Hopp til innhold

Ny rapport: EU treng ikkje enda meir norsk gass

Ny rapport hevdar gassproduksjonen vil overstige etterspørselen i 2035, og at Noreg risikerer å sitte igjen med «svarteper».

Osebergfeltet i Nordsjøen

OSEBERG: 95 prosent av gassen frå norsk sokkel går i dag til EU og Storbritannia

Foto: Marit Hommedal / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein ny rapport som blei lagd fram for i EU-parlamentet onsdag formiddag seier at gassproduksjonen frå allereie produserande felt i EU, Noreg og Algerie vil overstige den europeiske etterspørselen allereie i 2035.

Rapporten, med namnet «On thin ice», legg til grunn at EUs gassbehov fell med 32 prosent innan 2030.

Dette er ein brannfakkel inn i den norske klima- og oljedebatten, skriv leiar i WWF Noreg, Karoline Andaur på X (Twitter).

Ho fortset:

Rapporten viser at det er ikkje behov for ny leiting på norsk sokkel dersom EU lykkast i å nå eigne klimamål. Det må få konsekvensar for norsk olje- og gasspolitikk.

WWF Noreg er ein av partane som står bak rapporten, i selskap med Greenpeace Noreg, Transport & Environment, Oilchange International og Zero Carbon Analytics.

Konklusjonen er klar: Noreg risikerer å sitte igjen med «svarteper» – altså gass det ikkje finst kundar til – utan ei kursendring.

Norske miljøorganisasjonar har også tidlegare åtvara om etterspørselsvikt – for berre å oppdage at etterspørselen har gått opp.

Norges utslippskilder 1990–2022
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Regjeringa delte ut 62 nye utvinningsløyve

I dag leverer norske felt gass til Europa gjennom eit omfattande gasstransportsystem, og er i dag den største eksportøren av gass til EU.

Tidlegare i år delte regjeringa ut 62 nye utvinningsløyve på sokkelen til 24 selskap.

– I år tilbyr vi over dobbelt så mange utvinningsløyve i Barentshavet som i runden i fjor. Å påvise meir gassressursar er viktig for lønnsemda ved å auke gasseksportkapasiteten, uttalte energiminister Terje Aasland ved annonseringa.

Han har tidlegare uttalt at han har «ei klar forventning om at sentrale selskap snur alle steinar for å finna meir gass i Barentshavet».

Klimautvalet 2050 har på si side foreslått permanent leitestans i område utan eksisterande infrastruktur.

– Vi treng ikkje gassen deira, la han ligge i bakken, sa den tyske parlamentsmedlemmen Michael Bloss under rapportlanseringa i Brussel.

Fleire EU-parlamentarikarar stemte i.

Michael Baldwin, som leier EU-kommisjonens generaldirektorat for energi, vil ikkje at Noreg skal stanse leiteaktiviteten.

– Vi har ein god energidialog med Noreg, og kjem til å trenge gass i røyra våre fram til 2049, seier han til Teknisk Ukeblad.

Lars Haltbrekken
NTB

Lars Haltbrekken, SV

– Dette viser kor unødvendig og øydeleggande norsk fossilproduksjon er. EU er langt føre oss på vegen mot klimamåla, mens vi i Noreg lukkar auga for at framtida er fossilfri, og fortset å pumpe opp miljøfiendtleg energi. I staden for å fortsette i utakt med resten av verda, må vi sjå gassproduksjon i lys av klimakrisa, og få ein omfattande analyse av norsk gassproduksjon når klimameldinga kjem til hausten.

aLh68FNZXWU
NTB

Nikolai Astrup, Høgre

– Dette er ingen brannfakkel for norsk sokkel. Det står att å sjå kor mykje etterspørselen etter gass til Europa vil falle, men det er openbert at det vil vere behov for store gassvolum frå norsk sokkel i lang tid framover. Dersom etterspørselen fell under produksjonsnivået i 2035, så inneber det ein raskare overgang frå eksport av rein naturgass til eksport av blått hydrogen frå norsk sokkel. Det føreset i så fall at vi fortset å vinne ut gass på sokkelen, som kan gjerast om til blått hydrogen der @@CO2en blir fanga og blir lagra på sokkelen.

