Hopp til innhold

Bestemmer seg først når budsjettet er landa

Etter valet har Venstre hatt hyppige møte med Erna og Siv om å gå inn i regjeringa. Men konklusjonen let vente på seg. Kvifor har partiet enno ikkje bestemt seg?

Partilederdebatt i NRK dagen etter valget.

USIKKER: Det kan ta lang tid før Venstre bestemmer seg for å innta regjeringa eller ikkje. Ifølgje partiet kjem det an på resultatet av budsjettforhandlingane denne hausten.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Vi har god tid, har statsminister Erna Solberg ved fleire høve sagt om regjeringsdanning og forhandlingane mellom dei borgarlege partia.

Det er over ein månad sidan Solberg kunne slå fast at ho held på tittelen som Norges statsminister, i alle fall inntil vidare.

Sidan då har Venstre-leiar Trine Skei Grande sprunge inn og ut av møter med regjeringspartia. Men sjølv om både det nye Stortinget har opna og forslag til statsbudsjett er lagt fram, er det enno uklart om vi vil få ei regjering med eller utan Venstre.

Jan-Christian Kolstø i Venstre

TEK TID: Vi har ingen siste frist på å bestemme oss, seier Jan-Christian Kolstø i Venstre.

Foto: Mona Lindseth / Mona Lindseth

– Vi har ikkje sett ein dato der vi må bestemme oss. Det tek den tida det tek, seier Jan-Christian Kolstø, pressesjef i Venstre. Han seier at fokuset no er å bli einige om eit statsbudsjett som dei fire partia kan stille seg bak. Dette kjem i første rekkje.

Statsministeren og Venstre har nemleg ingen tidsfristar på seg, når det gjeld å avgjere kva parti som skal vere ein del av regjeringa og kven statsrådane skal vere.

Blåblå regjering i 2013

NY REGJERING: Slik såg det ut då den nye blåblå-regjeringa vart presentert for folket på Slottsplassen 16. oktober i 2013.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Kan når som helst gå inn i regjering

Det er nøyaktig fire år sidan den første blåblå-regjeringa presenterte seg sjølv for folket på Slottsplassen i oktober 2013.

Det ryktast at Solberg kjem til å bytte ut nokre av statsrådane om kort tid, men om nokre av desse kjem til å vere Venstre-politikarar er lite sannsynleg. Det er ingen reglar for når slike skifter må skje.

– Venstre kan i realiteten bestemme seg i morgon, i desember, neste år eller når som helst i løpet av regjeringsperioden, så lenge Høgre vil ha dei med, forklarer stipendiat i statsvitskap, Martin G. Søyland. Han har blant anna forska på ministeravgangar.

Martin G. Søyland

FORKLARER: Doktorgradsstipendiat i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Martin G. Søyland, forklarer at ei regjering sit til nokon eventuelt fremmer mistillitsforslag.

Foto: UiO

Han forklarer at Noreg har negativ parlamentarisme, der Stortinget ikkje vedtek å setje inn ei regjering etter val, slik som det er i mange andre land. For at ei regjering skal gå av må den frivillig gjere dette på eige hand, eller Stortinget må fremje eit mistillitsforslag som kan kaste regjeringa.

– KrF og Venstre har peika på Erna Solberg som statsminister, dermed veit ho at det ikkje er fleirtal for å felle regjeringa og ho blir sitjande til eit eventuelt fleirtal i Stortinget måtte snu, seier Søyland.

KrF har sagt at dei ikkje kan garantere at Solberg blir sitjande heile perioden, slik som dei plikta seg gjennom samarbeidsavtalen i førre periode.

– Ein spesiell situasjon

Etter dei fleste val har det ikkje tatt lang tid før det er klart kva parti som skal sitje i regjering og kven som blir ministrar, derfor er denne situasjonen uvanleg, ifølgje statsvitaren.

– Som oftast har regjeringsavklaringane vore klare berre nokre veker etter valet, ofte før Stortinget opnar.

Det har likevel skjedd før at ei regjering har endra form i løpet av perioden.

– Kåre Willoch si regjering gjekk frå å vere ei rein Høgre-regjering, til å få med seg Senterpartiet og KrF midt i perioden.

– Men kva styringsgrunnlag har Solberg når dei fire partia no ikkje har ein samarbeidsavtale?

– Det er partiprogramma ein går til val på, så det er eit naturleg utgangspunkt også for H/Frp-regjeringa. Samarbeidsavtalen som regjeringa har hatt med støttepartia KrF og Venstre dei siste fire åra har heller vore ein uvanleg måte å styre ut ifrå, fortel han.

Borgerlige samtaler

SAMTALAR: Dei fire borgarlege partia har hatt samtalar om regjeringssamarbeid sidan valet. KrF har trekt seg frå samtalane, medan Venstre no seier at det er budsjettet som avgjer.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Statsbudsjettet først

Kolstø i Venstre seier det viktigaste for landet er at regjeringspartia vert samd med dei fire borgarlege partia om eit statsbudsjett ein kan få fleirtal for.

– Har ikkje veljarane krav på å snart få vite om det blir ei regjering med eller utan Venstre?

– Absolutt, men landet har ei regjering i dag, som i tråd med parlamentarisk skikk har levert eit forslag til statsbudsjett. No skal Venstre og KrF legge fram sine alternativ til budsjett før vi ventar forhandlingar mellom partia, seier han.

Derfor kan regjeringssamarbeidet vere uklart i alle fall fram til budsjettet vert vedtatt før jul.

AKTUELT NÅ