Det er få dagar igjen til avgangselevane ved danselinja på Edvard Munch vidaregåande skule i Oslo skal ha førestilling.
I dansesalen på Edvard Munch vidaregåande skule gjer elevane ved 3. trinn seg klare for førestilling.
Foto: William Jobling / NRKI to skuleår sat dei heime og lærte å danse gjennom ein PC-skjerm.
– Danseundervising på teams er med skjerm i senga eller på ein stol, medan du prøver å følge det som skjer på skjermen som blir direktestrøymd frå klasserommet, fortel avgangselev Elvira Gomez Snerte.
– Eg hugsar at eg synest det var utruleg vanskeleg å ha undervising på eit rom på 9 kvadratmeter med seng og 100 møblar, held ho fram.
Raudt nivå
Den siste runden med raudt nivå ved vidaregåande skular var ikkje i tråd med helsefaglege råd. Dette kom fram i koronautvalet sin rapport som blei lagt fram fredag.
Raudt nivå blei innført fordi det ikkje var nok sjølvtestar, men dette blei ikkje kommunisert godt nok ifølge utvalet.
Sjølv om utvalet konkluderer med at norske myndigheiter samla sett handterte pandemien på ein god måte, kom dei med kritikk av nokre av tiltaket til regjeringa.
Utvalet meiner mellom anna at barn og ungdom blei uforholdsmessig hard ramma under pandemien.
– Barn og unge bar ein uforholdsmessig høg del av byrda
SV ønskjer no at Støre forklarar seg for Stortinget om koronautvalet sin rapport.
– Barn og unge bar ein uforholdsmessig høg del av byrda. Det ser vi jo i ettertid. Vi stiller også spørsmål ved den første stenginga av vidaregåande skule, seier SV-leiar Kirsti Bergstø til NRK.
Kirsti Bergstø frå SV er medlem av arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.
Foto: William Jobling / NRK– Vi ønskjer derfor at denne rapporten skal bli presentert for Stortinget. At vi skal få moglegheit til å diskutere han, og trekke lærdom frå han, legg ho til.
Frp og Høgre støttar også eit koronaetterspel i Stortinget.
– Det har kome ny informasjon til Stortinget som vi ikkje var klare over den gongen. Regjeringa sa at det var helsefaglege grunnar til å stenge ned skulane, også viste det seg at det var andre grunnar, seier Peter Frølich frå Høgre.
Stortingsrepresentant Peter Frølich frå Høgre.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Vi forstår kvifor SV vil ha ei utgreiing, men vi føretrekker at dette kjem i form av ei stortingsmelding, legg han til.
Ønskjer ei produktiv gransking
For generasjonen som ikkje kunne klemme, og måtte lære å danse framfor ein PC, er det viktigaste at ein kan dra lærdom frå pandemien.
Elvira Gomez Snerte håpar at ein kan dra lærdom frå pandemien.
Foto: William Jobling / NRK– Eg trur ein kan lære mykje av det. Men då må ein også ha ein intensjon om å ønskje å gjere endringar. Ikkje berre granske for å granske, seier Gomez Snerte.
– Då må det vere ei produktiv gransking, avsluttar ho.