– I forhold til effekten blir denne medisinen for dyr. Vi vil gjerne ha legemiddelet Nivolumab i bruk her i landet, men då må prisen ned, seier leiar for Beslutningsforum for nye metodar, Lars Vorland, til NRK.
– Forstår kritikken
Lars Vorland er leiar for Beslutningsforum for nye metodar.
Foto: Siv Eli Vuolab / NRKNivolumab (Opdivo) er eit legemiddel som kan gi svært sjuke pasientar i snitt seks til ni månader ekstra tid å leve, ifølgje analysar gjorde av Statens legemiddelverk.
Lars Vorland forstår dei som kritiserer avgjerda, men minner om at dei har ei økonomisk ramme dei må halde seg til. Skal ein så dyr medisin inn, så vil det gå ut over andre pasientgrupper.
– Konsekvensane av å seie ja blir for store, fordi det vil gå ut over andre pasientgrupper. Det kostar ein tresifra millionsum berre for dette legemiddelet, seier Vorland. Han håpar at det skal vere mogleg å få ned prisen ved å gjennomføre ein tilbodsrunde der også ein annan liknande kreftmedisin er med.
– Fekk nytt håp
Filmskaparen Helga Fjordholm fekk diagnosen lungekreft for eit halvt år sidan. Ho fortel at ho fekk nytt håp då ho høyrde om den nye medisinen. I dag får ho cellegiftbehandling, og i motsetnad til mange andre så toler ho denne behandlinga bra, Det betyr at ho kan fungere nesten som normalt i dagleglivet, sjølv om ho er sjukmeldt.
Helga Fjordholm er skuffa over at legemiddelet Nivolumab ikkje blir tilbode lungekreftpasientar her i landet.
Foto: Kortfilmfestivalen– Eg er i eit behandlingsprogram akkurat no, så det hadde kanskje vore for tidleg med Nivolumab for meg. Men prognosane mine er ikkje gode på lang sikt. Eit legemiddel som ikkje bryt ned kroppen og kan forlengje livet vesentleg lenger enn cellegift og strålebehandling er viktig i ein slik situasjon, seier ho.
No set Helga Fjordholm sin lit til at tilbodsrunden mot legemiddelselskapet skal få ned prisen, slik at lungekreftpasientar som henne kan få tilbodet, trass i at Beslutningsforum sa nei i dag. Ho har ikkje gitt opp håpet.
Det er mogleg å få behandling med dette legemiddelet på private sjukehus, men prisen er altfor høg for dei aller fleste. Helga Fjordholm har høyrt at det kan koste opp til to millionar kroner for eitt års behandling.
Godkjent for føflekkreft
Nivolumab (Opdivo) er godkjent av Beslutningsforum til bruk for pasientar med føflekkreft, men blir altså ikkje godkjent for menneske med lungekreft. Årsaka er at effekten er langt betre for dei som er ramma av føflekkreft.
– Mange kan leve lenge med føflekkreft når dei får denne medisinen, og nokre kan også bli heilt friske. Hos dei med lungekreft er det ikkje snakk om å bli friske, det er berre ei utsetjing, fortel Lars Vorland.