Hopp til innhold

Støre krev permitteringsløysing – truar med å tvinga regjeringa

Erna Solberg seier nei til å endra permitteringsreglane inntil vidare. Jonas Gahr Støre krev ei løysing etter møtet fredag. Om ikkje, grip Stortinget inn.

Jonas Gahr Støre og Erna Solberg.

KONFLIKT: Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) er ueinige om kva som skal skje med permitteringsordningane etter 1. oktober.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen opplyste til NTB måndag at han skal møta partane i arbeidslivet fredag, men at han framleis ynskjer å fasa ut dagens ordningar i oktober.

– No får vi sjå på fedag, men det er heilt tydeleg frå vår side at om ikkje regjeringa viser nokon vilje til å finna ei løysing her, så får Stortinget ta ansvar. Det har vi gjort før, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Ueinige om løysing

1. oktober går ordningane for permitterte under pandemien ut. Rundt 80.000 nordmenn kan då få kutt i dagpengane.

Regjeringa har sagt at dei vil prioritera andre tiltak for å få folk tilbake på jobb.

– Fullt fokus må no vera å sørgja for at vi får folk i jobb, og sørgja for at vi får arbeidskraft til dei sektorane som manglar arbeidskraft, seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK tysdag.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg vil venta til møtet fredag.

Foto: Lise Åserud / NTB

Opposisjonen har på si side sagt at dei vil få på plass ei forlenga ordning. Også Frp bekrefta at dei ynskjer ei forlenging av ordningane.

– No er vi på oppløpssida av pandemien, og Frp vil ikkje sitja stille og sjå på at mistar arbeidsplassar som kunne vore redda. Difor meiner vi at vi må ha ein bransjespesifikk utviding av permitteringsordninga, sa stortingsrepresentant Erlend Wiborg (Frp) tidlegare til NRK.

Truar med å overkøyra regjeringa

Raudt bad presidentskapet om å hasteinnkalla Stortinget.

Tysdag bestemte eit samrøystes presidentskap at det ikkje er behov for å hasteinnkalla Stortinget for å behandla ei forlenging av koronareglane for permittering.

– Sidan det no er kjent at regjeringa har kalla inn partane i arbeidslivet til drøfting allereie på fredag, meiner eit samrøystes presidentskap at det no ikkje er behov for eit stortingsmøte, seier stortingspresident Tone Trøen til NRK.

Tone Trønen

Tone Trøen, stortingspresident.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Stortinget har sagt at dei vil gjera det same som regjeringa gjer – venta til møtet mellom Røe Isaksen og partane i arbeidslivet, svarar statsministeren på spørsmålet om ho ikkje må vera lydhøyr for fleirtalet i Stortinget.

Ifølgje Jonas Gahr Støre er dette Torbjørn Røe Isaksen sin siste sjanse til å finna ei løysing.

Jonas Gahr Støre

Ap-leiar Jonas Gahr Støre krev ei løysing etter møtet fredag.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Eg meiner at han her har ei moglegheit. Det er ned norske modellen på sitt aller beste. Å setja seg ned med partane å finna ei løysing, seier han.

– Tiltaka skal vara så lenge krisa varer. Om dei ikkje viser vilje til det, så kjem Stortinget saman og tar avgjerda, legg han til.

AKTUELT NÅ