Hopp til innhold

Svenneby tek sjølvkritikk etter Thunberg-utspel

«Generasjon Greta Thunberg er død», sa Unge Høgreleiar Ola Svenneby etter at høgresida blei valvinnar i skulevalet. Audun Lysbakken kallar utspelet for vilt. Svenneby tek sjølvkritikk.

Ola Svenneby mottar stående applaus etter talen sin.

APPLAUS: Ola Svenneby tok imot ståande applaus etter talen han hadde på valvaka til Unge Høgre.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Valresultatet for skulevalet viste at Framstegspartiet og Høgre er valvinnarane blant elevar på vidaregåande.

Stemninga var god på Unge Høgre si valvake.

Leiaren Ola Svenneby uttala først i direkteintervju med NRK og så frå talarstolen at «eg trur vi kan erklære generasjon Greta Thunberg død».

Det har skapt reaksjonar. Men onsdag morgon tek Unge Høgreleiaren sjølvkritikk.

– Både form, formidling og timing vart galen i år. Tek sjølvkritikk på det. I tillegg til at bodskapen verken kom fram eller var nyansert nok for mange, skriv Svenneby no på Twitter/X.

Han skriv vidare at sitatet ikkje handlar om klimaengasjementet til unge, men at han meiner at mange unge har kjent seg gale framstilte som radikale og aktivistiske.

Og at han meiner det går føre seg ein stille, konservativ revolusjon blant unge i dag.

– Eg håpar han blir dekt tilstrekkeleg, og at dagens unge i større grad blir framstilte med dei verdiane dei faktisk har. Ikkje dei verdiane vi skulle ønskje dei hadde, skriv Svenneby.

– Vilt

På Twitter kokte det med meiningar om utspelet til Unge Høgreleiaren.

Audun Lysbakken, tidlegare partileiar i SV kommenterer utspela til Ola Svenneby på X/Twitter.

– Herregud. At antiklima har blitt ei mobiliseringssak for høgresida midt i klimakrisa er ganske vilt, skriv Lysbakken.

Stortingsrepresentant for Høgre, Mathilde Tybring Gjedde, svarar Lysbakken slik:

– Greta Thunberg er ikkje synonymt med klimakamp. Og ho er i alle fall ikkje synonymt med effektiv og god klimapolitikk som faktisk kutter utslepp og skapar folkeleg legitimitet.

Erna Solberg og Ola Svenneby på Unge Høyres skolevalgvake

Høyre-leder Erna Solberg og Unge Høyre-leder Ola Svenneby var fornøyde med resultatene fra skolevalget.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK
Unge Høyre går seirende ut av skolevalget 2023.

Jubelen sto i taket på valgvaken til Unge Høyre.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK
Resultatet fra skolevalget tikker inn på Unge Høyres valgvake.

Høyre ble det største partiet i skolevalget.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK
Tina Bru, nestleder i Høyre er svært imponert over ungdomspolitikernes innsats i skolevalget.

Tina Bru, nestleder i Høyre er svært imponert over ungdomspolitikernes innsats i skolevalget.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Svennebys «Morn’a, Jens»

Tobias Stokkeland, talsperson i Grønn Ungdom, kallar setninga for teit, men at han forstår kvar det kjem frå.

TOBIAS OFTEDAL STOKKELAND

Tobias Oftedal Stokkeland kallar utspelet for Svennebys «Morn’a, Jens».

Foto: Grønn Ungdom

– Unge bryr seg, men Svenneby har rett om ein ting: Dei siste åra har det vore fortalt ei historie om kva unge er, som dei kanskje ikkje kjenner seg igjen i. Ei historie der unge berre har mykje klimaangst og identifiserer seg med Extinction Rebellion.

Stokkeland seier at utspelet ikkje gjorde han optimistisk for Unge Høgre sin klimapolitikk.

– Eg synest det seier litt om Unge Høgre, når han vel å angripe klimapolitikk, heller enn å kritisere den noverande regjeringa.

Stokkeland legg til:

– Om dette berre er hans «morn’a, Jens»-augneblink, skal eg gi han den altså.

Har snakka om klima i valkampen

Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk ungdom seier at utspelet er unødvendig polariserande.

– Eg synest det er spesielt at han bruker høvet til å tråkke på eit av dei største forbilda til klimaaktivistar. Eg opplevde at mange i skulevalet var opptatt av klima:

– Greta Thunberg-generasjonen er definitivt ikkje død. Mi oppleving er at mange er bekymra etter ein sommar med ekstremvêr. Det er nettopp derfor det er viktig å kutte utslepp, og samstundes skape nye arbeidsplassar.

Skolevalget 2023

Nasjonale resultater i skolevalget 2023. Elevene har stemt som om det var et fylkestingsvalg. Sammenlignet med tilsvarende valg i 2019.

PartiOppslutningEndring
21,9%
+8,9
19,5%
+11,4
17,0%
−9,5
11,1%
+1,3
9,4%
−0,7
6,0%
−2,1
3,8%
−7,1
2,8%
+0,5
2,7%
−2,3
5,7%
−0,5
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Kilde: Sikt

Snyen trur mange har stemt Høgre fordi dei har god klimapolitikk, og kallar utspelet for spesielt.

– Dei har snakka om å kutte utslepp under heile valkampen. At Høgre vinn valet betyr ikkje at unge sitt klimaengasjement er daudt, seier Su-leiaren.

Populistisk grep

Leiar i Natur og Ungdom, Gina Gylver stiller seg bak kritikken.

Gina Gylver. Fra Natur og Ungdoms kurs i sivil ulydighet under Riddu Riđđu 2022.

– Skremmande, seier Natur og ungdom-leiar Gina Gylver.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

– Det er først og fremst skremmande at Unge Høgre profilerer seg på å vere eit antiklima-parti.

– Det er dessutan sjukt småleg at Svenneby seier dette, fordi dei tidlegare har profilert seg som et klimaparti. Det er eit populistisk grep som gjer at debatten blir polarisert i ei tid der ein bør finne samlande løysningar, så det dei gjer no er skuffande og skremmande. Unge Høgre spelar opp under å skape auka motstand mot eit internasjonalt løft for eit betre klima, seier Gina Gylver til NRK.

– Ikkje meininga å angripe klimaengasjement

– Det var ikkje intensjonen min å angripe klimaengasjementet som mange unge har. Eg meiner Unge Høgre framleis er eit klimaparti, seier Ola Svenneby til NRK tysdag kveld.

Dessutan meiner han at alle som høyrde heile talen på valvaka til Unge Høgre skjønte kva han meinte då han trekte inn Gretha Thunberg.

Ola Svenneby på Unge Høyres skolevalgvake

Ola Svenneby meiner at Unge Høgre framleis er eit klimaparti.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Eg trur mange unge har reagert på å bli samanlikna med og bli trekte inn i verdiane til Thunberg. Ein kan ha eit anna klimaengasjement enn det Thunberg har og ein kan ikkje seie at ho har representert ein heil generasjon, seier han.

Skolevalget 2023

Resultatene i skolevalget 2023 sammenlignet mot skolevalget i 2021 da elevene stemte som om det var stortingsvalg.

PartiOppslutningEndring
21,9%
+8,3
19,5%
+5,6
17,0%
−6,4
11,1%
−1,6
9,4%
−1,3
6,0%
−1,9
3,8%
−2,2
2,8%
+0,8
2,7%
−1,9
5,7%
+0,5
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Kilde: Sikt

AKTUELT NÅ