Hopp til innhold

Senterpartiet kan avgjere Hagens Nobelskjebne

Senterpartiet vil ikkje fremje eigen motkandidat eller støtte ein annan kandidat for å felle Carl I. Hagens Nobeldraum.

Trontaledebatten i Stortinget.

I SENTER: Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum saman med parlamentarisk leiar Marit Arnstad i Stortinget.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det er heilt uaktuelt å stille motkandidat. Det bryt med all tradisjon i Stortinget. Vi ventar at dette vert løyst utan at nokon stiller motkandidatar, seier parlamentarisk leiar i Sp, Marit Arnstad.

Alle opposisjonspartia har bedt Frp om å finne ein annan kandidat til Nobelkomiteen enn Frp-nestor Carl I. Hagen. Dei meiner det er problematisk at ein vara til Stortinget er medlem av den uavhengige komiteen.

Men Frp står på sitt og tviheld på Hagen som sin kandidat til komiteen som kvart år delar ut Nobels fredspris.

Vurderer permisjon

Dersom Hagen framleis er på val når saka kjem til Stortinget, kan det vere Senterpartiet som vippar fleirtalet mellom Høgre og Frp og opposisjonen som har bedt Frp bytte ut Hagen, dersom dei endar med å støtte ein motkandidat.

Men Arnstad meiner også Høgre og Venstre kan få ei avgjerande rolle.

– Derfor er det viktig kva ansvar dei to partia tek, seier ho.

Venstre har vore tydeleg i sin kritikk mot Hagen som kandidat, medan Høgre ikkje har ville uttale seg.

Valet går føre seg skriftleg og ein kan stemme på kandidaten, blankt eller på ein eventuell motkandidat.

Carl I Hagen

NOBEL-HAGEN: Carl I. Hagen er villig til å søkje permisjon frå Stortinget for å få plass i Nobelkomiteen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB Scanpix

Hagen ville først trekkje seg som vara til Stortinget, men fekk nei av presidentskapen. Plan B er å søkje om permisjon.

– Ja, det er til vurdering, seier Hagen på spørsmål frå NRK, men vil ikkje gi andre kommentarar.

Ifølgje Stortingets forretningsorden skal søknad om permisjon for representantane behandlast av Stortinget etter innstilling av presidentskapen.

– Vanleg praksis er at ein vara søkjer fritak frå gong til gong i forbindelse med at hann eller ho blir kalla inn til møte, men det er ikkje noko regel som forbyr vararepresentantar å søkje fritak på annan måte, seier Brit Brenno, leiar for konstitusjonell avdeling på Stortinget.

Strir mot «sedvanen» i Stortinget

Arnstad seier det er problematisk å blande seg inn i eit anna parti si oppnemning av ein kandidat til eit slikt verv, fordi dette strir imot sedvanane, dei uskrivne reglane, i Stortinget.

Derfor meiner ho at Stortinget må ta stilling til om dette er viktigare enn sedvanen om at stortingspolitikarar ikkje veljast til nobelkomiteen.

– Det er viktig at dei parlamentariske leiarane og forhåpentlegvis eit breitt fleirtal i Stortinget tek stilling til dei to sedvanane som kolliderer. Spørsmålet om motkandidat er derfor i denne samanhengen søkt, seier Arnstad.

Ho legg vekt på at ein slik praksis ville slått tilbake på dei andre partia, spesielt dei små

– Skulle for eksempel Høgre og Frp stilt motkandidat til eit nominasjon SV har gjort, spør ho.

At Hagen har foreslått å søkje permisjon tolkar ho som ei erkjenning;

– Saka handlar ikkje om Hagen, men det at han ser prinsippet om at varamedlemmar til Stortinget ikkje kan veljast til komiteen er eit skritt framover.

Arnstad vil likevel ikkje bekrefte at partiet stemmer på Hagen, dersom Hagen får permisjon, då ho kallar dette eit hypotetisk spørsmål.

Politisk kvarter 24.november

GOD KANDIDAT: Ulf Isak Leirstein leiar valkomiteen til Frp, og meiner Hagen passar godt i Nobelkomiteen.

Arbeidarpartiet avviser ikkje motkandidat

I politisk kvarter på NRK fredag sto Ap-leiar Jonas Gahr Støre fast på at Hagen sin posisjon som vara gjer at han ikkje kan sitje i komiteen. Derfor ville han ikkje avvise at Arbeidarpartiet vil stille motkandidat.

Sjølv om partifelle Thorbjørn Jagland i si tid vart valt til komiteen medan han framleis sat i komiteen, dette meiner Støre ikkje kan samanliknast.

– Det har eg mine tankar om, men det ynskjer eg ikkje å dele med nokon, svarer Hagen på denne samanlikninga på telefon frå NRK.

Parlamentarisk leiar i Frp, Hans Andreas Limi, seier at nominasjonen til Nobelkomiteen er noko av det partiet vil diskutere vidare på gruppemøtet neste onsdag.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger