Hopp til innhold

Dette er piloten sin draum etter SAS-streiken

Steffen Kvamme var ein av pilotane som vart oppsagd under korona. No håpar han utfallet av forhandlingane gir han jobben tilbake.

Tidlegare tilsett som pilot i SAS, Steffen Kvamme.

LETTA: Steffen Kvamme vart sagt opp under pandemien og er letta for at retten til å få tilbake jobben er sikra.

Foto: Privat

– Eg er utruleg letta, seier tidlegare SAS-pilot Steffen Kvamme (26).

I avtalen som SAS-leiinga og pilotane signerte står det at pilotane som vart oppsagd under pandemien, har krav på jobben tilbake.

NRK har tidlegare skrive at Kvamme var ein dei SAS- 560 pilotane som vart oppsagd.

– Det har vore ei usikker tid dei siste to åra, så å få den beskjeden var ei lette.

Vidare vil han takke for innsatsen som foreininga har lagt ned.

No har SAS forplikta seg til å gi han og 450 andre tilbake jobben.

– Det var strålande å høyre at retten til å få tilbake jobben er sikra, seier Kvamme.

Les også Enorme utlegg etter å ha vært SAS-fast i Spania: – Nærmer oss 80.000 kroner

Ekteparet Børre Arntzen og Anne Marie Bjørgeengen

Blir tilsette gradvis

Pilotane vart oppsagd i 2020. I ein e-post skriv pressesjef i SAS Noreg, Tonje Sund at dei vil bli tilsette gradvis etter kvart som marknaden kjem tilbake etter pandemien og fram til 2024.

Vi ønskjer å kunne gi jobben tilbake til så mange som mogleg, så raskt som mogleg, svarar ho på spørsmålet.

Reint praktisk betyr dette at dei oppsagde pilotane stiller først i køen når selskapet skal rekruttere, både i SAS-Skandinavia og dei to dotterselskapa, SAS-Link og SAS-Connect. Det skriv Sund.

– SAS meiner at dette er attraktive avtalar på linje med dei vi konkurrere med i dagens marknad. Det er dyktige kollegaer som dessverre måtte gå som følgje av pandemien, og vi håpar å sjå så mange av dei igjen, svarar ho.

– Kan tenkjast at ikkje alle kjem tilbake

Tariffavtalen som vart signert natt til tysdag vil vare fram til 30. september 2027. Det betyr at pilotane ikkje kan reforhandle avtalen eller streike i den perioden, på rundt fem år.

Pilotane kjem også til å gå ned 5 prosent i lønn, men vil følgje lønnsutviklinga i Skandinavia.

Leiar i Norske SAS-flygarar si foreining Roger Klokset er ikkje nøgd med avtalen.

Han seier på dei fleste punkt i vilkåra for medlemmane er forverra. Både tenestegjering, arbeidstid og lønn.

Roger Klokset

Leiar i Norske SAS-flygarars foreining Roger Klokset er ikkje nøgd med avtalen.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Klokset er likevel nøgd med at pilotane har fått på plass retten til å få tilbake jobben. Det var ein av målsetningane til fagforeiningane.

– At dei kjem på plass i riktig cockpit og der dei høyre heime i løpet av dei næraste to åra, det er vi veldig nøgd med, seier han til NRK.

– Trur du pilotane vil tilbake til SAS med den nye tariffavtalen og gå ned i lønn?

– Eg trur at dei som har fått jobb i andre flyselskap, vil tenkje seg om to gangar før dei vel å slutte der og kome tilbake til SAS. Men dei kjem mest sannsynleg ikkje heim til betre vilkår enn der dei er no, svarar han.

– Det kan godt tenkast at ikkje alle kjem tilbake, men uavhengig av det så var det viktig for oss og slå på plass retten til å få tilbake jobben, av prinsipielle årsaker.

– Ein tøff bransje

På spørsmål om Steffen Kvamme vil ha tilbake jobben i SAS svarar han:

– Ja, for min del så er det attraktiv arbeidsplass. Eg får jo kome tilbake til eit flott selskap med fine folk.

Tidlegare pilot i SAS, Steffen Kvamme ute og flyr.

Tidlegare pilot i SAS, Steffen Kvamme takkar foreiningane for all innsatsen dei har lagt ned i forhandlingane.

Foto: Privat

– Det er ikkje alle unge pilotar som har den moglegheita. Det er ein tøff bransje, så vi må ta dei moglegheitene som er der.

Hadde han fått tilbod i eit anna internasjonalt selskap, så hadde han valt SAS.

– Eg har ein lidenskap for å fly for SAS og ønskjer å vere med å byggje opp att varemerket saman med andre tilsette.

AKTUELT NÅ