Hopp til innhold

«Literally Anybody Else» vil verte president i USA

Ein 35-åring har tydd til eit uvanleg grep for å visa misnøya si mot Joe Biden og Donald Trump.

LITERALLY ANYBODY ELSE FOR PRESIDENT 2024

HEILT TEXAS: Førarkortet til Texas-mannen levnar liten tvil om at namnebytet er reelt.

Foto: Literally anybody else for president 2024

Ein mattelærar frå Texas har bytta namn til «Literally Anybody Else» og stiller til val som president i USA i haustens val.

Eller på godt norsk: «Bokstaveleg talt kven som helst andre».

Namnebytet er eit forsøk på å visa kor misfornøgd han er med dei to kandidatane i årets presidentval, Joe Biden og Donald Trump.

Les også Er Biden for svekket til å slå Trump i november?

1x3O08wi8o4

– Det handlar ikkje nødvendigvis om meg som person, men om kven som helst andre som eit konsept, seier han til TV-kanalen WFAA.

35-åringen heitte før Dustin Ebey, men har bytta juridisk namn. På førarkortet hans kan ein sjå at han no har Literally Anybody som fornamn og Else som etternamn.

– Vanskeleg, men ikkje umogleg

For å offisielt verte kandidat og få namnet sitt på stemmesetlane treng Else 113.151 signaturar frå veljarar i Texas.

Les også Derfor stoler ikke amerikanerne på Joe Biden

U.S. President Joe Biden holds a formal news conference at the White House

Det er det lite sannsynleg at han klarar. Derfor går det no føre seg ein kampanje for å få veljarar til å heller skriva inn namnet hans manuelt når dei skal stemma.

– Eg lid ikkje av vrangførestillingar. Eg veit dette vil verte veldig vanskeleg, men det er ikkje umogleg, seier han til kanalen.

USA valg 2020 - Joe Biden og Donald Trump

Joe Biden og Donald Trump kjempa om valsigaren i 2020. Det gjer dei i år òg – noko mange veljarar er misfornøgde med.

Foto: Patrick Semansky

Den engasjerte mannen meiner amerikanarar ikkje har nokre gode kandidatar å velja mellom.

– Folk stemmer på det minste av to vonde, ikkje på nokon dei faktisk trur på eller støtter, seier han vidare.

Historisk upopulære kandidatar

– Me snakka mykje om det i 2016, at det var historisk upopulære presidentkandidatar med Hillary Clinton og Donald Trump. No er det ein ny rekord; både Joe Biden og Donald Trump er utruleg upopulære.

Det seier Sigrid Gårdsvoll, politisk kommentator hjå Amerikanskpolitikk.no og i Vårt Land.

Sigrid Rege Gårdsvoll, kommentator hos Amerikanskpolitikk.no og i Vårt Land

Trass i eit kreativt namnebyte trur ikkje kommentator Sigrid Rege Gårdsvoll at mannen har noko som helst sjanse for å verte presidentkandidat.

Foto: Privat

Målingar viser at fleire er misfornøgde enn fornøgde med dei to kandidatane. Ho er likevel klar på at begge har ivrige støttespelarar i sine parti.

Men det er ikkje noko tvil om at det er mykje misnøye blant veljarane.

Er det ei amerikansk greie, at dei er misfornøgde med alle kandidatar?

Både ja og nei. Me kan sjå over tid at misnøya har vorte større. Det har vorte mykje vanlegare at presidentar er upopulære, enn det var for 30–40 år sidan, svarar Gårdsvoll.

Ikkje minst seier ho det handlar om kor polarisert USA har vorte.

USA-ekspert Sofie Høgestøl støttar opp om det Gårdsvoll seier om upopulære kandidatar.

– Eg trur Else reflekterer noko som mange kjenner på akkurat no. At dette ikkje er kandidatar som folk har så særleg stor appetitt for.

Ein større diskusjon

Ho påpeikar at det Else gjer også går på ein større diskusjon på om det fungerer å ha eit topartisystem som USA har.

– Det er ein større diskusjon om kva ein kan gjera for å få eit partisystem og eit politisk system som i større grad faktisk produserer kandidatar som folk har lyst til å stemme på.

Sofie Høgestøl

USA-ekspert Sofie Høgestøl.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Kan han klare å verte offisiell presidentkandidat?

– Da må han jobba på. Ein av måtane partia i USA har gjort det vanskeleg for andre å stille som presidentkandidat, er at du må komme deg på valsetelen. Og alle delstatane har litt ulike reglar på kva som krevst for det. Da må du prøve å komme deg på stemmesetelen i 50 ulike delstatar, med 50 ulike prosessar, seier Høgestøl.

Ho understrekar at dette er vanskeleg å oppnå om ikkje ein har mykje pengar og eit stort apparat.

– Du kan kanskje greie å komme deg på stemmesetelen i éin stat, som for eksempel Texas. Men det å gjere det i heile USA, det er ganske vanskeleg. Og det er jo ein av grunnane til at du ser at det er dei to store partia som vinn presidentval.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.