NRK Meny
Normal

Sårbar sjøfugl i Barentshavet heile året

Fuglelivet i Barentshavet er langt meir sårbart for eventuelt oljesøl enn forskarane har trudd. Ny forsking viser at store mengder sjøfugl er i havområdet heile året, også om vinteren. Styresmaktene er no i gang med ei omfattande utviding av olje- og gassverksemda i Barentshavet.

Krykkje i flukt

Krykkje i flukt med ein såkalla lysloggar – ei lett databrikke – festa til ein fotring.

Foto: Morten Ekker / Miljødirektoratet

Dei første resultata frå eit omfattande, internasjonalt forskingsprosjekt er no klare. Meir enn 100 sjøfuglforskarar, feltarbeidarar og frivillige frå fem land er involvert i Seatrack-prosjektet.

Mange sjøfuglartar er berre på land i løpet av hekketida, og er elles spreidde over store havområde. Forskarane har til no visst lite om kvar dei er utanom hekkesesongen.

No har dei for første gong greidd å kartleggje dette. Kartlegginga omfattar eit område frå Russland i nordaust til Storbritannia i sørvest.

Fangst av lomvi og polarlomvi på Bjørnøya

Fugleforskarar i arbeid på Bjørnøya, der dei fangar lomvi og polarlomvi som skal brukast i forskingsprosjektet Seatrack.

Foto: Hallvard Strøm / Norsk Polarinstitutt

Ny kunnskap

Forskarane blei overraska over det dei fann.

– Ja, vi hadde forventa at meir fugl ville trekkje ut av Barentshavet vinterstid enn det vi har funne no, seier sjøfugløkolog Hallvard Strøm ved Norsk Polarinstitutt.

Det viser seg nemleg at store mengder sjøfugl overvintrar i Barentshavet.

– Barentshavet er viktigare for sjøfugl gjennom heile året enn det vi har trudd, seier Hallvard Strøm.

– Vi kan blant anna no slå fast at storparten av den norske lomvibestanden overvintrar i det søraustlege Barentshavet. Polarlomvi frå både Hornøya, kysten av Kolahalvøya, austkysten av Spitsbergen, Novaja Semlja har ulike deler av Barentshavet som viktige vinterområde, seier han.

Polarlomvi i flukt på leting etter mat i Barentshavet

Polarlomvi på leiting etter mat i Barentshavet.

Foto: Hallvard Strøm / Norsk Polarinstitutt

Sårbare artar

Også mange av sjøfuglane som hekkar på Bjørnøya overvintrar ute på havet.

– Kva slags fugl er det som oppheld seg ute i Barentshavet haust, vinter og vår?

– Det er elleve sjøfuglartar som er med i forskingsprosjektet, blant anna lomvi, polarlomvi, alkekonge og lunde. Sju av desse artane er med på den nasjonale raudlista over artar som står i fare for å døy ut, fortel han.

Fugl i Barentshavet

Kartet viser kvar hovudtyngda av polarlomvi (blå), lomvi (grøn), alkekonge (brun) og lunde (gul) oppheld seg haust, vinter og vår – i Barentshavet og området rundt. Dei svarte prikkane viser hekkeplassar der fuglane har fått påsett såkalla lysloggarar (databrikker for å spore kvar dei oppheld seg). Grafikk: Seatrack.

Ny teknologi

Seatrack er kopla til det nasjonale sjøfuglprogrammet Seapop, men er eit eige samarbeidsprosjekt mellom Norsk Polarinstitutt, Norsk institutt for naturforsking og Miljødirektoratet. Sporinga av fuglane er utført ved hjelp av små lysloggarar (databrikke på 0,5 – 2,5 gram) som er festa til sjøfuglane sine føter.

Krykkje på reir, Bjørnøya

Krykkje på reir på Bjørnøya.

Foto: Hallvard Strøm / Norsk Polarinstitutt

– Vi fangar fuglen på hekkehylla og set på ein fotring der loggaren er festa. Så hentar vi fuglen inn igjen neste år, på same stad, tar av loggaren og laster ned dei data som er lagra, fortel Hallvard Strøm.

På bakgrunn av dette, kan forskarane berekne kvar fuglane har vore med ein presisjon på rundt 180 kilometer. Sidan prosjektet starta i 2014 har om lag 7000 fuglar fått påsett dataloggarar, og nær 2000 loggarar er så langt tatt av og tappa for informasjon. Tidlegare har forskarane utført berekningane sine bl.a. ved å telje fugl frå båt.

Sjøfugløkolog Hallvard Strøm fra Norsk Polarinstitutt i arbeid på Bjørnøya

Sjøfugløkolog Hallvard Strøm og dei andre forskarane bruker automatiske kamera som hjelp i overvakinga av sjøfuglane på Bjørnøya.

Foto: Morten Ekker / Miljødirektoratet

Meir olje- og gassverksemd

Styresmaktene er i gang med ei omfattande utviding av olje- og gassverksemda i Barentshavet. Regjeringa planlegg å lyse ut 93 blokker før sommaren, der oljeselskapa kan begynne å leite (24. konsesjonsrunde). Det er den største utlysinga i Barentshavet nokon gong. Fleire av blokkene ligg nær Bjørnøya.

Altiviteten i Barentshavet er stor allereie. Riggen Songa Enabler skal bore fem brønnar for Statoil i løpet av sommaren. Boringa av den første brønnen, på Blåmann-feltet nær Goliat, starta måndag denne veka.

– Kva slags konsekvensar bør dei nye opplysningane om fuglelivet i dette havområdet få?

– Det er viktig at det blir tatt omsyn til dette når ein planlegg korleis havområdet skal brukast, seier Hallvard Strøm.

– Det er ikkje mi rolle å seie kva konsekvensar det skal få konkret – vår jobbe er å skaffe datagrunnlaget. Men når vi no veit at det er store bestandar som oppheld seg i Barentshavet heile året, er dette noko som det må takast omsyn til.

Sørspissen av Bjørnøya med Stappen i midten

Sørspissen av Bjørnøya med Stappen midt i biletet.

Foto: Eivind Molde / NRK

Oljenæringa har sponsa forskinga

Norsk olje- og gass har saman med Statoil og ei rekkje andre oljeselskap støtta forskingsprosjektet. Også Utanriksdepartementet (Barents 2030) og Klima- og miljødepartementet har vore med på å finansiere det.

– Å ha eit faktabasert datagrunnlag er avgjerande for dei planane vi legg, uavhengig av kvar vi borar, seier Jez Averty, som er Statoils leitesjef for norsk og britisk sokkel.

Han fortel at Statoil har brukt resultatet frå forskinga om fuglelivet i Barentshavet i si eiga miljøanalyse før selskapet starta utvidinga av olje- og gassverksemda i området.

– Den rekkefølgja vi skal bore i i Barentshavet på er basert på ei rekkefølgje som vil redusere miljørisikoen mest mogeleg, fastlår Averty.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger