Hopp til innhold

Greier ikkje å leggje igjen jobben

Stadig fleire av oss reiser på ferie, men det blir stadig vanskelegare å leggje igjen jobben heime. Tre gonger så mange sjekkar jobb-eposten på ferie enn for fire år sidan.

iPod og iTunes

Det blir stadig meir vanleg å sjekke jobbeposten på ferie, viser ei ny undersøking.

Foto: JACQUES BRINON / AP

Stadig fleire av oss er online i ferien.

Stadig fleire av oss er på nettet i ferien.

Foto: ROBYN BECK / AFP

Dette går fram av den store ferieundersøkinga som reisebyråkjeda Berg Hansen la fram på Reiseliv 2011 på Lillestrøm i dag. Her har selskapet Respons Analyse gjort ei brei undersøkinga av nordmenn sine ferievanar og ferieplanane for 2011.

I 2007 var det berre fem prosent av oss som sjekka eposten regelmessig i løpet av ferien, medan talet for 2011-undersøkinga er 14 prosent.

Må sjekke eposten

I undersøkinga som vart lagt fram i januar 2007 sa heile 87 prosent av dei spurde at dei ikkje sjekka jobbepost regelmessig når dei var på ferie. I undersøkinga som vart lagt fram i dag svarte 63 prosent av dei ikkje sjekkar eposten regelmessig.

Det høyrer også med til historia at dobbelt så mange menn som kvinner sjekkar eposten i løpet av ferien.

I 2007 svarte åtte prosent av dei spurde at dei tenkte på jobben når dei var på ferie, medan talet er 12 prosent i undersøkinga som vart lagt fram i dag. I 2007 svarte 85 prosent at dei ikkje tenkte på jobben under ferien, medan 60 prosent svarte det same i 2011-undersøkinga.

Og det er fleire menn enn kvinner som tenkjer jobb i ferien.

90 pst på ferie

En strand på Gran Canaria

90 prosent av oss vil reise på ferie i løpet av 2011.

Foto: ELVIRA URQUIJO / AP

Og nordmenn er ivrige ferierande. 90 prosent av oss skal på ferie i 2011. Det har ein del med økonomi å gjere. 74 prosent av familiar med ei samla inntekt på under 200.000 kroner skal på ferie, medan melom 92 og 94 prosent av dei med inntekt over 400.000 kroner skal på ferie.

I aldersgruppa 16-24 år skal 76 prosent på ferie, medan 94 prosent i alderen 35-44 år har ferieplanar i 20111. Geografisk skil det seg også litt.

Medan 93 prosent av dei som bur i Oslo og Akershus skal på ferie i 2011, er talet 87 prosent for dei som bur i Hedmark og Oppland.

Kald vinter avgjerande

Heile 86 prosent av dei spurde svarar at det faktum at vinteren 2010 har vore uvanleg kald, er avgjerande for at dei reiser på ferie. Men berre 10 prosent svarar at den kalde ferien er avgjerande for at dei reiser til ein varm stad.

Reiselivsundersøkinga viser at vi ofte har for store forventingar til ferien. 45 prosent av kvinnene oppgir at dei ofte har for store forventingar, medan det tilsvarande talet for menn er 38 prosent.

I aldersgruppa 16-24 år oppgir 70 prosent at dei har hatt for store forventingar til ferien.

10 prosent av oss oppgir at dei ofte er slitne etter ferien. For dei som har hushaldningsinntekt under 200.000 kroner oppgir 20 prosent at dei er slitne. I aldersgruppa 16-24 år er 25 prosent slitne etter ferien.

Utfordrande

10 prosent synst det er utfordrande å vere tett på familien. For dei med inntekt under 200.000 kroner i året svarar 20 prosent det same. I aldersgruppa 16-24 år oppgir også 20 prosent at dei er slitne etter ferien.

Men nordmenn kranglar ikkje meir i ferien enn elles i året. Berre fire prosent oppgir at dei kranglar meir i ferien enn elles, seks prosent av mennene og tre prosent av kvinnene.

AKTUELT NÅ