Hopp til innhold

Slik blir Støres nye liv som statsminister

Det blir store endringar i kvardagen til Jonas Gahr Støre når han blir statsminister. Livvakter vil følgje han på private ferieturar i utlandet og han kan flytte gratis inn i det som truleg er landets tryggaste hus.

pTGSix5T9mA

BESKYTTA: I valkampen har Støre hatt følgje av PSTs livvakter. No når han blir statsminister blir sikkerheitstiltaka trappa opp.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Det er få andre jobbar som kan måle seg med ansvaret og makta til ein statsminister. Men i byte med dette må ein regjeringssjef gi avkall på fritid og privatliv.

No har rett nok Jonas Gahr Støre (61) levd eit travelt liv som opposisjonsleiar, men endringane i Støre sin nye kvardag som statsminister blir likevel mange:

Må flytte til statsministerbustaden

Erna Solberg står på verandaen i statsministerbustaden når vi stiller spørsmålet: «Dersom Støre skal flytte inn her, kva vil du trekke fram som det beste?»

Det er få timar igjen til valresultatet er klart. Klokka er 17.36 på valdagen, måndag 13. september. Den noverande statsministeren har nettopp sett på ei maskin med klede. Ho må vaske dei sjølv.

Erna Solberg

Noverande statsminister Erna Solberg (H) møter NRK på verandaen i statsministerbustaden på valdagen.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Det er god plass her. Det er veldig fint, svarer ho på spørsmålet om kva som er det beste med den 670 kvadratmeter store residensen som ligg fint plassert bak Slottet.

Men ho konkluderer med at den gode plassen kanskje ikkje vil vere til like stor fordel for Støre som det har vore for ho og hennar familie.

– Mine barn var jo litt yngre då vi flytta inn enn det Jonas sine er. Dei er ganske vaksne, seier Solberg og fortel vidare at «dette har vore ein fin plass for barna mine å vere», før ho trekk fram det nest beste med den praktfulle bustaden:

– Så er det også eit fint uteområde her, seier ho.

YknXP-Y4PjI

Erna Solberg i hagen i statsministerbustaden.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Men Støre, den nye statsministeren, verkar ikkje å vere like entusiastisk.

– Det blir ikkje berre-berre, nei, seier Jonas Gahr Støre til pressekorpset som har møtt opp utanfor huset hans på Ris i Oslo.

Han har fått spørsmål om korleis det blir å flytte. Det er dagen etter valet.

– Eg har budd i denne gata, og vakse opp i den. Og så bur eg jo tett på skogen, seier Støre.

Støre på vei til jobb dagen etter valget

Jonas Gahr Støre møtte eit samla presse-Noreg utanfor bustaden sin dagen etter valsigeren.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Markagrensa ligg to-tre hus bortanfor og for ein som likar å vere aktiv med ski eller joggesko på beina, blir det ei omstilling å bu midt i Oslo sentrum, 5,4 kilometer unna.

Ein journalist spør om han kan garantere at han vil flytte inn i statsministerbustaden.

– Ja, det må eg vel legge opp til, tenkjer eg. Men dette er jo barndomsheimen då, det er jo noko med det. Men vi får førebu oss på det, svarer ein litt betenkt Støre.

Det er derimot forventa at han skal flytte – sjølv om han vil det eller ikkje. Då Stortinget vedtok å bygge statsministerbustaden la dei nemleg til grunn at «statsministeren skal benytte statsministerboligen.»

– Det er ingen tvil om kva Stortinget meinte då vi behandla saka, seier Sonja Irene Sjøli (H) som var leiar i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen den gongen.

Statsministerkomplekset ligg i Inkognitogata 18 og er knytt saman eigedommane Parkveien 45 og Riddervolds gate 2. Dei tre bygga blei ombygd og innvia til statsministerbustad og representasjonsanlegg for regjeringa i 2008.

– Det er på grunn av sikkerheita at statsministeren skal bu der. Det er stor-stor sikkerheit i det huset, seier Sjøli.

– Eg blir forundra dersom den nye statsministeren skal halde fram med å bu i sin eigen heim. Han bør følgje Stortingets vedtak, seier Sjøli vidare.

Førsteetasjen fungerer som ein besøksdel. På veggen er det statleg kunst og midt i rommet ein stor peis. Det er her statsministerens les opp den årlege nyttårstalen.

fzrP0Nf1Smk

Statsminister Erna Solberg framfor peisen i førsteetasjen i statsministerbustaden i høve den årlege nyttårstalen.