Frode Pleym, Greenpeace Noreg
NTB

Frode Pleym, Greenpeace Noreg

– «Kjære Noreg, kva er gale med dykk», spurde ein EU-parlamentarikar i dag. Det skjønner eg godt. Regjeringa og stortingsfleirtalet må slutte å la seg lure av oljedirektørane. Norsk økonomi og klimaa i verda fortener betre. Politikarane fortel oss at det er ein marknad for norsk olje og gass i framtida. Det veit vi nå at er heilt feil. EUs klimamål gjer at det ikkje trengst meir leiting på norsk sokkel

Stig Schjølset, Zero
Caroline Dokken Wendelborg

Stig Schjølset, Zero

– Norsk oljepolitikk er eit veddemål mot EUs klimapolitikk. Vi risikerer å bli sittande med olje og gass Europa ikkje vil ha. Dei to siste åra har EU klart å fase ut nesten all gass frå Russland. Fram mot 2040 er det gass frå andre produsentar som står for tur. At regjeringa gir så mange leiteløyve i Barentshavet er dårleg klimapolitikk som aukar klimarisikoen i norsk økonomi.

Silje Lundberg, Oil Change International
NTB

Silje Lundberg, Oil Change International

– Dette er nok eit ledd i beviskjedene på at norsk petroleumspolitikk er i utakt med klimamålet. Norske myndigheiter må opne auga.

Karoline Andaur, WWF Noreg
NTB

Karoline Andaur, WWF Noreg

– Nedgangen i etterspørsel kjem mykje raskare enn Noreg er klar over. Boring etter meir olje og gass, slik regjeringa tørstar etter i sårbare Arktis, er rett og slett ikkje nødvendig lenger. Europas energisikkerheit er meir enn dekte av dagens produksjon dersom EU skal nå klimamåla sine. Støre kan nå følge Klimautvalgets råd om leitestopp med godt samvit overfor EU. Når vår største kunde nå omstiller seg bort frå fossil energi, må Noreg sjå sitt snitt og justere olje- og gasspolitikken i tråd med etterspørselen og klimamåla.

Les også Skyhøge gassprisar gav rekordår for norsk eksport

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

Etterspørselen etter gass på sitt lågaste på ti år

I september gjorde Ukraina-krigen og geopolitiske spenningar at Det internasjonale energibyrået opna for «nokre investeringar i olje og gass i ein overgangsperiode».

Bakgrunnen er faren for vedvarande høge prisar på fossil energi om endringa blir pressa fram for raskt.

Onsdag kom Institute for energy economics and financial analysis (IEEFA) med nye tal som viser at etterspørselen etter gass i EU er på sitt lågaste på ti år.

Ifølgje Eurostat dekkjer gass rundt ein firedel av energibruken i Europa, og før jul viste nye prognosar frå Offshore Noreg ein ny investeringstopp for norsk olje og gass i 2024.

Store investeringar og høg leiteaktivitet, i tillegg til aukande driftskostnader, medførte at totalkostnadene på norsk sokkel var rekordhøge i 2014. Etter 2024 er det venta at investeringane vil falle.

Vanskeleg å ta inn over seg kor viktig gassen vår er

Under Desemberkonferansen i Kristiansund talte direktør i Oljedirektoratet, Torgeir Stordal, om at «Noreg har fått ei rolle som er viktigare enn mange forstår».

– I eit land som vårt, som for alle praktiske formål er sjølvforsynt med elektrisk energi, har mange vanskeleg for å ta inn over seg kor viktig gassen vår er for britar og europearar, sa han.

Elisabeth Sæther
Energidepartementet

Elisabeth Sæther (Ap), statssekretær i Energidepartementet

– Regjeringa samarbeider med EU-landa på ei rekke område for å lukkast i den grøne omstillinga. Medrekna mellom anna havvind, hydrogen og karbonfangst- og lagring. Samstundes speler både olje og gass framleis ei viktig rolle i den europeiske energimiksen. EU-landa har svært liten eigenproduksjon av gass og er derfor heilt avhengige av import, også i tida framover. Dersom det ikkje gjerast nye funn på norsk sokkel framover, vil produksjonen falle frå 2030. Regjeringa vil derfor vidareutvikle vår petroleumsverksemd slik at norske felt også framover kan bidra med å dekke Europas behov for olje og gass med ressursar produsert effektivt og med låge utslepp. Norsk gass er konkurransedyktig i marknaden og departementet ser ikkje at norsk gasseksport vil vere markandbegrensa verken på kort eller lengre sikt. Samstundes er det viktig at vi saman jobbar for å realisere lønsame verdikjeder for lågutsleppsløysingar som kuttar klimagassar og bidreg til europeisk konkurransekraft.

Magnus Frantzen Eidsvold
Equinor

Magnus Frantzen Eidsvold, Equinor

– Det er viktig å diskutere Europas energiforsyning. Utfallsrommet er stort, og det handlar om å sikre tilgang til energi med stadig lågare utslepp. Kommisjonens eigne analysar viser at norsk olje og gass vil vere viktig for europeisk energisikkerheit til 2040 og vidare. Noregs rolle har blitt enda viktigare dei siste åra. I dag går nesten all olje og gass frå norsk sokkel til å dekke etterspørsel frå europeisk industri og hushald, og vi opplever auka interesse for langsiktige avtalar. Avtalen med tyske SEFE som vi inngjekk i desember bekreftar dette, det er ein av dei største gassavtalane vi nokon gong har inngått, med 15 års varigheit og intensjon om levering av lågkarbon hydrogen heilt fram mot 2060. Så det er viktig å halde oppe leiting på norsk sokkel for å møte framtidig etterspørsel, samtidig med at vi bidrar til Europas ambisjonar knytt til avkarbonisering og reduserte utslepp.

Andreas Wulff
Vår Energi

Andreas Wulff, Vår Energi

– Millionar av europearar og svært mange bedrifter er avhengig av energien vi produserer frå norsk sokkel kvar einaste dag. Vi har gjennom mange år etablert tett og nært samarbeid med viktige marknader både i EU og Storbritannia, blant anna med langsiktige kontraktar for gassal. Stabil og trygg energiforsyning står heilt sentralt i europeisk sikkerheitspolitikk og norsk produksjon av olje og gass bidrar til å halde oppe stabilitet, økonomisk vekst og velferd i Europa. Det er også tilbakemeldinga frå kundane våre, som representerer store europeiske land. Det vil vere behov for både olje og gass i den europeiske energimiksen fram mot 2050, og dermed også nødvendig å halde oppe leiteverksemda på norsk sokkel. Dersom vi ikkje leitar og finn meir, kan det føre til energimangel og sosial uro mange stader.

Torbjørn Giæver Eriksen
Mats Bakken / Offshore Noreg

Torbjørn Giæver Eriksen, Offshore Noreg

– Noreg speler ei avgjerande rolle i energiforsyninga til Europa som nå skal klare seg utan russisk olje og gass. Nettopp derfor har EU uttalt støtte til vidare leiting etter olje og gass på norsk sokkel.

Både EU og Storbritannias klimastrategiar viser at det framleis vil vere behov for olje og gass i energimiksen deira. Kor mykje det vil vere behov for vil avhenge av kva føresetnader og scenarium ein legg til grunn. Det som er heilt klart er at den endra sikkerheitssituasjonen i verda gjer at Europa er heilt avhengig av Noreg som ein stabil og sikker leverandør av energi. Dette kjem fram heilt tydeleg i EU-kommisjonens kommunikasjon av den langsiktige klimastrategien sin. Avtalen Tyskland, Nederland og Storbritannia har inngått med Equinor om leveranse av gass fram mot 2039 og intensjonsavtale om levering av blått hydrogen, frå 2029 til 2060 bekreftar også dette.

Strupar vi tilbodet av norsk gass før alternativa er på plass, kan dette bidra til ei ny energikrise i EU og gjere EU enda meir avhengig av LNG frå den globale marknaden. Det opnar opp for nye usikkerheiter. Samanlikna med LNG frå den globale marknaden, er norsk røyrgass svært konkurransedyktig både når det gjeld kostnad og klimagassutslepp.

IEA-sjef Fatih Birol kommenterte det europeiske «suget» etter norsk gass da han besøkte Noreg kort tid etter fullskala-invasjonen av Ukraina.

Målet om netto null utslepp er ikkje einstydande med null olje og gass, sa han.

Ifølgje Dagens Næringsliv la han til:

– Då er det betre at olje og gass kjem frå land med lågt karbonavtrykk, som til dømes Noreg.

Oljedirektoratet

I desember la Oljedirektoratet fram ei oversikt over norske gassressursar som av ulike grunnar ikkje er utvikla, men «ligg brakk». Halvparten av dei uoppdaga ressursane er i Barentshavet

Foto: Oljedirektoratet

Les også Ny investeringstopp for norsk olje og gass

0wFa16awvc8