Hopp til innhold

Hit kjem offera for æres­krimin­alitet: – Vi er deira valde familie

Æreskriminaliteten har auka, har ein ny NRK-dokumentar avdekka. I eit bukollektiv tek dei i mot kvinnene som har brote ut av familien sin.

bokollektivet-politikere-250124

UAKSEPTABELT: Tonje Brenna (Ap) og Kjersti Toppe (SV) på besøk i eit bukollektiv for personar som har opplevd negativ sosial kontroll.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Bukollektivet har hemmeleg adresse og strenge tryggingstiltak. Hit kjem dei som har flykta frå familien sin på grunn av negativ sosial kontroll.

Dei fleste av dei er kvinner, og mellom 19 og 21 år. Her får dei bu i ni månadar for å stable livet på beina igjen. Så skal dei klare seg sjølve.

– Dei fleste treng den tida for å lande og for å finne ut korleis dei skal leve livet sitt når dei kan bestemme sjølv, seier Kristin Mettenes, leiar for bukollektivet.

bokollektivet-politikere-250124

Kristin Mettenes er leiar i bukollektivet. Her får personar som er utsett for æreskriminalitet bu i opp til ni månadar.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Tilbodet har eksistert sidan 2007 og har laga eit nettverk av dei som har vore innom der opp gjennom åra. Det har blitt ein viktig familie.

Denne veka har NRK publisert dokumentarserien «Brennpunkt: Ære» som rettar søkelyset mot æreskriminalitet, negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og æresrelatert vald i Noreg.

Her kjem det fram at det har vore ein auke i æresrelatert kriminalitet.

NRK har undersøkt kor mange som har blitt dømd for tvangsekteskap i Noreg dei siste åra. Svaret på det er null.

14 år gamle «Rawa», til dømes, fekk reise på tur til Irak på barnevernet si rekning. Ho kom heim gift og gravid.

Dei som klarar å bryte ut av desse familiane, kjem kanskje til Mettenes i bukollektivet.

– Vi må ha dei midlane vi treng til å gjere jobben vår. Vi blir deira valde familie. Det må vi ta på alvor.

Les også Barnevernet sponset tur til Irak – 14-åringen kom hjem giftet bort og gravid

Illustrasjon av bryllupsbildet2

Statsrådane reagerer sterkt

– Det er litt slik at ein ikkje trur det før ein ser det. Det er heilt uakseptabelt og hjarteskjerande å sjå at born og familiar har det slik, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Ho og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna var på besøk hos bukollektivet torsdag. Dei reagerer sterkt på NRK-dokumentaren.

– Det er heilt uakseptabelt at familiar og folk som er tett på born og unge skal behandle ungane sine på den måten. Slik skal det ikkje vere, seier Brenna.

bokollektivet-politikere-250124

UAKSEPTABELT: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) seier det blir gjort mykje for å hindre æreskriminalitet.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

I budsjettet for 2024 ga regjeringa 100 millionar kroner til opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Her er det løyvd ressursar til mangfaldsrådgivarar, kompetanseteam mot negativ sosial kontroll, og æresrelatert vald.

Det er også løyvd pengar til bu- og støttetilbod til utsette personar over 18 år.

Desse millionane blei lagt fram i desember, og er dei same som skal dekke mellom anna omvendt valdsalarm.

– Det har blitt lagt ned stor innsats over veldig mange år både med tanke på lovgjeving og førebyggande innsats. Innsatsen som har blitt gjort skal ikkje undervurderast, seier Brenna.

– Det har skjedd mykje, men vi må gjere enda meir. Det vi kan ta sjølvkritikk på er at vi må vere enda meir tydelege på at æreskriminalitet faktisk skjer, seier Toppe.

Les også Ingen dømt for tvangsekteskap siste 8 år

Jasmina Holten og Astri Johanne Holm

Høgre vil ha full gransking

Men dette er ikkje nok, meiner Høgre. Torsdag varsla dei ei full gransking av æreskriminalitet.

– Ofra for æresrelatert kriminalitet skal vite at vi er på deira side. Nok er nok, sa innvandringspolitisk talsperson Mari Holm Lønseth (H).

Mari Holm Lønseth, innvandrings- og integreringspolitisk talsperson for Høyre. Sitter i Kommunal- og forvaltningskomiteen.
Møter NRK i forbindelse med æreskriminalitet.

Mari Holm Lønseth, innvandringspolitisk talsperson i Høgre, har fremma eit forslag i Stortinget om ei full gransking for å kunne førebygge og avdekke det som handlar om tvangsekteskap, negativ sosial kontroll og æresvald.

Foto: Ingvill Dybfest Dahl

Dei ber regjeringa sette ned ein offentleg kommisjon for å undersøka æreskriminalitet.

– Vi må gjere meir for å knuse det brutale kontrollregimet mange, særleg kvinner og born med minoritetsbakgrunn, lever under i dag.

– Eit problem vi vil utslette

Regjeringspartia er einige i at dette er eit problem ein må ta tak i.

– Heilt openbert er dette eit problem vi vil utslette. Eg er heilt overtydd om at vi kan få til meir i fellesskap. Regjeringa er allereie i gang med mykje av det Høgre foreslår, seier Brenna.

Men om regjeringa ønsker ein æreskriminalitetkommisjon, svarar ikkje Brenna på.

bokollektivet-politikere-250124

– Det er familiar som utsett familiemedlemmar for skadelege ting. Det er ulovleg.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Har samfunnet gjort nok når dette framleis skjer?

– Samfunnet gjer ei rekke ting. Dette er familiar som utsett familiemedlemmar for skadelege ting. Det er ulovleg. Så samfunnet har sagt tydeleg frå om at her går grensa, seier Brenna.

Ho peiker på at hjelpetilboda finst, men at det må vere tydeleg for dei som treng dei kvar dei kan finne dei.

– Når det skjer slike ting så har vi svikta. Målet at det ikkje skal skje. Så slik sett er eg einig med Høgre om at vi må gjere meir, seier Toppe.

Her kan du sjå første episode av dokumentarserien «Brennpunkt: Ære».

Politioverbetjent Jasmina prøver fortvila å redde to unge nordmenn frå å bli tvangsgifte. Samtidig er «Nora» på flukt frå foreldra.

Politioverbetjent Jasmina prøver fortvila å redde to unge nordmenn frå å bli tvangsgifte. Samtidig er «Nora» på flukt frå foreldra.

AKTUELT NÅ