Hopp til innhold

Støre: – Noreg skal nå to prosent-målet innan 2026

Noreg skal bruke 11 milliardar meir på Forsvaret dei neste åra, for å nå nær ti år gammalt Nato-mål.

Sanitetskompaniet på Skjold. Tatt 2.mai
Foto: Pål Hansen / NRK

– Vi legg i dag fram ein plan for å bruke minst 2 prosent av BNP på forsvar innan 2026, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Målet om å auke forsvarsbudsjettet skal meldast inn for Noreg sine allierte på Nato-toppmøtet i Vilnius i juli, saman med ein plan for korleis regjeringa skal nå målet.

– Vi må sette oss mål som er naudsynte og realistiske, og den diskusjonen skal vi delta i fram til møtet i Vilnius, seier Støre.

Noreg har til no vore eitt av landa som ikkje har hatt ein konkret plan for korleis ein skal nå målet. Med aukande inntekter til staten etter krigen i Ukraina meiner statsministeren prosentmålet er krevjande.

– Vår økonomi gjer det meir krevjande å styre etter prosentmål. I år med ekstraordinært høge inntekter så må vi halde ein kurs. Vi vil ha langsiktig planlegging og opptrapping, seier Støre.

Pressekonferanse om styrking av Forsvaret

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier Noreg over tid har brukt mindre pengar på forsvaret som forsikringspremie.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Stort etterslep

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum peika på at målretta investeringar i Forsvaret vil tene Noreg godt.

– Over tid har vi brukt mindre pengar på samfunnet sin forsikringspremie, det er det forsvaret er. Etter februar 2022 ynskjer vi å styrke vårt nasjonale forsvar og vår nasjonale evne til å forsvare oss sjølve og våre allierte, seier Vedum.

Krigen i Ukraina har med det sett fart på regjeringa sine planar om å nå det vedtatte Nato-målet.

– Situasjonen i Forsvaret og tryggleikssituasjonen har gjort at vi må omprioritere, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Cold Resposne

Noreg trente med allierte under NATO-øvinga Cold Response i mars 2022.

Foto: Didrik Linnerud Arnesen / Forsvaret / NTB

Gram seier at forsvaret skal få 11 milliardar kroner meir innan 2026, med ei årleg auke på 3,6 milliardar kroner.

Prognosen for BNP framover er likevel usikker, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Press frå Nato

Noreg brukar i dag for lite pengar på forsvar, ut frå det Nato forventar frå medlemslanda. I 2014 vedtok forsvarsalliansen eit mål om at medlemslanda innan 2024 skal bruke minst 2 prosent av BNP på forsvaret.

I oktober 2022 la regjeringa fram statsbudsjettet, der dei løyva Forsvaret 75,8 milliardar kroner. Det er ei auke på nær 10 prosent frå året før, mykje grunna i krigen i Ukraina.

– Behovet for militær støtte til Ukraina er naudsynt, omfattande og tidskritisk. Dette er eit budsjett der vi styrkar Forsvaret og samstundes stiller opp for Ukraina, sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram då.

Les også Styrker Forsvaret med 6,8 milliarder – det meste brukes i Nord-Norge

Betty Strand instruerer andre HV-17-soldater i bruk av panserbekjempende våpen.

USA, som sjølv bidreg med størstedelen av Nato sine medlemsbidrag, har vore ein sterk forkjempar for målet om å auke investeringane i dei europeiske landa.

I år ligg Noreg an til å bruke 1,43 prosent av BNP på forsvar, som er 32 milliardar kroner unna Nato-målet om å bruke 2 prosent, skriv VG.

I februar starta samtalar mellom forsvarsministrane i Nato om nye kapasitetsmål internt i alliansen.

– Per innbyggar bruker Noreg mest på forsvar etter USA i Nato. Men vi er eitt av landa som ikkje har hatt ei plan for å nå toprosentmålet. Det har vi nå, heldt fram Støre.

Russland sin invasjon av Ukraina har skjerpa behovet for meir forsvar og avskrekking, ifylgje Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg.

I 2022 brukte Noreg 1,57 prosent, og fall med det under målet. Det viser Nato sin årsrapport. Noreg fekk i løpet av året rekordhøge inntekter frå olje- og gassnæringa, samt dei høge straumprisane som gjorde forsvarsdelen mindre.

Ventar på ekspertråd

Med dagens pressekonferanse kjem regjeringa i forkant av råda dei sjølve har bede om å få frå både Forsvarskommisjonen og Totalberedskapskommisjonen.

Forsvarskommisjonen sitt mandat er å vurdere dei ulike vala Noreg kan ta for å best mogleg vareta norsk tryggleik.

Leiaren av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Ine Eriksen Søreide, reagerer på tidspunktet for framlegginga.

– Regjeringa har sjølv sett ned Forsvarskommisjonen, som skal legge fram sin rapport i morgon tidleg. Det er tydeleg at regjeringa prøver å kome kommisjonen i forkjøpet, seier Søreide.

Tidlegare statsråd og statsforvaltar Knut Storberget leiar arbeidet med å vurdere forsvaret sine val i eit 10–20 års perspektiv.

Les også Klimaendringer kan tvinge Forsvaret til å ha vinterøvelser i simulatorer

Arctic Bolt 2022. Forsvaret.

Dei 17 medlemmane er ulike fagekspertar, politikarar og partane i arbeidslivet. Kommisjonen blei sett ned desember 2021 av dåverande forsvarsminister Odd Roger Enoksen.

Månaden etter sette regjeringa ned Totalberedskapskommisjonen, som ser på dei samla beredskapsressursane i Noreg.

Med tidlegare forsvarssjef Harald Sunde ved roret skal kommisjonen identifisere styrkar og svakheiter ved dagens beredskapssystem.

Forsvarskommisjonen legg fram sin rapport allereie onsdag 3. mai.

Treng fleire soldater

Ordførar i forsvarskommunen Målselv i Indre Troms, Bengt-Magne Luneng, er spent på kva forsvarskommisjonen kjem til å legge fram på onsdag.

– Eg har fått veldig lite signal på kva de kjem til å si. Eg håper de peiker i ein god retning for ein langsiktig utvikling av forsvaret framover, seier han.

Ordføraren meiner aukinga på 11 milliardar er ein milepæl for forsvaret, men han etterlyser fleire soldatar.

Sanitetskompaniet på Skjold. Tatt 2.mai

Bildet er tatt under ein øving ved Skjold militærleir i Målselv kommune i Indre Troms i Troms og Finnmark fylke, tysdag 2. mai.

Foto: Pål Hansen / NRK

– Hæren må få et løft, vi trenger både fleire soldatar og fleire tilsette. Hæren har ikkje fått nokre satsingar på mange år. Eg tenker at det no er på tide å gjere noko med de som skal stå på bakken og i front for å forsvare landet vårt, seier Luneng til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger