3 og Viasat 4.

– For ein 53-åring som meg, som har vakse opp med engelsk fotball, er jo dette julekvelden og 17. mai på same dag.

Jan Åge Fjørtoft

For augeblikket er Jan Åge Fjørtoft mest oppteken av suksesen til Erling Braut Haaland i Borussia Dortmund, men om to og eit halvt år kan det vere Premier League som opptek han.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg

I TV 2 som har hatt rettane til Premier League i 10 år, var stemninga ein heilt annan.

– Det var ein trist og tung beskjed å få. Premier League er ein stor del av identiteten til TV 2, seier fotballkommentator, Øyvind Alsaker.

TV 2 har over to år igjen

Han har kommentert Premier League i over 20 år og dei siste ti åra for TV 2. I dag fekk han beskjed om at det snart er slutt.

– Nå må me innsjå at ein æra er over. Det er litt spesielt, også når det er ein såpass lang avtale som seks år. Det er ein lang horisont, samtidig er det også litt spesielt at me har rettane i to og eit halvt år til, seier Alsaker og legg til:

– Det er jo ikkje slik at me blir kasta ut av Anfield neste veke. Me har to og eit halvt år igjen av ein jobb me er glade i.

Alsaker

Øyvind Alsaker har vore hovudstemma frå Premier League i TV 2. I to og ein halv sesong til held han fram, før Nent og Viasat tek over kampane frå Storbritannia.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det er TV 2 som har hatt dei norske rettane sidan 2010, og som også skal sende kampane dei to neste sesongane.

– Sorgprosessen har ikkje lov å vare meir enn nokre dagar

Nent har frå før rettane i Danmark, Sverige og Finland.

– Dette er ein merkestein i vår historie som sportsformidlar, og understrekar Nent-gruppas leiarrolle i den nordiske marknaden, seier Nents president Anders Jensen i pressemeldinga.

– Premier League-fotball er ein hjørnestein i vårt sportstilbod, og å legge Noreg til dei rettane vi har frå før i Sverige, Danmark og Finland gir oss eit stort grunnlag for vidare utvikling av sportstilbodet vårt, seier Jensen.

TV 2 er naturleg nok skuffa over å miste rettane dei har hatt i ti år. Men sportsredaktør Vegard Jansen Hagen legg seg ikkje ned for det.

– Det er eit hardt slag, men samstundes er det slik at sorgprosessen dette utløyser, ikkje har lov å vare meir enn nokre dagar, seier Hagen til NRK.

– TV 2 har så sterke rettar elles utanom PL, og det kjem viktige kampar om nye rettar som gjer at TV 2 berre må mobilisere igjen, seier han.

– Kor viktig blir kampen om eliteserien?

– Vi vil ikkje kommentere andre rettar, det kjennest som det blir feil.

TV 2s sportsanker for Premier League, Jan-Henrik Børslid meiner det iallfall er godt at kanalen har to og eit halvt år til å førebu omstillinga på.

– Til sjuande og sist må folk ha noko å gjere. Eg trur det er ein fordel at vi har såpass god til til å omstille seg. To og eit halvt år er god tid, samanlikna med eit halvt år, som tidlegare har vore tilfelle. detnne gongen blei avtalen klar ekstremt tidleg, og det gjev oss mogelegheiter, seier Børslid.

– Alt har ei grense

Olav T Sandnes, administrerende direktør i TV 2

SKUFFA: – Vi strekte oss langt, men det går ei grense, seier TV 2-direktør Olav T. Sandnes

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Direktør Olav T. Sandnes seier dei strekte seg langt i forhandlingane.

– Det er tungt og sjølvsagt eit hardt slag. Men sorgprosessen dette utløyser har ikkje lov å vara meir enn nokre dagar. Det kjem viktige kampar om nye rettar, så vi må mobilisere, seier Sandnes til NRK.

Han seier det er vanskeleg å seie kor mange tilsette som blir råka av at rettane forsvinn i 2022.

– Det er ingen som utelukkande jobbar med Premier League. Alt heng tett saman i ein redaksjon som dekkjer fleire store ligaer. Me har ein fotballredaksjon som heldigvis har fleire rett og forhåpentlegvis kan vi utvida det tilbodet i åra som kjem.

Det er ikkje kjent kor mykje Nent har betalt for avtalen. Dagens Næringsliv har tidlegare meldt at TV 2 i 2015 betalte 1,8 milliardar for tre sesongar.

Siste nytt

  • Skadetrøbbel for Vukicevic: – Ergerlig tidspunkt

    Under den siste treningen på leir i Portugal kjente hekkeløper Vladimir Vukicevic et «popp» i kneet.

    – Da skjønte jeg at noe var på ferde, sier han til NRK.

    32-åringen har pådratt seg en hamstringskade, som gjør at deler av sesongen ryker. Han er foreløpig usikker på nøyaktig hvor lenge skaden kommer til å holde ham ute av friidrettsbanen.

    – Det er et ergerlig tidspunkt, rett før sesongen. Jeg må være tålmodig. Det har skjedd før, men alle skader er unike og krever ulik behandlingstid, sier han.

    Også under fjorårssesongen pådro han seg et par skader. Likevel snuste han på norsk rekord i løpet av sommeren og var bare åtte hundredeler unna en EM-finale på 100 meter hekk.

    Tidligere erfaring med skader gir håp om at også årets sommer kan bli innholdsrik.

    – Friidretten er ikke alltid rettferdig, men jeg håper absolutt å få med noe av sesongen i år, sier han og nevner NM på Jessheim 6.–8. juli som et håp.

    EM friidrett 2022 i München
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • NFF utsetter to kamper i Eliteserien

    Norges deltakelse i EM-sluttspillet for U21-lag gjør at Norges Fotballforbund utsetter to kamper i Eliteserien.

    Begge kampene skulle i utgangspunktet ha vært spilt 25. juni, men får nå nye datoer.

    Det gjelder Lillestrøms kamp mot Aalesund og Vålerengas oppgjør mot Sandefjord.

    Både Lillestrøm og Vålerenga har spillere som skal delta i U21-sluttspillet, og dermed ble det åpnet for at kampene kunne skyves på. (NTB)

    Eliteserien fotball 2021 Bodø/Glimt - Lillestrøm (2-0)
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Holund takkes av på Bislett – skal hylles av Lyn-fansen

    Langrennsløperen Hans Christer Holund skal hylles av sine egne i pausen på 2.-divisjonskampen i fotball mellom Lyn og Træff på Bislett lørdag.

    34-åringen avsluttet langrennskarrieren etter forrige sesong. I hele sin aktive seniorkarriere representerte han Lyn Ski.

    – En utrolig ambassadør for Lyn Ski, og hele klubben fortjener også at Lyns fotballpublikum takker han av på en skikkelig måte. Jeg tror alle som har sett han på TV i forbindelse med internasjonale eller nasjonale konkurranser har blitt litt ekstra stolt av at nettopp han representerer Lyn, sier styreleder i Lyn 1896, Petter Sætherbakken til klubbens hjemmeside.

    Holund har fire VM-gull, to individuelle og to i stafett, samt en sølv og en bronse fra olympiske leker. (NTB)

    Holmenkollen skifestival 2023
    Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste