Hopp til innhold

Kjønnsbalansen i arbeidslivet nesten ikkje endra dei siste åra

85 prosent av oss jobbar i eit kvinne- eller mannsdominert yrke, ifølgje ny rapport. Menn er dårlegast på å velje utradisjonelt.

mannleg sjukepleiar

MANN- ELLER KVINNEYRKE? Endringane i kjønnsbalansen i arbeidslivet er berre på 2,9 prosentpoeng frå 2004 til 2014, ifølgje ny rapport.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Arbeidslivet i Norge er framleis i ein sterk ubalanse når det gjeld kjønn, viser ein ny rapport frå Institutt for samfunnsforsking.

Forsker Kjersti Misje Østbakken

FORSKAR: Kjersti Misje Østbakken ved Institutt for samfunnsforsking har lagt fram rapporten som viser at vi framleis vel svært tradisjonelt.

Foto: Fotograf Carsten Muller

– Det betyr at dei fleste av oss arbeider i yrke som er dominert av sitt eige kjønn, og eit fåtal i yrke som er balanserte, seier Kjersti Misje Østbakken, som har arbeidd med rapporten.

Den viser at endringane i kjønnsbalansen i arbeidslivet berre er på 2,9 prosentpoeng frå 2004 til 2014, som er dei siste åra ein har tal på.

– Det er nokre ting som går i retning av meir likestilling spesielt blant yngre, men dette går sakte.

Kvinner i det offentlege, menn i privat sektor

Mange kvinner er i, eller søkjer seg til offentleg sektor spesielt i den tida ein får barn. Dette gjer at det har vore ein sterk overrepresentasjon (66 prosent kvinner) i det offentlege dei siste ti åra.

30 prosent av kvinnene må over til privat sektor, og menn må velje meir utradisjonelt, skal ein få ein større kjønnsbalanse.

– Kvinner er noko betre enn menn på å gå inn i mannsdominerte utdanningar og yrke, men menn tek i mindre grad utradisjonelle val, forklarer forskaren.

Unge og innvandrarbefolkninga går føre

Ifølgje rapporten er det mange eldre arbeidstakarar som er i typiske kvinne- og mannsdominerte yrke. Mange unge følgjer også i dei same spora, men enkelte vel utradisjonelt.

mannleg sjukepleiar

SJUKEPLEIAR: Simen Bendik Wilberg (33) trivast godt som sjukepleiar, men kunne gjerne tenkje seg fleire mannlege kollegaer.

– Eg visste først ikkje kva eg ville gjere etter vidaregåande, men etter ei tid i saniteten i militære fekk eg auga opp for sjukepleiaryrket, seier Simen Bendik Wilberg som arbeider som sjukepleier på Aker sjukehus i Oslo.

Han er den einaste mannlege sjukepleiaren på si avdeling, men har fleire mannlege kollegaer i andre avdelingar.

– Det fungerer heilt greitt, sjølv om ein i blant saknar nokre mannlege kollegaer.

Han meiner betre arbeidskår og løn er avgjerande for å rekruttere fleire menn til yrket.

– Om ein samanliknar for eksempel med ingeniørar, så tenar dei ein god del meir, sjølv om utdanninga er like lang, seier han og legg til at betre kjønnsdeling er bra både for arbeidsmiljøet, men også for pasientane.

Ifølgje rapporten frå Institutt for samfunnsforsking bidrag også innvandrarbefolkninga i Norge til noko meir kjønnsbalanse på ulike arbeidsplassar.

Vel retning i ung alder

Østbakken ser at val av utdanning og yrke ofte skjer i ung alder.

– To tredjedelar av kjønnsdelinga som vi har på arbeidsmarknaden i dag kan forklarast av kjønnsdelte val i utdanningsløpet. Da hjelper det ikkje berre å få kvinner til å velje yrke som er mannsdominerte, det må også vere omvendt.

SV meiner svaret ligg i rådgjevingstenesta i skulen og tek til ordet for kompetanseheving blant dei som rettleiar unge vaksne.

Freddy Øvstegård, Østfold SV

SKULEN: Freddy André Øvstegård i SV meiner skulane ikkje må vere redde for å velje utradisjonelt.

Foto: Sara Vilde Solås/NRK

– Det finst framleis gamle haldningar i skulen på kva utdanning som passar for kvinner og kva som passar for menn. Derfor vil vi styrke kompetansen i ungdomsskulane, seier likestillingspolitisk talsperson i SV, Freddy André Øvstegård.

– Er det ikkje naturleg at menn og kvinner vel noko ulikt, kvifor må ein endre på det?

– Problemet er at ein sit igjen med ein kvinne- og ein mannsdominert del av arbeidsmarknaden, noko som blant anna går ut over likeløna. Og så handlar det om unge sin fridom til å velje dei yrka ein faktisk ynskjer, seier han.

Kvinners og menns yrkesmobilitet (2004–2014):

Tabell for kvinne- og mannsdominans i arbeidslivet
Foto: Institutt for samfunnsforsking

AKTUELT NÅ