Hopp til innhold

Trur ein tøffare Hareide kunne vunne KrF-kampen

Då det drog seg til i kampen om KrFs retningsval, var ikkje Knut Arild Hareide tøff nok. Den tidlegare rådgjevaren hans meiner Hareide vart svikta av nestleiarar som braut spelereglane - og at han burde slått hardare tilbake.

Debatt etter det ekstraordinære landsmøtet i KrF

– Eg pressa på for at han skulle vere tøffare, men han var oppteken av at han som partileiar ikkje kunne overdrive maktbruken, seier Emil André Erstad til NRK.

Kaoshausten

Hausten 2018 vart det politiske Noreg snudd på hovudet og KrF delt i to.

28. september ga KrF-leiar Knut Arild Hareide eit råd i ein tale til landsstyret i partiet om å søke regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Hadde Hareide fått støtte ville Erna Solberg vore ferdig som statsminister.

Talen starta ein prosess med ei rekke lokallagsmøte og fylkesårsmøte i KrF som skulle ende i at partiet vedtok retningsvalet på eit ekstraordinært landsmøte.

I dei 36 dagane frå Hareide heldt talen til han tapte med stemmetala 98-90 på landsmøtet stod Erstad midt i det heile for å hjelpe Hareide og "raud side" til siger. I boka Hareides fall fortel han om kva som skjedde bak kulissane - slik det vart sett frå Hareide-fløyens ståstad.

– Det var mange ting som kunne endra utfallet. Det var jo ekstremt nært, seier Erstad. Han peikar særleg på tre ting.

  • Uklare spelereglar - som han meiner "blå side" utnytta
  • Abort-spørsmålet, som vart eit trumfkort for "blå side"
  • Ein for snill partileiar som kunne brukt meir makt

– Eit svik

Då Hareide hadde halde sin oppsiktsvekkande tale vart KrFs partiorganisasjon stress-testa som aldri før. På ein dryg månad skulle lokallag og fylkeslag diskutere, gje råd og velje landsmøtedelegatar.

Men spelereglane var ikkje klare.

Eit viktig spørsmål vart om fylka kunne velje ein landsmøte-delegasjon der "vinnaren tok alt". Eller om dei skulle sende ein delegasjon som spegla dei ulike synspunkta i fylket.

– At ikkje retningslinene for lokallag og fylkeslag var klare var openbert ei tabbe, seier Erstad i dag.

Emil André Erstad, tidlegare rådgjevar for KrF-leiar Knut Arild Hareide

Emil André Erstad var rådgjevar for Knut Arild Hareide.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Rogaland var først ut av fylkeslaga. Partileiinga var einige om råde fylka til å "gjenspeile haldningane i fylkeslaga når ein vel delegasjon". Men sjølv om nestleiar Olaug Bollestad var til stades på Rogalandsmøtet, valde fylkeslaget 15 "blåe" og ein "raud" kandidat. Dei andre fylka valde delegasjonar som spegla haldningane i fylkesårsmøtet.

– Ho burde sagt tydeleg og klart frå. Det skjedde aldri, seier Erstad. – Eg opplevde det som eit svik den gongen.

– På ein del punkt har eg nok ei anna oppfatning enn Erstad både av kva som skjedde og kvifor det skjedde. Vi har ulik oppfatning av kor tydeleg eg var då eg ba fylkesårsmøtet i Rogaland om å sende ein representativ delegasjon, skriv KrF-nestlear Olaug Bollestad til NRK.

– Løftebrot

Erstad er også svært kritisk til korleis nestleiarane drog abortspørsmålet inn i KrF-striden.

Han meiner samtalane som nestleiarane Ropstad og Bollestad hadde med statsminister Erna Solberg slik som VG seinare dokumenterte var eit brot med dei interne køyrereglane.

– Vi var einige om å ikkje blande inn andre parti, dette skulle vere ein prosess som KrF eigde sjølv, seier Erstad.

Kjell Ingolf Ropstad, som vart KrF-leiar etter den dramatiske hausten, svarar slik til NRK på spørsmål om samtalane med Høgre var løftebrot:

– Eg hadde eitt mål for auge, og det var å få mest mogleg gjennomslag for KrF sin politikk.

– Men var det løftebrot å blande inn andre parti?

– Dette var ein situasjon som stoppa heile det politiske Noreg. Det var heilt naturleg at andre parti både ville kommentere og blande seg oppi det. At denne hausten skulle gå forbi i det stille i dei andre partia er ganske urealistisk, seier Ropstad i dag.

Pusle-Hareide

Då Hareide forsto at Kjell Ingolf Ropstad ville gå ut offentleg med eit krav om at Solberg og Støre klargjorde kva dei kunne gje KrF i abortspørsmålet, reagerte han ifølgje boka kraftig.

Hareide kom med klare åtvaringar til Ropstad i ein telefonsamtale og skulda nestleiaren for brot på spelereglane. Ropstad vil ikkje kommentere den omtalte telefonsamtalen til NRK, men ifølgje Erstad var det ein uvanleg oppheita samtale.

Utad var derimot alt greit.

– Dei var opptekne av å bevare ein fasade av at dei var vennar og at det ikkje var noko problem. Eg skjønte ikkje kva vi hadde å tene på å skape det inntrykket, seier Erstad.

Han opplevde at han ikkje nådde fram då han oppmoda Hareide til å vere tøffare mot dei to nestleiarane. Rådgjevaren sine tankar gjekk til parodiane av Hareide frå tidleg 2000-tal.

«Det var nesten noko sjølvutslettande med måten Knut Arild behandla nestleiarane sine på (...) Den Knut Arild som Harald Eias karikatur hadde portrettert, var no i ferd med å ta over plassen til den Knut Arild som hadde sagt at nok er nok.»

Men ikkje alle opplevde at Hareide var den som spelte fair hausten 2018.

– KrF hadde gått til val på at Erna skulle vere statsminister. Men etter samtalar med Jonas Gahr Støre ga partileiaren eit råd som var eit linjebrot som ikkje var forankra i partiorgana. Kor fair spel var det, eigentleg?

– Han snakka både med Støre og Solberg. På eitt eller anna tidspunkt måtte partileiaren gje eit klart råd til partiet. Uansett kor tid det skjedde ville det bli oppfatta som kontroversielt. Eg meiner det var fair, han opna ein prosess som heile partiet fekk vere med på.

Uansett. Historia vil for alltid vise at Hareide tapte. Han gjekk av som partileiar om kvelden etter det ekstraordinære landsmøtet. Og 22. januar 2019 vart KrF ein del av Erna Solbergs regjering.

– Eg opplevde at han var for snill, seier Erstad.

Knut Arild Hareide har takk nei til å kommentere denne saka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger