Hopp til innhold

Ukjende meldingar blei lagt fram i retten

E-tenesta heldt fram samtalane med det politiet meiner er Aisha Kausar, i eit halvt år etter angrepet. Islamisten sa ho framleis hadde trua på IS.

Politiet pride

SKYTING: Medan etterforskinga av 25. juni 2022 gjekk føre seg, var den hemmelege agenten i kontakt med dei som skulle bli sikta for terroren.

Foto: Camilla Svennæs Bergland

Det var meldingane frå Aisha Kausar og agenten til E-tenesta som sette eit «kommande terrorangrep» på prioriteringslista til PST veka før 25. juni 2022.

Det som politiet meiner er terrorsikta Aisha Kausar, skal ha sendt meldingar om eit kommande terrorangrep i eit skandinavisk land.

19. juni 2022 tok det politiet meiner er Kausar, kontakt med agenten og bad om å få vidare kontakt med IS sitt mediekontor. Det var då ho fortalde om det planlagde angrepet.

Straffesaken mot Zaniar Matapour

Straffesaka mot Zaniar Matapour går føre seg i Oslo tingrett desse vekene.

Foto: Lise Åserud / NTB

Etter at E-tenesta fann eit brennande pride-flagg på terrorsikta Arfan Bhatti sin Facebook-konto, hadde E-tenesta «høge skuldrer» før helgas pridefeiring i Oslo. Det forklarte sjefen for E-tenesta, Nils Andreas Stensønes, i retten førre veke.

Politioverbetjentane Margrete Hvalvik, og Magnus Berberg Osmundsen har dei siste dagane lagt fram over 3000 meldinga politiet har fått oversendt frå e-tenesta.

Desse inkluderer også hittil ukjende meldingar mellom agenten og det som ifølgje politiet, er Aisha Kausar.

Les også E-tjeneste-ansatt hadde «høye skuldre» rundt pride: – Jeg er litt i stuss

Straffesaken mot Zaniar Matapour

Fortel om Bhatti og ber om hjelp

Det var først 18. mai 2022 at den hemmelege agenten for første gang blei kontakta av brukaren «Me». Det er denne brukaren som politiet meiner er Aisha Kausar.

Agenten gav seg ut seg då ut for vere ein IS-krigar og Sharia-ekspert med eit visst ansvar for eksterne operasjonar.

Arfan Bhatti utenfor retten i Islamabad

Det er avgjort at terrorsikta Arfan Bhatti kan bli utlevert frå Pakistan til Noreg. Når dette skal skje, er enno usikker.

Foto: NRK

25. juni løyste Zaniar Matapour skot mot utestaden Per på hjørnet og den kjende skeive utestaden London Pub. To personar blei drepne, og 9 personar blei trefte av skot.

Nokre månader seinare på hausten 2022, held agenten til E-tenesta fleire samtalar med det dei meiner er terrorsikta Arfan Bhatti og Aisha Kausar.

23. september blir det kjent at Bhatti er sikta i saka. Han held då til å utlandet og blir internasjonalt etterlyst.

Då sender det som politiet meiner er Kausar, meldingar til agenten om at «broren» hennar treng hjelp.

Me:I hope you are all in best health and Iman
Me:Listen akhi, today the police announced that they put a international wanted notice on the brother
Me:International arrest order
Me:He needs to get out asap

Kausar sjølv erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga, og ønsker elles ikkje å kommentere saka, seier forsvararen Petar Sekulic til NRK.

Ber om hjelp i Roj-leiren

29. oktober 2022 har det som skal vere Kausar og agenten ein ny samtale. Då fortel ho om korleis kvinnene i roj-leiren i Syria har det, og at dei norske styresmaktene vil hente henne.

Det var først i 2014 at den kjende islamisten Aisha Kausar reiste til Syria for å slutte seg til terrororganisasjonen IS.

«Kuffar» betyr vantru, og «Shaytan» betyr djevelen.

Før dette utdraget frå samtalen spør agenten om korleis ho har det og då svarar ho at fleire kvinner har reist frå leiren dei siste dagane.

