NRK Meny
Normal

Svak krone skremmer ikkje feriesugne nordmenn

Nordmenn endrar ikkje ferieplanane sine på grunn av den svake kronekursen, viser ei fersk undersøking Norstat har gjort for Finn.no.

Et fly på vei inn til landing på Gardermoen flyplass

Svak kronekurs påverkar ikkje nordmenns reisevanar, viser ei fersk undersøking.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Dette stemmer godt med tala vi har sett frå reisesidene våre. Her ser vi at talet på søk etter flybillettar har halde seg stabilt heile året. Mange brukar hausten og jula til å planleggje sommarferien neste år. Då tenkjer ein ikkje så mykje på at ferien kan bli dyrare på grunn av svak norsk valuta, seier Terje Berge, kommersiell direktør i Finn reise, til NRK.

Terje Berge er kommersiell direktør i Finn reise.

– Undersøkinga viser at færre vil reise til utlandet neste år, fortel Terje Berge, kommersiell direktør i Finn reise.

Foto: Caroline Roka

55 prosent av dei spurde seier at kronekursen ikkje betyr noko for kva dei vel når dei skal planleggje ferien neste år. Dei som svarar at kronekursen betyr noko, vurderer først og fremst andre reisemål i utlandet. Fleire menn enn kvinner svarar også at dei vel å feriere meir i Noreg som følgje av valutaendringane.

Færre utanlandsreiser

Reiseundersøkinga viser at nordmenn kjem til å reise på færre utanlandsreiser i 2016 enn i 2015. Medan 24 prosent sa dei ville nøye seg med berre ein utanlandstur i fjor, har det talet stige til 30 prosent i år.

30 prosent i aldersgruppa 60 + seier dei vil reise på tre utanlandsturar neste år, og det synest Berge er positivt for bransjen. Men hans selskap vil merke at nordmenn vil reise mindre til utlandet neste år.

– Vi behandlar rundt ein million flybillettar i løpet av året, så det er klart at vi vil merke det, seier Berge.

Undersøkinga om ferieplanar viser at New York toppar lista over nordmenns reisemål i 2016 med London på ein god andreplass. Men ein ting er planar, ein anna ting er kva dei reelle bestillingane viser.

Flest til London

– I fjor var også New York på topp, men det viste likevel at det var fleire som reiste til London. Det same ser vi med Italia. Åtte prosent seier dei vil reise til Italia, men dei reelle tala viste at berre ein prosent reiste dit. Berre ein prosent svarte i fjor at dei ville reise til Tyrkia, men realiteten viser at det berre var Spania og Hellas som hadde fleire norske reisande i år enn Tyrkia, seier Berge.

Han trur årsaka er at ein får meir for pengane i Tyrkia enn i Italia.

Berge er overraska over at så mange som 86 prosent seier at den dårlegare sommaren vi har bak oss ikkje påverkar planlegginga av ferien neste år.

– Det trur eg ikkje på. Vi har data som viser at det var labert i reisemarknaden fram til påske, og så kom den kaldaste mai på 30 år. Då tok det heilt av, så våre tal viser heilt klart at vêret betyr mykje, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger