Arbeidarpartiet går tilbake 1,8 prosentpoeng til 30,5 prosent. Saman med SV si svekte stilling gjer dette at det er eit stort borgarleg fleirtal på målinga.
SV får ein oppslutnad på 5,7 prosent på målinga, ein tilbakegang på 2,1 prosentpoeng sidan mai-målinga. SV-leiar Kristin Halvorsen er ikkje nøgd med tala, men seier at ho ikkje angrar på at partiet gjekk inn i regjeringa.
Venstre og Lars Sponheim er større en SV på ei ny måling. (Scanpix-foto)
Høgre har størst framgang, med 2,2 prosentpoeng, og får 13,9 prosent.
Dei fire partia SV, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre er omlag jamstore, eller jamsmå, om ein vil. Det spesielle denne gongen er at Venstre er størst av dei fire, med sine 6,4 prosent.
Framstegspartiet ser ikkje ut til å teke skade av den sterke kritikken om pengebruk i det siste. Partiet går berre svakt attende og er så nær som jamstort med Arbeidarpartiet med 30,4 prosent.
Det er partiformann Siv Jensen svært nøgd med.
Framstegspartiet og Arbeidarpartiet er i ei klasse for seg når det gjeld oppslutnad med sine tretti prosent.
Og det er Framstegspartiet som er lokomotivet i det borgarlege fleirtalet denne målinga syner - på 97 mot dei raud-grønes 72 mandat dersom dette hadde vore stortingsval.
På tredjeplass blant partia kjem Høgre. Og det er Høgre som har størst framgang av alle parti på denne målinga, med 2,2 prosentpoeng. Dermed er partileiar Erna Solberg også nøgd, sjølv om oppslutnaden er på berre 13,9 prosent.
For Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet er det berre små endringar. Dei får 5,3 og 5,2 prosent. Med SV nede i dumpa har me no fire omlag jamsmå parti, SV, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.
Og det oppsiktsvekkjande på denne målinga er at det er Venstre som er størst av dei fire, med ein framgang på 1,9 prosentpoeng til 6,4 prosent.
Jens Stoltenberg og Siv Jensen er jamnstore på den siste meiningsmålinga frå Norstat. (Scanpix-arkivfoto)