Agenten til E-tenesta :Did they ask to go back?
Me:Akhi please, you brothers must do something
Me:They got the choice, and they chose to go back
Me:Women are choosing the kufr countries even if they know the children will be taken by the kuffar and the sisters will be in prison
Me:I ask you in the name of Allah, PLEASE do something for the women in roj... wAllahi people are losing hope and and have no more sabr
Agenten til E-tenesta :Wallah ya ukhti we always in plans and preparing but (arabisk skrift) it doesn`t work
Me:And even the sisters who are trying to be steadfast are getting weak...
Agenten til E-tenesta :Wallah most of the time
Me:WAllahi the Norwegian government was ready to take me back, they accepted to take me and my son, but i refused... now I have been here more than 5 years, I am afraid shaytan will make me weak and I will fall in his trap and go back there

Ho fortel vidare at ho har trua på at den islamske staten vil vinne, og at dersom ho hadde vore i tvil, så hadde ho reist tilbake til Noreg. «But I stayed because I know Allah will give us victory sooner or later», skriv ho til agenten.

E-tenesta bestemde seg for å avvikle kontakta med det meiner er Kausar, den 12. januar 2023. Det er same dag som VG og NRK fortalde om terrorvarselet til PST fem dagar før terrorangrepet.

Les også Hemmelig agent fanget opp terrorplan: Varslet PST

Zaniar Matapour - bildet er hentet fra et overvåkningskamera på en restaurant i oslo. Matapour har på seg blå tskjorte og en sort lue. Han har grånende skjegg. Rundt ham er trebord og mørke skinnstoler. Han ser til høyre ut av bildet.

I desse sakene blir også den hemmelege agenten som arbeida på oppdrag for E-tenesta nemnt.

– Då vi kutter den kontakta er då informasjonen byrjar å lekke, der meldingane blir offentlege. Det er heilt umogleg å oppretthalde truverd etter det tidspunktet, seier Stensønes til NRK.

IS leiren AL Roj for kvinner og barn AlRoj IS ISkvinner Aisha Shazadi Kausar

Bilde frå IS-leiren Roj i 2020.

Foto: Gunnar Bratthammer

Over 3000 meldingar er overlevert til politiet

Den 14. dagen i rettssaka går politiet gjennom desse samtalane og det dei meiner knyt samtalane til dei to terrorsikta.

Politiet meiner at Arfan Bhatti er brukaren «Shaheen», og Aisha Kausar er brukaren «Me». Dei trekker fram følgande:

Bhatti blir namngitt i samtale mellom «Me», som politiet meiner er Kausar og E-tenesta. Ho stadfestar at han er broren som ho har fortald om tidlegare.

Aisha Shazadi Kausar i leiren Roj nordøst i Syria.

Aisha Kausar er sikta for å ha medverka til terror under skytinga 25. juni 2022. Her er ho i Roj-leiren i 2020.

Det politiet meiner er Bhatti, fortel om sine tre born, og oppgir namn og alder, og at han har delt foreldreansvar med ekskona si. Han oppgir også at han har med seg borna sine til Pakistan.

Ifølgje politiet samsvarar dette med familiesituasjonen til Bhatti. Han har også stadfesta noko av det i avhøyr.

Bhattis forsvarar John Christan Elden har tidlegare sagt til Bhatti har nekta for å ha tatt del i noko slik meldingsutveksling, så det vanskeleg for han å meine noko om politiet og E-tenesta sine teoriar.

Aktor Aud Kinsarvik Gravås seier desse meldingane mellom agenten og dei sikta er svært viktige for å gi eit innblikk i tankegangen til dei som står bak angrepet.

– Når det gjeld tiltalen mot Matapour er det kanskje primært det som sett lys på angrepet, planlegging av angrepet og korleis det er gjennomført.

Les også Arrene fra Rosenkrantz' gate

jan mage

Både Bhatti og Kausar nektar straffskuld.

Forsvarar Marius O. Dietrichson seier det har vore ein nyttig gjennomgang i retten.

– Eg vil sjølvsagt for vente med dei viktigaste meldingane til Etterretningstenesta når dei kjem og vitne i morgon.

Torsdag skal eit anonymt vitne ta plass i retten. Dette skal vere ein person i E-tenesta som er tett på den hemmelege agenten.

AKTUELT NÅ