Hopp til innhold

Flyktningane i Middelhavet endrar ikkje nordmenns ferievaner

Salet av sydenreiser til Middelhavet vert ikkje påverka av flyktningstraumen i området. Salstala har tvert imot auka. Men nokre kundar stiller likevel nokre spørsmål.

Italy Migrants

Nokre unge afrikanske menn går over ei badestrand på Lampedusa, den italienske øya mellom Europa og Afrika, der talet på flyktningar går opp og talet på turistar går ned. Her er tilhøva ekstreme, men andre stader rundt Middelhavet merkar ein mindre til flyktningstraumen.

Foto: Antonio Calanni / Ap

– Me får nokre spørsmål, men det er ingen som avbestiller sine reiser. Nokre folk er kanskje litt uroa, og vil forhøyre seg om situasjonen ved reisemåla, fortel mellombels informasjonsansvarleg ved Star Tour, Mathias Bergendahl.

Star Tour med 76 prosent auke

I førre veke skreiv britiske Daily Mail om situasjonen på den populære ferieøya Kos. Turistar fortalde til avisa at flyktningar frå Syria og Afghanistan glodde på dei då dei åt, og at det vart etablert små flyktningleire på øya.

REUTERS-PICTURES30/ File photo of a would-be immigrant crawling on a beach after his arrival in Fuerteventura

Eit bilete med kontrastar. Biletet er ni år gamalt, men situasjonen er framleis den same. Ein ung mann kryp i land på ei strand på Kanariøyane. Afrikanarar har lenge tatt seg over frå Vest-Afrika til dei spanske øyene i Atlanterhavet for å søke asyl der.

Foto: JUAN MEDINA / Reuters

Bergendahl understrekar at situasjonen på langt nær er så ille som avisa skriv. Dei fleste flyktningane på Kos sit og ventar utanfor politihuset, og dei vert innlosjerte på eit hotell som er reservert for flyktningar.

Sjølv om det stort sett berre har vore dystre overskrifter frå Middelhavet dei siste månadane, så har ikkje Star Tour sett noko til det i deira salstal. I førre veke hadde dei derimot ei auke på 76 prosent, samanlikna med same veke i fjor.

Får spørsmål frå folk som vil hjelpe

Heller ikkje hos Apollo er det noko som tyder på dårlegare sal i år, samanlikna med tidlegare år.

– Me har ikkje merka noko. Det er ingen avbestillingar, og folk reiser til Hellas som aldri før, fortel kommunikasjonsrådgjevar Beatriz Rivera.

ITALY-MIGRANTS/ Rescue workers stand next to the bodies of migrants who drowned on the beach in the Sicilian village of Sampieri

Det er diverre ikkje alle som klarar seg. Her frå stranda ved landsbyen Sampieri på Sicilia i september 2013.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Ho fortel at det er fleire kundar som ringer for å spørje ulike spørsmål. Mange spør om finanskrisa, men nokon spør også om flyktningsituasjonen, mellom anna om korleis dei kan hjelpe.

– Då svarar me at dei kan bidra. I Sverige har me samla klede og medisin. Og me har avtaler med lokale organisasjonar på nokre av destinasjonane våre, og då kan folk ta med utstyr som dei vil gi bort, fortel Rivera.

REFUGEE-DAY/ Afghan migrant Rahman Jan Safi stands on the beach front in Calais, northern France

Ein ung mann frå Afghanistan står på stranda i Calais i Frankrike. Han har kome seg over Middelhavet, og nordover i Europa.

Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

Også gode cruisetal

Dei tilsette på Apollo sine cruiseskip er også trent på alle mogleg scenario, også moglege redningsaksjonar om skipet skulle treffe på ein båt med flyktningar.

Cruiseoperatør Royal Caribbean International arrangerer cruisereiser i Middelhavet, og har i likskap med reiseselskapa ikkje merka noko til endringar i salstal.

– Me har gode salstal av cruisereiser i Middelhavet i år. Det er ikkje meg kjent at me har fått tilbakemeldingar frå kundar som har reaksjonar på flyktningsituasjonen, seier pressetalskvinne Ellen Stebekk.

SISTE NYTT

Siste nytt