Hopp til innhold

Regjeringa i Irak for Krekar-møte

Representantar for regjeringa har vore i Irak for å prøve å få til ein retur av mulla Krekar. – Me jobbar aktiv med ein retur, men situasjonen i Irak er spesiell, seier statsministeren.

Jøran Kallmyr

Statssekretær Jøran Kallmyr har hatt møte med irakiske og kurdiske styresmakter om korleis ein skal løyse den felles utfordringa med mulla Krekar.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Mulla Krekar

Norske styresmakter har framleis ikkje klart å få til ein retur av mulla Krekar, som er ført opp på FNs terrorliste. Men regjeringa har ikkje gitt opp, og var nyleg i Irak for samtaler om ein retur.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Me har vore i Bagdad og Erbil for å diskutera mulla Krekar-saka. Me har hatt gode møte der me har starta ein dialog om korleis me skal løysa ei felles utfordring, seier statssekretær i justisdepartementet Jøran Kallmyr (Frp) til TV 2.

– Forløpar til IS

Statssekretæren kom tilbake til Noreg onsdag. Han seier at irakarane fryktar mulla Krekar.

– Irakarane ser på han som ein forløpar til IS gjennom den organisasjonen han leidde, Ansar al-Islam, og det er klart at dei ser på han som ein farleg mann, seier Kallmyr.

Irakiske styresmakter skal vera interesserte i å vurdera ulike løysingar i Krekar-saka.

– Me har diskutert mange forskjellige løysingar, så no skal kvar av partane tenkja litt på korleis me kan føreslå ein type løysing, seier Kallmyr.

Solberg: – Jobbar aktivt med saka

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg seier til NRK at regjeringa jobbar jamleg med å få til ein retur av Krekar til Irak, men at det er vanskeleg på grunn av situasjonen i landet.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Norske styresmakter har lenge forsøkt å finne ei løysing for å få sendt Krekar ut av landet, men utan hell. Regjeringa held likevel fram jobben med å finne ei løysing om retur av Krekar.

– Det er vanskeleg å gi løypemeldingar. Men me jobbar aktivt med å kunne returnere Krekar. Men situasjonen i Irak er veldig spesiell. Store deler av Irak er no besett av IS, og det betyr at det er vanskar når det gjeld retur og styresmaktene si merksemd rundt saka, seier Erna Solberg (H) til NRK i kveld.

Som opposisjonsparti var Frp særs kritiske til at Krekar fekk bli verande i landet, men som regjeringsparti har heller ikkje dei funne ut korleis dei skal få gjennomført ein retur av mullaen. Enn så lenge er løysinga å busette han på Kyrksæterøra i Trøndelag.

Krekars bror jobbar for retur

Ifølgje Aftenposten skal regjeringa også ha gjort forsøk på å sende Krekar til Italia.

Krekar risikerer å bli utsett for dødsstraff om han vert sendt tilbake til Irak, og det hindrar Noreg i å gjennomføre ein retur, som har skrive under på internasjonale avtaler om å ikkje returnere menneske som kan bli drepne eller utsette for tortur.

I slutten av januar vart det kjent at Krekars bror har vore i samtale med kurdiske styresmakter om å legge til rette for ein retur til Kurdistan, som er eit område i Irak, Syria og Tyrkia. Det sa ein talsperson for Kurdistan's Islamic Society til eit kurdisk nyheitsbyrå.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger