Hopp til innhold

Utval vil ha fleire innstrammingar i politikarordningane

Stortingsrepresentantar bør ikkje lengre kunne opptene «doble feriepengar» eller få diettpengar på stortingshybelen. Det seier utval som har granska politikarordningane. Men pendlarbustadar skal det fortsatt vere.

Muntlig spørretime i Stortinget

KRITISK GJENNOMGANG: Stortingspresident Masud Gharahkani fekk i dag den første delrapporten om pendlarbustadar og andre ordningar for politikarane.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Mandag kom den første delrapporten frå utvalet som har sett på pendlarbustadar og andre ordningar for norske politikarar. Utvalet vil stramme inn på fleire av dei økonomiske ordningane til stortingsrepresentantane.

Meir openheit om ordningane

Utvalet foreslår riktignok at ordninga med pendlarbustader og pendlarreiser for stortingsrepresentantar blir vidareført. Men dei vil at det skal vere meir openheit om stortingsrepresentantars bruk av pendlarbustader.

Utvalet meiner betre offentleg tilgjengeleg informasjon vil gjere det lettare å avdekke misbruk av ordningane.

Therese Johnsen

LEIAR: Therese Johnsen leiar utvalet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Alt har ikkje vore like lett tilgjengeleg, seier utvalsleiar Therese Johnsen til NRK.

– Openheit gir legitimitet, skaper tillit og det styrkar demokratiet. Men det må ikkje gå utover personvernet til stortingsrepresentantane.

Stortingspresident Masud Gharahkani seier seg samd i ønsket om meir openheit.

– Stortinget er demokratiets hjarte i Noreg, vi er valt av folket. Då skal det vere openheit om ordningane vi mottek og det skal vere enkelt å kontrollere, seier han.

Visepresident Svein Harberg, som representerer det nest største partiet Høgre, seier seg også samd i prinsippa frå utvalet.

– Utvalet slår fast at ordningane skal tole dagens lys, og at ordningane skal møte dagens lys. Det skal vere openheit om kva slags ordningar vi har, kven som er inkludert i dei og det skal vere god kontroll med dei slik at folk kan ha tillit til at ordningane blir brukt på ein god måte.

Pendlarvurderingar

Utvalet vart nedsett etter fleire skandalar det siste året knytt til at politikarar ikkje følgde regelverket for pendlarbustader.

Utvalet går i liten grad i detalj om framtidige bustadordningar. Dette kjem truleg i neste delrapport i januar neste år. Men følgande prinsipp blir slått fast:

  • Det bør vere ei pendlarbustadordning
  • Dagens grense om bustad 40 km frå Stortinget bør vurderast
  • Ein bør vurdere å knytte retten til pendlarbustad til faktisk bustad framfor folkeregistrert adresse

– Folkeregistert adresse likar vi ikkje som eit kriterium, seier utvalsleiar Therese Johnsen til NRK.

– Kvifor ikkje?

– Folk flyttar jo rundt omkring. Ein skal ikkje vere bunden til å bu ein stad. Vi er meir glad i kriteriet faktisk bustad, seier Johnsen.

Tematikken om folkeregistrert adresse var sentral i fleire av sakene som har vore oppe det siste året.

  • Kjell Ingolf Ropstad trakk seg som barne- og familieminister og KrF-leiar like før regjeringsskiftet i fjor haust. Han hadde folkeregistrert bustadadresse hos foreldra i Agder og fekk samtidig dekka bustad i Oslo.
  • Eva Kristin Hansen (Ap) gjekk av som stortingspresident i november i fjor. Ho var folkeregistrert i Trondheim, men budde ved Ski nær Oslo. Ho fekk pendlarbustad.
  • Hadia Tajik gjekk av som statsråd og trakk seg som Ap-nestleiar i mars i år. Ho fekk pendlarbustad i Oslo utan å skatte av fordelen i sin tidlege karriere som politisk rådgjevar. Ho hadde ein leigekontrakt på heimstaden i Rogaland der ho var folkeregistrert, men ho budde der ikkje.
Hadia Tajik

AVGANG: Hadia Tajik gjekk av som statsråd og Ap-nestleiar tidleg i mars i år.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Stortinget eig 143 leilegheiter som blir brukt av representantane på Stortinget. For å kunne nytte denne fordelen skattefritt må ein politikar vere folkeregistrert eller faktisk busett meir enn 40 kilometer unna Stortinget og ha bustadutgifter på denne heimstaden. Det er altså innretninga av denne ordninga utvalet no vil gå nærmare inn i.

Sakene har vore litt ulike, men ei kjerne i spørsmålet er om stortingsrepresentantar og politisk leiing i departementa har hatt rett til skattefri pendlarbustad i Oslo dersom dei ikkje har utgifter til eigen bustad eller leiger ut delar av bustaden sin på heimstaden over 40 kilometer unna.

Skatteetaten har meint at ein slik fordel gir skatteplikt.

Presidentskapet på Stortinget bestemte i fjor haust at eit eksternt utval skulle sjå på pendlarbustadordningane.

Regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet

GUTTEROM: Tidlegare KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad var i lang tid folkeregistrert på adressa til foreldra i Agder, men budde i realiteten i Oslo.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Kort tid etter trakk stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) seg sjølv. Adresseavisen fortalde at ho var folkeregistrert i Trondheim der ho leigde ein hybel og dermed hadde pendlarbustad. Men samtidig eigde ho eit hus på Ski 29 km frå Stortinget saman med mannen sin.

Utvida til fleire ordningar

I desember bestemte presidentskapet og den nye stortingspresidenten Masud Gharahkani (Ap) at mandatet vart utvida til å omfatte ein gjennomgang av alle økonomiske ordningar for representantane. Dermed er dei i praksis bedne om å sjå på ting som feriepengar og reisegodtgjersle. Arbeidet er delt i to, den første rapporten kom i dag.

Eit av dei mest konkrete forslaga i rapporten er at stortingsrepresentantar ikkje skal få feriepengar utbetalt etter at dei er ferdig som representant.

Dagbladet har skrive om korleis representantane får godtgjersle for 12 månader. I tillegg får dei utbetalt feriepengar frå sin førre jobb når dei startar på Stortinget. Dette er logisk, sidan det er pengar opptent i førre jobb, seier utvalet. Men dei får også feriepengar for godtgjersla året etter at dei er ferdige på tinget.

«Dei stortingsrepresentantane som gjekk av i 2021 får i 2022 utbetalt i overkant av 118.000 kroner i feriepengar frå Stortinget», står det i rapporten. Utvalet skriv at dette ikkje er i tråd med vanlege ordningar i samfunnet. Ein vanleg lønsmottakar får feriepengar i staden for løn når det blir avvikla ferie. Men ein stortingsrepresentant får 1/12 godtgjersle for vervet sitt kvar månad vedkomande sit på Stortinget.

– Ei godtgjersle gir ikkje utgangspunkt for feriepengar, seier Therese Johnsen.

Visepresident Svein Harberg frå Høgre seier han særleg er fornøgd med forslaga om endringar i feriepengeordninga. Han trur Stortinget kjem til å slutte seg til dei overordna prinsippa utvalet har foreslått før sommarferien, men at detaljane i fleire nye ordningar neppe kjem på plass før utvalet har levert neste delrapport.

– Eg håpar vi kjem til å bli einige her i stortingssalen seier stortingspresident Gharahkani.

Eit anna heilt konkret forslag er at utvalet vil avvikle ordninga med pendlardiett.

Stortingsrepresentantar som bur i pendlarbustad får i dag 95 kroner per døgn for ulempen det er å dekke kostnader til to hushaldningar. Logikken er at utgiftene går opp når ein gjer matinnkjøp til to hushaldningar og straumen til matlaging blir samla sett dyrare.

Men dette speglar ikkje realiteten heilt.

For utvalet peikar på at straumen i pendlarbustaden jo er dekt av Stortinget. I tillegg har representantane subisidierte prisar i restauranten på Stortinget. Utvalet konkluderer dermed med at pendlardietten bør fjernast.

Raudt har foreslått innstrammingar i ordningane på Stortinget før utan å nå gjennom. Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner utvalet ikkje går langt nok.

– På område som etterløn og pendlarbustader trengst klarare innstrammingar. Det er den einaste naturlege konsekvensen av utvalet sitt prinsipp om at ordningane skal «vere rimelege samanlikna med ytingar og velferdsordningar i samfunnet for øvrig», skriv han i ein kommentar.

Utvalet skal levere den endelege rapporten innan 31. januar neste år.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger