Hopp til innhold

Vedum ber Jensen vurdere skattefrådrag-reglar

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum ber finansminister Siv Jensen (Frp) gjere greie for om det framleis skal vere slik at givarar skal få skattefrådrag når dei gir pengar til organisasjonen TV Visjon Norge.

Kort klipp med Jan Hanvold

VIDEO: Hanvold ber folk betale

TV Visjon Norge er organisert som eit aksjeselskap, og etter det Vedum kjenner til er dei det einaste aksjeselskapet som nyt godt av ordninga med skattefrådrag gjennom gåver til ideelle organisasjonar.

– Det er to grunnar til at eg stiller dette spørsmålet til Siv Jensen. Det eine er misbruket av tillit som vi såg i Brennpunkt-dokumentaren, og det andre er selskapsforma. Lova skil

Trygve Slagsvold Vedum

Partileiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, vil ha svar frå finansministeren om det er behov for ei lovendring når det gjeld skattefrådrag til ideelle organisasjonar.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

ikkje mellom aksjeselskap og andre typar organisasjonar i dag, og det er dette eg vil at finansministeren skal gjere ei vurdering av, seier Slagsvold Vedum til NRK.

Hekta på Hanvold

– Regjeringa sitt ansvar

Senterparti-leiaren viser til at regjeringa har eit ansvar for å passe på at pengane til norske skattebetalarar blir brukte fornuftig og i frå med vedtak i Stortinget og i interessa til det norske folk.

– Det kjem fram påstandar om at betydelege beløp er misbrukte i ein organisasjon som er tilgodesett med sjenerøse subsidiar frå fellesskapet si side. Slik dokumentaren stod fram på NRK, så er dette feil bruk av ordninga, seier Vedum.

Lova Vedum viser til er paragraf 6–50 i Skattelova, som gir skattytarar som gir bidrag til ideelle organisasjonar frådrag for beløpet på skatten. Vedum meiner det er grunn til å så tvil om TV Visjon Norge AS verkeleg er ein ideell organisasjon.

Det var tysdag denne veka at NRK viste dokumentaren om TV Visjon Norge AS . Her kjem det fram påstandar om omfattande misbruk av innsamla pengar, og at predikanten Jan Hanvold har samla inn ein milliard kroner frå TV-sjåarane dei siste 15 åra.

Jan Hanvold har sendt en epost til sine ansatte i TV-kanalen Visjon Norge hvor han kaller dem som har varslet om kritikkverdige forhold, for Judas.

VIDEO. – Dette er illojalt

Meldingene strømmer inn etter Brennpunkt-dokumentar

Pengenes profeter og medienes makt

– Ikkje akseptabel

Børre Hagen, høgsterettsadvokat og dag leiar i Innsamlingskontrollen, meiner at pengeinnsamlinga til TV Visjon Norge ikkje er akseptabel.

- Dette nærmar seg avlatshandel , sa han til NRK i går.

Jan Hanvold stiller seg uforståande til kritikken. Han seier at NRK har fått hjelp frå «Judasar» i staben til å lage dokumentaren.

Det er ingen lover her i landet som direkte regulerer korleis ei pengeinnsamling skal få føre seg. Innsamlingskontrollen er den einaste instansen som kontrollerer innsamlingar, men ordninga er frivillig. TV Visjon Norge er ikkje registrert hos Innsamlingskontrollen.

Selskapet sender kristne program 24 timar i døgnet frå hovudkvarteret sitt utanfor Drammen. Rundt 10.000 personar gir jamleg eit fast beløp, og i tillegg arrangerer dei også andre innsamlingar.

Kristeleg Folkeparti har gjort det klart at dei truleg vil takke nei til Visjon Norge i framtida. Prost Trond Bakkevig seier i ein kommentar at verksemda til Visjon Norge er ganske avskyeleg .

Han tilbyr frelse, helbredelse og suksess. Den som ber, skal få. Og den som gir, får enda mer. Jan Hanvold leder TV Visjon Norge. Kanalen har de siste årene hatt enorme gaveinntekter, fra givere som er overbevist om at tv-pastoren handler på oppdrag fra Gud.

VIDEO: Sjå dokumentaren om Visjon Norge

AKTUELT NÅ