Hopp til innhold

Meiner kvinner er freda som overgriparar: – Det er for lite belyst

Nesten halvparten av utsette gutar opplyser om kvinneleg overgripar. Det er det på tide at samfunnet tek innover seg, seier Raymond Lønberg, styreleiar i Utsattmann.

Raymond Lønberg

TABU: Raymond Lønberg, styreleiar i Utsattmann meiner kvinnelege overgriparar er eit stort tabu.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Kvinnene er freda som overgriparar. Det betyr også at dei har større handlingsrom, meiner Raymond Lønberg.

Som styreleiar i den ideelle organisasjonen «Utsattmann» i Kristiansand har han møtt mange menn som er utsette for overgrep av kvinner.

Nyleg fortalde NRK historia til Kristian Klemp Kristoffersen som blei utsett for overgrep av stebestemora som barn. Eitt av måla hans var å visa andre utsette at dei ikkje er åleine.

Les også Kristian har lenge båret på en hemmelighet

Kristian står rakrygget og ser foran seg.

Gutar oppgir kvinneleg overgripar

Nær halvparten av alle gutar som blei utsette for overgrep første gong då dei var yngre enn sju år, oppgav ein kvinneleg overgripar.

Det viser 2020-tala frå Bufdir. Kvart år samlar dei statistikk frå støttesentera mot incest og seksuelle overgrep.

Annan forsking peikar i same retning. Også rapporten som velferdsinstituttet NOVA gav ut i 2016 viste at rundt halvparten av dei utsette gutane fortalde om ein kvinneleg overgripar.

Men forsking på kvinnelege overgriparar er mangelvare.

– Det er for lite belyst. Eg trur mykje av grunnen til det er at dette er noko som mange ikkje orkar å ta inn, seier Lønberg.

Tone Bremnes er ei av få skrive mastergrad om kvinnelege overgriparar.

– At også kvinner er overgriparar gjer verda veldig utrygg. Det utfordrar vårt syn på kvinner og mødrer som omsorgsgivande og ein trygg stad for born, har ho uttalt til NRK.

– Eit forsømt område

I 2017 publiserte Reform rapporten «Ser vi gutane?» I denne blei det avdekt at det framleis står att mykje for å heva kompetansen og for å bryta ned kjønnsspesifikke mytar om overgrep mot gutar og menn.

– Synet på menn og gutar som er utsette for seksuelle overgrep er framleis eit forsømt og forteia område, seier Torbjørn Herlof Andersen.

Han er tilsett ved NTNU og har jobba med overgrepsutsette gutar og menn i over 25 år.

Torbjørn Herlof Andersen

DEI GLØYMDE GUTANE: Torbjørn Herlof Andersen meiner at ein har for lite fokus på overgrepsutsette gutar og menn.

Foto: Knut Fjeldstad / SCANPIX

I og med forsking og statistikk peiker på at det er flest jenter/kvinner som blir utsette for overgrep og at overgriparen i dei fleste tilfelle er menn, blir fokuset også deretter, meiner han.

– Og forskinga blir som eit slags ekkokammer for den rådande oppfatninga at det er kvinner som blir utsette for overgrep og at det er menn som utset dei for det, seier han.

Dei kvinnelege overgriparane og dei utsette gutane blir dermed gløymde, hevdar Andersen.

Lovar større innsats

Nesten ein av ti menn opplever å bli utsett for overgrep i løpet av barndommen. Det viser ei omfangsundersøking som Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress gjorde i 2014.

– Eg tenkjer at tala er svært høge. Det viser at vårt fremste mål må vera å hindra at overgrep skjer, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Ho seier at regjeringa prioriterer innsatsen mot vald og overgrep høgt, og at det er styrkt i budsjettet for 2022.

Kjersti Toppe

KLART MÅL: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) meiner det fremste målet er å hindra overgrepa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Ekspertane saknar fokus på overgrep blant gutar og kvinnelege overgriparar. Har regjeringa planar å setja fokus på dette?

– Det er løyvd 5 millionar kroner til auka driftsstøtte til sentera mot incest og seksuelle overgrep. Sentera er eit lågterskeltilbod til dei som er utsette for overgrep og deira pårørande, både kvinner og menn, svarar Toppe og legg til at departementa vurderer behovet for å utvida kunnskapsbehovet fortløpande.

AKTUELT NÅ