Slik påverkar børsfallet deg

Børsen stuper på grunn av koronaviruset og oljeprisfall. Det vil truleg føre til høgare arbeidsløyse, lågare lønsvekst og fall for aksjefond.

Børsen

BØRSEN STUPER: Oslo Børs starta måndag med eit fall på over 12 prosent, før nedgangen stabiliserte seg på rett over sju prosent.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

SISTE: Børsen i New York gjekk i kveld på den verste smellen sidan finanskrisa. Industriindeksen Dow Jones stupte 7,8 prosent, det største fallet sidan desember 2008. Den breie S&P 500-indeksen falt 7,5 prosent medan teknologiindeksen Nasdaq sank 7,3 prosent.

Tidlegare i dag falt Oslo Børs 8,1 prosent.

Administrerande direktør i Norsk industri, Stein Lier-Hansen, fortel at børsfallet vil føre til permitteringar og moglegvis at folk får sparken om ting held fram som i dag

– Det vil føre til aukande grad av permitteringar blant anna. Tar dette lang tid, vil det og føre til oppseiingar og nedbemanning, svarar Hansen.

Vil gå utover norske lønningar

Lønsoppgjeret, som er dei årlege lønnsforhandlingane mellom norske arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar byrjar no i starten av mars.

Industriarbeidarar forhandlar alltid først om lønsauke sidan dei jobbar i verksemder som er særleg sensitive for internasjonal konkurranse og økonomi. Deira lønsoppgjer fungerer som eit tak for andre lønstakarar når dei skal forhandle om løn.

I fjor auka norske løningar med 3,4 prosent, og Fellesforbundet uttalte 18. februar at dei ville krevje ei lønsvekst på nærare fire enn tre prosent.

I kjølvatnet av uroa på børsane og oljeprisfallet må arbeidstakarar truleg rekne med å bite i det sure eplet, fortel Hansen.

Eg ser for meg eit lønsoppgjer som er godt ned på to prosent i auke i forhold til kva vi snakkar om i kroner og ører.

Stein Lier Hansen

MÅ BITE I DET SURE EPLET: Administrerande direktør i Norsk industri, Stein Lier-Hansen, fortel at børsfallet vil føre til permitteringar og moglegvis at folk får sparken om ting held fram som i dag.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Vert lønnsoppgjeret avlyst for å hindre spreiing av viruset, vil truleg lønnsoppgjeret frå 2019 bli vidareført, fortel Hansen.

Det vil seie at løna vil vere akkurat som i fjor.

Arbeidsløysa vil kunne gå opp

Mange bedrifter vil kunne oppleve svakare aktivitet no, noko som og vil kunne føre til ein svakare arbeidsmarknad, altså at arbeidsløysa vil gå opp, seier sjeføkonom i DNB, Kjersti Haugland.

Ho trur arbeidsledige personar vil slite meir med å finne seg jobb om den økonomiske situasjonen held fram som i dag.

SJÅ VIDEO: Dette betyr børsfallet for lommeboka di.

– Det vert truleg ein vanskelegare arbeidsmarknad for dei som er på jobbjakt. Har du huslån vil du derimot kunne spare pengar, fortel Haugland.

For dei som allereie har store huslån vil rentekuttet som truleg kjem føre til lågare rentekostnadar, seier ho.

Personar som planlegg å reise til utlandet eller som kjøper varer frå utanlandske nettbutikkar vil merke at varer og tenester har blitt dyrare over natta.

– Det har blitt mykje dyrare, seier Haugland.

Kjersti Haugland

TRUR ARBEIDSLEDIGE VIL SLITE MEIR: Det vert truleg ein vanskelegare arbeidsmarknad for dei som er på jobbjakt, fortel sjeføkonom i DNB, Kjersti Haugland.

Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix

– Djupt urovekkande for oss

Sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum, er svært bekymra for korleis kombinasjonen av koronaviruset og priskonkurransen mellom Russland og Saudi-Arabia vil påverke norsk økonomi.

– Noreg er ein liten open og oljeavhengig økonomi. Dette er djupt urovekkande for oss, seier han.

Industrien vil merke at det går treigare i internasjonal økonomi, og dette vil ligge som ei mørk sky over lønsforhandlingane, spår Dørum.

Han trur fallet i verdsøkonomien vil kunne føre til høgare arbeidsløyse.

– Om OECD får rett i sitt såkalla dominoscenario, der veksten i verdsøkonomien vert halvert, så vil dette føre til lågare vekst i sysselsetjinga og høgare arbeidsløyse enn det vi har sett for oss til no, svarar Dørum.

Sjeføkonom Øystein Dørum i NHO

FRYKTAR HØGARE ARBEIDSLØYSE: Sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum, er bekymra for korleis kombinasjonen av priskonkurranse vil påverke norsk økonomi.

Foto: Moment Studio/ NHO

– Heller eit godt tidspunkt å kjøpe aksjar

Professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, Ragnar Torvik, fortel at frykta for koronaviruset er så sterk, at folk endrar åtferda si ved å slutte å reise, bestille hotell og fly og oppsøke stader der det er mykje folk, som kjøpesenter og restaurantar.

Det får igjen konsekvensar for de som har investert i aksjar og fond.

Torvik trur mange vil tole fallet og bør vere forsiktige med å selje seg ut no.

Sjefstrategen i Sparebank 1, Petter Hermanrud, tilrår det same.

– Det lønner seg vanlegvis å sitje roleg i båten og spesielt når aksjen har falle mykje, det er mest sannsynleg heller eit godt tidspunkt for å kjøpe aksjar, seier han.

akjsemøtet, Petter Hermanrud

– SITT ROLEG I BÅTEN: Sjefstrategen i Sparebank 1, Petter Hermanrud, seier folk flest må rekne med mindre lønnsvekst i år som følgje av børsfallet på måndag.

Foto: Ida Marie Stokkelien / NRK

Torvik seier at norske aksjar får ein ekstra smell, fordi det er så mange selskap i den norske børsen som er utsett for svingingar frå oljesektoren.

– Viss du har investert i Noreg får du ein dobbel smell. Alle aksjane i den norske børsen får smellen av både verdsøkonomien og oljeprisen.

Kva med alle som skal ta ut pensjon om et par år?

Folk som har pengar i private pensjonsfond vil kunne tape litt, men ikkje så mykje, fortel Professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, Ragnar Torvik.

Dei som har spart pensjon i aksjemarknaden for fond vil få godt betalt i dag, sidan det har vore veldig høg avkastning dei siste åra, fortel han.

– Så vi skal ikkje overdramatisere dette fallet i et litt lengre perspektiv.

Ragnar Torvik er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU i Trondheim.

OPPFORDRAR FOLK TIL Å IKKJE SELJE: Professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, Ragnar Torvik.

Foto: Therese Lee Støver / NTNU

Status Norge

Sist oppdatert: 25.05.2020
8352
Smittet
40
Innlagt
235
Døde

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger