Hopp til innhold

Bettina (52) har kome seg ut av noko stadig fleire nordmenn slit med

Samtidig som færre døyr av livsstilssjukdommar i Noreg generelt, aukar delen av befolkninga med fedme og diabetes type 2, viser tal frå FHI.

Bettina Sølvi Graff

Bettina Sølvi Andersen før og etter overvektsoperasjonen. Etter operasjonen mista ho 40 prosent av kroppsvekta si.

Foto: Privat

Det ser ut som Noreg er på rett veg når det gjeld å hindra at folk døyr tidleg av ulike livsstilssjukdommar, ifølge dei nye tala til FHI.

Så langt har 17 prosent færre døydd av ein ikkje-smittsam sjukdom samanlikna med 2015. Målet er at ein innan 2030 skal ha redusert andelen med 33 prosent.

Samtidig går det ikkje i riktig retning når det kjem til folk med fedme og diabetes type 2. Her viser tala til FHI at andelen aukar, sjølv om andelen med fedme kan sjå ut til å flata ut noko.

Når det kjem til fysisk aktivitet, er det framleis berre 30 prosent av den vaksne befolkninga som når dei anbefalte, daglege måla. Det same gjeld for barna, med eit unntak.

– Det me ser er at 9-årige gutar er litt mindre fysisk aktivert, seier seniorforskar ved FHI, Ulf Ekelund.

Han seier dei er litt urolege for at ikkje fleire er meir aktive.

Les også 1 av 5 fedmeopererte kan utvikle alkoholproblem

Linn Cecilie Gjertsen

Mista ofte motet

Bettina Sølvi Andersen (52) fekk påvist diabetes type to i 2008.

– Eg har vore sjukeleg overvektig alle åra eg kan hugsa, seier ho.

Ho seier ho har prøvd ulike måtar å gå ned i vekt på heile livet. Alle utan hell.

– For meg så pleidde det å starta bra, men så mista eg litt motet.

Ho trente åleine og hadde to små barn som ho skulle ta seg av. Det blei ofte lette løysningar for middagen i ein hektisk kvardag. Det var vanskeleg å gå ned, og ofte gjekk ho berre opp igjen.

Bettina Sølvi Andersen

Bettina Sølvi Andersen er fylkesleiar i Diabetesforbundet i Agder, og leiar i Diabetesforbundet i Kristiansand. Etter overvektsoperasjonen mista ho 40 prosent av kroppsvekta si.

Foto: Privat

– Eg tenker det er mange som opplev det same, seier ho.

Det enda med at legen råda ho om å ta eit kurs som skulle førebu ho til ein overvektsoperasjon. Ho hadde fått nokon komplikasjonar på grunn av diabetesen, og hadde problem med levra.

– Eg har ikkje barnebarn endå, men det var vel ein del av tanken at på eit tidspunkt hadde det vore fint å oppleva det.

Operasjonen gjennomførte ho i 2021. Sidan har ho mista 40 prosent av kroppsvekta si. Ho slit framleis litt med lågt blodsukker, men generelt har livet blitt mykje lettare både fysisk og psykisk.

– Livskvaliteten er heilt annleis.

Ho tilråder andre å finna seg eit fellesskap, både med folk i same situasjon og andre som kan gje informasjon.

Les også Skal finne ut om studenter endrer vekt og livsstil

TEST: Torunn Sørlie testes for andre gang. Her med prosjektleder Sella Aarestad Provan.

Hjelp lite med skuldkjensle

Leiar i Landsforeininga for overvektige, Mari-Mette Graff, meiner overvekt, fedme og diabetes er eit samfunnsproblem som ikkje berre er eit individuelt ansvar.

– Det betyr ikkje at me skal begynna å peika med ein slik helsemoralistisk peikefinger. Det har me gjort i så mange år nå utan at det har ført til ei betring, seier Graff.

Ho meiner ein heller burde gjera sunn mat billegare, slik at også familiar med mindre ressursar skal kunna ta gode helseval.

– Det er fort gjort å få ei skuldkjensle viss ein har ein livsstilssjukdom, fordi ein då tenker at ein har gjort noko feil og at ein ikkje dug som menneske.

Mari-Mette Graff

Leiar i Landsforbundet for overvektige, Mari-Mette Graff.

Foto: Maria Langaard

Det er ikkje nødvendigvis lett å gå ned i vekt, seier ho. Graff råder derfor folk med fedme om å be om hjelp og støtte frå eit nettverk.

– Å gjera noko åleine er veldig krevjande.

Ho meiner også at ein må endra måten ein snakkar til barn om vekt og fysisk aktivitet.

– Det er frykta for å bli tjukk som er argumentet inn for å stimulera til fysisk aktivitet og gode kosthaldsval, i staden for den gevinsten som ligg i å kunna bevega seg fritt og ledig og gjera dei tinga ein har lyst til.

Krevjande

Generalsekretær i Diabetesforbundet, Anne-Grete Skjellanger, er ikkje overraska over tala frå FHI.

– Me ser at diabetes type to har fordobla seg dei siste 20 åra. Tala frå FHI viser at det framleis går i den retninga.

– Det er me bekymra for, seier ho.

Les også Fedme og demens: Kan spille en rolle når i livet du er overvektig

Magefett

Å gå ned i vekt er meir krevjande enn mange trur, seier Skjellanger. Dei ønsker derfor endringar på samfunnsnivå.

– Me må legga opp til eit samfunn der det er lett å vera aktiv og vanskeleg å vera inaktiv, seier Skjellanger.

Forbundet vil mellom anna at ein skal innføra sukkeravgifta igjen, legga til rette for sykling og gonge, og å ha ein folkehelsekoordinator i alle kommunar.

Skjellanger meiner det er særs viktig å redusera skilnader i samfunnet, då folk med mindre inntekt og lågare utdanning ofte har dårlegare helse.

Generelt sett meiner forbundet at ein må gje folk meir kunnskap om å leva ein sunn livsstil.

AKTUELT NÅ