Hopp til innhold

1 av 5 fedmeopererte kan utvikle alkoholproblem

Linn Cecilie Gjertsen (30) fekk alkoholproblem etter at ho la seg under kniven. No vil forskarar finne ut kvifor fedmeopererte står i faresona.

Linn Cecilie Gjertsen

TØFT: Tida etter fedmeoperasjonen blei tøff. Då blei øl ei trøyst for Linn Cecilie Gjertsen. Ho visste ikkje at operasjonen ho tok auka risikoen for alkoholmisbruk.

Foto: privat

– Før drakk eg sjeldan og likte ikkje øl, seier Linn Cecilie Gjertsen (30).

Men noko endra seg då ho 18 år gammal tok fedmeoperasjon. Ho sleit med å godta den nye kroppen og øl blei ei trøyst.

Gjertsen begynte å drikke mykje og ofte. Ho blei fortare full og begynte å like øl.

– Det blei eit problem, seier 30- åringen.

På det verste drakk ho kvar helg og kvar dag, men greidde å vere i jobb. I fleire år var det store mengder som gjekk ned.

Linn Cecilie Gjertsen opererte seg då ho var 18. Etter operasjonen blei alkohol eit problem ho sleit med i nokre år. I dag drikk ho sjeldan.

Linn Cecilie Gjertsen frå Vormsund i Viken opererte seg då ho var 18. Etter operasjonen blei alkohol eit problem ho sleit med i nokre år. I dag drikk ho sjeldan.

Gjertsen fekk aldri vite at ho og andre som er fedmeoperert har langt større risiko for å få alkoholproblem enn andre grupper.

600 opererte står årleg i faresona

Årleg tek omlag 3000 fedmeoperasjon i Noreg.

Om lag 20 prosent av pasientgruppa får alkoholproblem etterpå, noko som er ei dobling av risikoen som andre har.

Det syner ulike rapportar frå inn- og utland.

Det betyr i så fall at det kvart år er 600 nye fedmeopererte som utviklar eit alkoholproblem.

John Roger Andersen, forskar i Helse Førde, fekk nærast bakoversveis då han høyrde dei høge tala.

– Det var veldig uventa, seier han, og legg til at det også kan vere mørketal.

John Roger Andersen, forskar i Helse Førde

Forskar John Roger Andersen seier dei kjenner til at fleire behandlingsstader av rusmisbrukarar har fleire pasientar som har blitt fedmeopererte. No skal Andersen og fleire andre sjå på omfanget av problemet.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

– Det er eit overraskande høgt tal og eit stort problem, seier seniorforskar Jørgen Bramnes ved Folkehelseinstituttet (FHI).

– Vi kjenner ikkje andre grupper med så høge tal.

Det er fleire biverknader av fedmeoperasjon. Det kan vere av både fysisk og psykisk art.

Me, det er først dei siste åra at risikoen med alkohol har kome fram.

– Det er både psykologiske og fysiske grunnar til at alkohol er spesielt farleg for denne gruppa, seier Bramnes.

Fedmeoperasjon

Kvart år blir mellom 3000–4000 personar fedmeopererte. 1 av 3 er ikkje nøgde med resultatet.

Foto: Philipa Zizicca Tordrup - ABCkirurgi CAREforLIFE

For nokre av dei som blir opererte, har mat vore ei trøyst før dei la seg på operasjonsbordet. Men med innskrenkinga av magesekken forsvinn denne moglegheita.

Då kan andre typar trøyst og avhengigheit dukke opp, forklarar alkoholforskaren.

Fysisk sett verkar alkoholen annleis etter operasjonen. Når kirurgane opererer vekk store delar av magesekken, forsvinn også den delen som forsvarte kroppen mot promillen.

Les også Skjærer seg til helse

Therese Sjelmo-Nordheim

Truleg eit større problem

Magnus Strømmen, forskar ved St. Olavs hospital, seier enkelte pasientar kan oppnå 2–3 gonger høgre promille av same alkoholinntak enn dei gjorde før operasjonen.

Magnus Strømmen, forskar ved St. Olavs hospital, har forska mykje på fedmeopererte og risikoen for å få alkoholproblem.

Magnus Strømmen, forskar ved St. Olavs hospital, har forska mykje på fedmeopererte og risikoen for å få alkoholproblem.

Foto: Privat

– Når du i tillegg når toppen av rusen på halvparten av tida det tok før operasjonen, må du rett og slett endre drikkemønsteret, seier han.

Med i forskargruppa er også Torgeir Gilje Lid. Den tidlegare fastlegen blei først kjent med problemstillinga gjennom pasientar som hadde gått gjennom operasjonen.

Det er ukjent kor mange som får slike problem, men Lid seier det er «eit betydelege større problem enn ein tidlegare har trudd».

Gruppa skal også forske på kven av dei som blir opererte som står i faresona for å få eit rusproblem. Kan alder, kjønn, genetikk eller fysiologiske faktorar spele inn?

Dersom det teiknar seg eit bilete av kven som er i risikosona, kan denne pasientgruppa følgast tettare opp.

– Då kan vi gi råd og vere endå tydlegare på kven som bør få tilbod om operasjon, og kven som ikkje bør få det, seier Bramnes.

Angrar på operasjonen

Linn Cecilie Gjertsen fekk etter kvart hjelp for alkoholproblemet sitt og har i dag eit uproblematisk forhold til rus.

På bakgrunn av eigne erfaringar anbefaler ho ikkje andre operasjonen. Også fleire av vennane har fått utfordringar med alkohol etter at dei la seg på operasjonsbordet.

Linn Cecilie Gjertsen

I dag drikk småbarnsmora svært sjeldan og har eit normalt forhold til alkohol. Ho synest det er bra at temaet blir forska meir på.

Foto: Privat

30-åringen meiner det er for lite informasjon om risikoen pasientgruppa står i.

Eva Aarskaug i Landsforeningen for Overvektige seier dei er kjente med problemstillinga. Å få alkoholproblem etter fedmeoperasjon, kan bli svært tøft.

– Først møter du stigma og skam fordi du er tjukk, og så tek du fedmeoperasjon, som heller ikkje er ei enkel løysing. Når du så utviklar eit alkoholproblem etterpå, så sit det langt inne for mange å søkje hjelp, seier Aarskaug.

John Roger Andersen i Helse Førde seier det er viktig å følge opp pasientgruppa meir, både før og etter operasjonen.

Samstundes strekar Andersen under at mange fedmeopererte er nøgde med resultatet.

I ein fersk rapport frå Helse Førde seier 2 av 3 at operasjonen hadde god effekt. Men 1 av 3 svarte at dei var misnøgde eller usikre på effekten av operasjonen.