Foto: Audun Braastad / NTB
cuNJZS8A3E0

Kjøkkenet i representasjonsdelen i statsministerbustaden.

Foto: Cornelius Poppe / NTB
iuHTrFuf7_M

Opphaldsrom i førsteetasjen.

5HTL_zjWG1g

Biletet er frå bygginga av den nye statsministerbustaden.

HUm67aIgroQ

I representasjonsdelen i statsministerbustaden er det eit stort møterom. Her er Solberg i samtalar med Siv Jensen (Frp), Knut Arild Hareide (KrF) og Trine Skei Grande (V).

gNwq2Rrayr8

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) på kontoret i statsministerbustaden.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Det er ein privat del i dei to øvste etasjane i bustaden, som er innpassa «på en slik måte at kravet om en mest mulig privat boligsituasjon kan ivaretas» som det heiter i stortingsmelding nr. 22 frå 2003–2004.

Der står det også at bustaden skal vere «brukervennlig for familier i ulike livsfaser.»

Det er berre Erna Solberg og Jens Stoltenberg som har budd her. Før 2008 hadde ikkje Noreg nokon offisiell statsministerbustad.

Millionløn, men ikkje gratis mat

Som statsminister vil Jonas Gahr Støre få 1.735.682 kroner i løn i året. Det er nesten det dobbelte av det han får som stortingsrepresentant.

Stortingsrepresentantar får ei fast godtgjersle på 987.997 kroner per år.

Men livet som statsminister byr ikkje på spesielt mange fleire luksuriøse fordelar, forklarer ein som burde vite kva han snakkar om.

– Ein må halde fram med å vaske og lage maten sin sjølv, seier Sigbjørn Aanes, tidlegare statssekretær for Erna Solberg, for «treng ein bistand, som til dømes vaskehjelp, ja, då må ein betale det sjølv.»

– Akkurat som alle oss andre, seier Aanes.

Han er i dag partnar i First House.

Stortingsvalget 2017

Sigbjørn Aanes (til venstre) var statssekretær og pressesjef for Erna Solberg i fleire år. Biletet er frå bakrommet på valkvelden i 2017.

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høyre / NTB scanpix

Statsministerens kontor (SMK) opplyser til NRK at fordi statsministerbustaden også blir nytta til representasjon, i tillegg til bustad, så «har den ein stab som i ein viss utstrekning kan støtte statsministeren med private gjeremål, som handling og matlaging.»

Men dersom statsministeren får slike tenester privat «medfører det fordelsskattlegging basert på den alminnelege marknadsverdien av tenestene.»

Sigbjørn Aanes fortel at statens strenge reglar også gjeld ein statsminister, og at altfor dyre middagar har gått utover hans eiga lommebok.

– Reglane for kva ein kan kjøpe av overtidsmat er ganske strenge. Eg blei fleire gonger trekt i løn fordi eg hadde kjøpt for dyr sushi til meg og statsministeren, fortel Aanes.

Livvakter og mindre privatliv

Støre har vore både utanriksminister og helse- og omsorgsminister og kjenner godt til korleis det er å ha livvakter frå Politiets tryggingsteneste (PST) rundt seg.

Men opplegget som no ventar kan ikkje samanliknast med det Støre har hatt tidlegare.

– Dei som blir statsminister er erfarne politikarar og dei har hatt kontakt med oss tidlegare, seier Olav Rognlid, seksjonssjef i PST, og poengterer at overgangen nødvendigvis ikkje blir så altfor stor.

Støre veit kva han går til.

– Men litt tettare kontakt med oss i PST får ein statsminister, heilt klart, seier Rognlid.

Støre får no permanent, døgnkontinuerleg beskyttelse frå PST, uansett om han er i Noreg eller på ferie i utlandet. Eit slikt regime har han ikkje hatt rundt seg tidlegare.

RJBpo1bJeG0

Støre omringa av PST på veg til Stortinget på valdagen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Å sørge for sikkerheita til statsministeren er den absolutt viktigaste oppgåva PSTs livvaktteneste har.

Tidlegare har Støre uttalt at det har vore tungt å ha livvakter. Det strenge sikkerheitsregimet som Støre i periodar levde under, kjente han på kroppen, og det gjekk til tider ut over livskvaliteten.

– Det mest innskrenkande var at eg blei mindre spontan. Eg måtte alltid gi beskjed om når eg skulle ut, og kvar eg skulle, har Støre fortalt, for «det er eit inngrep i privatlivet.»

– Men livvakter er noko som følgjer med når ein vel eit offentleg liv som dette.

Svart regjeringsbil

I 2018 braut Støre trafikkreglane med NRKs team som passasjerar. Som statsminister slepp han å tenkje på vikeplikt og fartsgrenser.

Statsministeren og fleire andre statsrådar blir køyrde rundt i limousinliknande luksusbilar som har så tung pansring at dei kan vege mellom fire og fem tonn.

I valkampen har Støre hatt fast følgje av ein BMW 7-serie. Den er som ein rullande bunker.

xU3wwBpN3xg
Foto: Berit Roald / NTB

Bilane kan motstå alle typar handvåpen, og dei har såkalla run-flat-tires som gjer bilane i stand til å køyre mange kilometer på flate dekk. Dei er ikkje avhengige av rein luft frå utsida og kan difor køyre gjennom gassangrep.

Støre sin raude Mitsubishi Outlander «er det no berre kona som får køyre», fortel Sigbjørn Aanes, men «ho må berre passe på, for garasjen i statsministerbustaden er litt trang.»

– Har Sindre gjort seg nokre erfaringar?

– Det veit eg ikkje, men han er sunnmøring og svært oppteken av å ikkje pådra seg ekstra kostnader. Så eg trur han har vore forsiktig, svarer Aanes, som kjenner Solberg sin ektemann, Sindre Finnes, godt.

syZOqxNI5H8

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg i garasjen under statsministerbustaden i 2009.

Foto: Lise Åserud / NTB

Transport og bustad på statens rekning

Å bli frakta rundt av ein kortesje av svarte bilar vil ikkje koste Støre ei krone. Det er eit sikkerheitstiltak.

Såkalla «arbeidsgiverfinansierte sikkerhetstiltak» gir ikkje skatteplikt når dei er tilrådd av politiet eller av PST.

Det har vore mykje merksemd kring stortingsrepresentantar som har fått gratis pendlarbustad sjølv om dei eig hus eller leilegheit mindre enn 40 kilometer frå Oslo.

Som statsminister vil Støre bu gratis i Inkognitogata 18 sjølv om han er folkeregistrert i eit hus som ligg ein rundt femten minutts køyretur unna.

Støre må ikkje betale husleige. Det er også skattefritt for han å bu der. Det stadfestar Skatteetaten til NRK.

VhPu-qiR0vY

Representasjonsanlegget til regjeringa og statsministerbustaden ligg bak Slottet i Oslo.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB

Hadde han ikkje disponert eigen privatbustad i tillegg, altså huset på Ris, ville det vore «en viss beskatning av fordelen av fri tjenestebolig.»

Då statsministerbustaden vart bygd blei det gjort tilpassingar i skattelova slik at bustaden kunne takast i bruk i tråd med det som blir kalla Stortingets intensjonar.

– Dette er ikkje berre ein stad han vil bu, men det er også ein arbeidsplass, seier Sigbjørn Aanes, og legg til at det i statsministerbustaden er «veldig enkelt å kombinere dei to funksjonane på ein og same stad.»

Stort apparat rundt seg

På Statsministerens kontor (SMK) får Støre ein stor stab rundt seg, på rundt 75 personar. Det er tre avdelingar og ein kommunikasjonsseksjon som assisterer regjeringssjefen i å leie og samordne arbeidet i regjeringa.

– Støre får truleg Noregs beste og mest profesjonelle apparat rundt seg, seier Sigbjørn Aanes.

Han legg ikkje skjul på at kvardagen vil bli meir travel for Støre enn den har vore til no:

– Presset er heilt enormt, og dagane blir delt opp i halvtimar. Det skjer noko heile tida. Det skal alltid takast avgjerder, seier Aanes, før han avsluttar med å seie at «Støre kjem til å handtere dette heilt fint.»

ZZQ87Ja1c-c

Erna Solberg på kontoret sitt på Akershus festing i Oslo. Her flyttar Støre inn når han har klar ei ny regjering.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
 
Flere enn 84 gir flertall

Partioppslutning: Norge

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning

AKTUELT NÅ