Trygve Slagsvold Vedum er i full gang med valkampen, og legg ikkje skjul på at han flyr mykje rundt landet for å nå ut til stadane der Senterpartiet hentar flest stemmer.
Men å ta fly på det norske kortbanenettet kan vere dyrt, meiner Vedum, og viser til at flypassasjeravgifta som vart innført i 2016 har gjort det endå dyrare. No vil han bruke over 270 millionar på å gjere det billigare å fly i Nord-Noreg og på vestlandet.
– Næringslivet over heile landet er heilt avhengige av eit velfungerande kortbanenett for å binde Noreg saman, seier Vedum.
Han har fått med seg at Widerøe lenge har åtvara mot auka avgifter, og seinast på søndag sa selskapet til avisa Nationen at dei vurderer å legge ned 37 ruter om det kjem ei momsauke slik eit utval har føreslått for Finansdepartementet.
- LES OGSÅ:
Pakke med forslag
Senterpartiet kjem no med ein forslagspakke, der nokre forslag har blitt lansert også tidlegare, medan andre forslag er av nyare dato.
Dette er Senterpartiet sine forslag, og kva dei meiner forslaga vil koste å gjennomføre.
-
- Fjerne flypassasjeravgift for fly under 20 tonn, noko som vil gjelde dei fleste Widerøe-flya – kostnad ca.100 mill.
- 20 millionar vert sett av til prisreduksjon på billettar på flyrutene som staten har ansvar for, såkalla fotruter.
- Reduksjon av transportmoms, i første omgang frå 12 til 10 prosent. Dette vil utgjere cirka 150 millionar kroner i reduserte billettprisar berre på fly.
- Gjere det gratis å parkere ved flyplassar som er knytt til kortbanenettet.
- Reduserte landingsavgifter for mindre fly.
- Auka reisefrådrag, også for dei som pendlar langt.
– Sp vel det lettvinte
Miljøpartiet Dei Grøne sin talsperson Une Aina Bastholm er ikkje imponert.
– Her gjer Senterpartiet distrikta ein bjørneteneste, fordi det å sette ned prisane på flybillettar gjer det billigare å forureine, og det bidreg til meir klimaendringar og ekstremvêr. Og det er noko som også distrikta, også på Vestlandet, Nordvestlandet og Nord-Noreg kjem til å merke, seier Bastholm.
Ho meiner Senterpartiet har meldt seg ut av klimadebatten, og meiner at dei berre vil «snakke distrikta etter munnen».
– Dei vel berre det mest lettvinte, og seier det folk har lyst til å høyre. Me treng ein distriktspolitikk som er med på å løyse klimakrisa, og ikkje det motsette, seier Bastholm.
- LES OGSÅ:
Ho seier at også Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer at folk skal bu i heile landet, og at hennar parti har fleire forslag til korleis også distrikta kan bli meir miljøvennlege, slik som å få på plass el-fly og el-ferjer raskare. Ho saknar den same viljen og iveren frå Senterpartiet.
Når det gjeld Nord-Noreg hever Bastholm fram jernbane til Tromsø som eit forslag, men det er langt frå nok for Senterpartiet og Vedum.
– Ingen flyskam
– Det er ingen grunn til å ha flyskam om ein bur på Vestlandet eller Nord-Noreg, fordi ein er heilt avhengig av kortbanenettet der. Også er det jo slik at me alle kan tenke over helgeturar til New York og slikt, men me kan ikkje straffe dei som i dag har høgast reisekostnader, og det er dei på kortbanenettet, seier Vedum.
I likskap med Bastholm ser også han på el-fly som ei framtidig løysing, og meiner at det norske kortbanenettet kan vere ein viktig faktor på vegen fram dit.
– Kortbanenettet er kanskje dei netta kor det er mogleg å få på plass ein reinare luftfart, men på veg fram dit kan me ikkje legge ned det tilbodet. Me er avhengig av utvikling over heile Noreg, og å binde Noreg saman. Då er fly den beste løysinga, for det finst ikkje noko betre alternativ, seier Vedum.
- LES OGSÅ: