Hopp til innhold

SAS-pilotane seier ja til ny arbeidsavtale

Eit fleirtal av dei norske pilotane i SAS har stemt ja til avtalen som blei forhandla fram i juli. Det melder fagforeininga SAS Norge Flygerforening. Selskapet unngår med det ein ny streik.

En mann sjekker flyoversikten på Gardermoen.

Ein mann sjekkar oversikta over fly på Gardermoen under SAS-streiken i juli.

Foto: MATHIAS MOENE RØD / NRK

Ved midnatt gjekk fristen for uravstemminga blant pilotane i SAS ut. Etter 15 dagar med streik, blei streiken avblåst 18. juli.

I avtalen som blei forhandla fram, gjekk pilotane blant anna med på lønnskutt, og at avtalen skulle gjelde for fem år. SAS på si side forplikta seg til å gi alle pilotane som blei sagde opp under pandemien, jobbane tilbake.

Pilotane har også gått med på å jobbe arbeidsveker opp mot 60 timar. Men SAS understrekar i ein e-post til NRK at den totale arbeidstida er lik den gamle avtalen. Det vil seie at ein pilot i løpet av fire veker maks kan jobbe 190 timar.

Pilotane var langt frå fornøgde med avtalen som blei underteikna, men no har eit fleirtal medlemmane i flygarforeiningane sagt ja til avtalen.

Eit stort fleirtal av dei danske og svenske pilotane har også stemt for avtalen, melder dansk TV 2.

Letta over utfallet

SAS har hatt det vanskeleg økonomisk, og søkte om konkursvern i USA tidleg i streiken. Leiaren i SAS Norge Flygerforening, Jan Levi Skogvang, er difor letta og glad for at utfallet blei slik det blei.

– Selskapet er i ein vanskeleg situasjon. Det gjer alternativet usikkert. Sånn sett er eg glad for at fleirtalet har sett det, og valt å seie ja, seier han til NRK.

Jan Levi Skogvang (Parat)

Leiar for SAS Norge Flygerforening Jan Levi Skogvang.

Foto: ksenia novikova

Men Skogvang seier at han trur mange av medlemmane har godkjent avtalen, sjølv om dei helst ville takke nei.

– Det er mange som har stemt mot si eiga vilje, som har stemt meir med hovudet enn med hjartet. Og så er det mange som har stemt i solidaritet med dei som blei sagde opp. Det er sjølvsagt positive element i det vi har oppnådd også.

Les også Mener SAS må redusere prisene

Utsikt fra SAS-fly

Svake juli-tal

Streiken fekk store konsekvensar for flyselskapet. 3700 flygingar blei avlyste og rundt 380.000 passasjerar blei ramma. Samanlikna med juni søkk passasjertalet til SAS med 32 prosent i juli.

For konkurrentane har streiken vore god butikk. Nykommaren Flyr hadde ein rekordmånad i juli med 260.500 reisande. Også Widerøe opplevde ein positiv effekt av streiken, og leverte gode tal i sommar.

Les også Luftfartstilsynet: SAS-passasjerene må få pengene igjen raskt

SAS på Gardermoen

No er pilotane i SAS klare til å ta igjen det tapte, forsikrar Skogvang.

– Vi er veldig glade for at vi er tilbake og er i lufta igjen for å flyge passasjerane våre. Og så er vi leie oss for at det måtte så mykje til for å bli einige.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger