Hopp til innhold

Mannen som kan avgjere presidentvalet

Haustens val i USA blir truleg så jamt at det til slutt kan stå om eit par tusen stemmer i viktige vippestatar.

Robert F. Kennedy Jr. står på en scene og holder en mikrofon i hendene. Han smiler og ser til venstre. Han er en mann på 70, med gråhvitt hår og smilerynker rundt øynene. Han har på mørk gråblå dress og blått slips. Bak ham er blå, mørke scenetepper/gardiner.

JOKER: Robert F. Kennedy ynskjer å bli president i USA i 2024. På vegen dit kan han stele viktige stemmer frå både høgre og venstre.

Foto: Eduardo Munoz / Reuters

Då er det skummelt for kandidatane at Robert F. Kennedy Jr. kjem på stemmesetelen i delstat etter delstat.

Ifølge avisa The Hill, som skriv om amerikansk politikk, ligg Donald Trump og Joe Biden svært nære kvarandre på meiningsmålingane.

Ved sidan av dei to presidentkandidatane har også Kennedy snike seg inn, med ei oppslutning dei andre ikkje kan ignorere.

Tala er eit snitt frå 156 ulike meiningsmålingar.

Sjølv om 8,5 prosent ikkje er stort samanlikna med dei to hovudkandidatane, er både Trump – og særleg Biden, bekymra for Kennedy.

Og det har dei god grunn til, meiner fleire.

I denne saka kan du lese om:

Les også «Literally Anybody Else» vil verte president i USA

LITERALLY ANYBODY ELSE FOR PRESIDENT 2024

Mannen som kan avgjere valet

Ikkje sidan 1992 har ein tredjepartikandidat gjort det like bra på målingane som 70 år gamle Kennedy, skriv Axios.

Han er nevøen til tidlegare president John F. Kennedy, som vart skoten og drepen for meir enn 60 år sidan. Han er også sonen til Robert Kennedy, tidlegare justisminister i USA, som også vart skoten og drepen.

Men kan ein kandidat utan eit parti i ryggen faktisk avgjere valet?

– Ja, det kan han, svarer Eirik Løkke i Civita.

– Ikkje fordi han kan vinne, men fordi han kan øydelegge for Biden, seier han, og legg til:

– Eller for Trump.

Kennedy dekker for eit bredt spekter av meiningar og synspunkt, og kan difor vere interessant for veljarar frå både det demokratiske og republikanske partiet.

Kennedy, Biden og Trump
Foto: REUTERS,AFP

Kva Kennedy vil

Fyrst og fremst vil Robert F. Kennedy Jr. (70) bli president i USA i 2024. Trass i at ein uavhengig kandidat aldri har vunne presidentvalet i landet i nyare tid (George Washington tilhøyrte ikkje noko parti, til dømes).

Kennedy stiller til val som «independent», eller tredjeparti-kandidat, i haustens val. Med «Declare your independence», eller «Erklær ditt sjølvstende» som slagord.

– I dag erklærte eg meg uavhengig frå begge politiske parti og frå den stammeprega, oss-mot-dei tankegangen som har polarisert landet vårt, sa Kennedy i ein tale oktober i fjor.

Det same ynskjer han frå dei amerikanske veljarane.

Election 2024 Kennedy - en mann og en kvinne står og tar en selfie på et valgkampmøte, med Kennedy i bakgrunnen. De to er et eldre par, begge med hvitt hår og briller med mørk innfatning. Mannen tar bildet, begge smiler til kameraet. Kvinnen holder en plakat med "Kennedy" skrevet med store bokstaver.

To støttespelarar tar eit bilete av seg sjølv etter eit valkampmøte i Austin, Texas 13. mai i år.

Foto: Eric Gay / AP

Kennedy, som er utdanna advokat, har blitt kjend som ein kontroversiell figur.

Då korona herja som verst i USA, vart han peika ut som ein av dei største vaksinemotstandarane i landet.

Han støttar ekteskap for skeive, han er for abortrettar fram til veke 15, og han har eit brennande engasjement for miljøet. Samstundes er han mot Bidens grøne omstillingspakke.

Kennedy er ein «isolasjonist». Han vil setja USA fyrst, kutte støtta til Ukraina og ha overvakingskamera på grensa mot Mexico, til dømes.

Kennedy pratar også mykje om økonomisk ulikskap og utfordringar med bustadmarknaden i landet.

Trump vil også ha strengare grensekontroll i sør og kutte støtte til Ukraina; her kan Kennedy appellere til Republikanarane. Samstundes har han syn på abortrettar og klima som kan slå godt an hos Demokratane.

Runde pins med bilder av Kennedy i ulikt design henger nedover en blå plate. "VÅR NESTE PRESIDENT" og "PRESIDENT 2024" står skrevet rundt kanten av pin-ene, rundt bildet av Kennedyi midten.

Pins med ulike Kennedy-motiv til sals på eit treff i mai.

Foto: Sergio Flores / AFP

Dei viktige vippestatane

Sidan valet verkar å bli jamt, blir dei såkalla vippestatane særs viktige for presidentkandidatane.

Der kan eit par tusen stemmer avgjere valet, så Kennedy treng ikkje stele så mange stemmer frå nokon av kandidatane, før det har mogleg tyding for utfallet.

I år er Michigan, Wisconsin, Pennsylvania, Arizona, Georgia, Nevada og Nord-Carolina dei statane det er knytt mest spenning til.

Det er vanskeleg å få namnet sitt på ein stemmesetel i USA. Ein må søkje delstaten om lov og ein må få nok underskrifter frå innbyggjarane i dei ulike statane. Det er også ulike fristar og reglar frå delstat til delstat, skriv CBS News.

I Texas må ein kandidat til dømes ha litt over 113.00 underskrifter. Kennedy leverte inn 245.000, skriv The Hill. Han har no kome seg inn på setelen i fem delstatar.

Han har fått nok underskrifter, eller har betalt nok pengar, i ytterlegare 9 av dei totalt 50.

I dei mørkelilla delstatane er han alt på setelen, i dei lyselilla er han på god veg.

Sjølv har Kennedy merka 15 delstatar mørkelilla på eiga heimeside. Han skriv at han er på setelen i New Jersey og Delaware, heimstaten til president Joe Biden.

Han har også erklært at han skal på setelen i alle 50 delstatane før fristane går ut.

Kennedy på en talerstol i Michigan. Han står med den ene armen ut til siden og er midt i en tale. Bak ham farger lilla lys veggen. Et amerikansk flagg henger til venstre i bildet.

Robert F. Kennedy Jr. under eit valkampmøte i Michigan i februar.

Foto: Emily Elconin / AFP

Frykta av Biden (og Trump?)

Det demokratiske partiet har lenge jobba mot Kennedy og hans kamp for det ovale kontor.

– Dei prøver å gå etter måten han får namnet sitt på stemmesetlane, seier Eirik Løkke i Civita.

– Alt dei gjer er lovleg og dei har rett til det, men dei bruker alle triks i boka – og dei bruker mykje energi. Dei er tydeleg nervøse for kva for rolle Kennedy vil spele i valet, legg han til.

Ifylgje avisa Axios øydelegg Kennedy biletet Biden har forsøkt å skape dei siste månadene: Haustens val er eit val mellom stødige Biden og kaotiske Trump.

Demokratane har difor ei gruppe dedikerte til å ettergå alt Kennedy driv med, skriv avisa.

Les også Korrespondentbrev: Når de unge vaknar

Joe Biden i tenkemodus

Det fungerte lenge fint for Donald Trump, som difor ikkje sa stort om Kennedy. Det endra seg derimot for eit par veker sidan.

– Han er ikkje ein republikanar, så du kan ikkje stemme på ham med god samvit, skreiv Trump på sitt sosiale medium Truth Social.

Trump kalla også Kennedy for «det dummaste medlemmen i Kennedy-klanen».

Men sjølv om Kennedy scorar nær historisk godt no, betyr ikkje det at han får det same resultatet i haust, meiner Eirik Løkke.

– All erfaring tyder på at tredjepartikandidatar mister oppslutning når valet nærmar seg, fordi fleire og fleire føler det blir ein bortkasta stemme, seier han, og minner samstundes om kvifor han meiner Kennedy likevel kan vippe valet:

– Om ein ser på vippestatane og det politiske skiljet, så er det ganske lite som skal til.

AKTUELT NÅ