– Me meiner at Russland no ser seg tent med å gjennomføra sabotasje i europeiske land, for å svekka den ukrainske forsvarsevna.
Det seier kontraetterretningssjef, Inger Haugland i PST under ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.
Kontraetterretningssjef Inger Haugland ved PST.
Foto: Erlend KoppergårdPST har i samarbeid med Etterretningstenesta utarbeidd ei ny vurdering av sabotasjetrusselen i Noreg.
Der kjem det fram at sabotasjetrusselen mot aktørar involvert i norske våpenleveransar til Ukraina, er skjerpa.
– Dei same norske aktørane er også utsette for russisk etterretnings- og påverknadsverksemd, seier Haugland.
Sjå PSTs pressekonferanse onsdag ettermiddag.
Kan vera vanskeleg å bevisa
Haugland viser til russiske sabotasjeforsøk i både Polen, Tyskland og Storbritannia, og meiner dei må ta høgde for at det kan skje også i Noreg
– Eventuelle sabotasjeaksjonar vil mest truleg bli utført på ein måte som gjer det vanskeleg å bevisa kven som står bak, seier ho.
Det er fordi Russland vil unngå ein eventuell reaksjon frå Nato, legg ho til.
Haugland kan heller ikkje utelukka at norske statsborgarar kan vera involvert i eventuelle sabotasjeaksjonar.
PST ber no norske våpenleverandørar om å halda augna opne og gi tydeleg beskjed ved mistenkeleg aktivitet.
Også Kongsberg Gruppen er eit mål for russisk sabotasje.
Foto: Knut Brendhagen / NRKNammo: – Skjerpa tryggleiken
I Noreg finst det fleire selskap som importerer våpen til Ukraina. Blant dei er Nammo, Kongsberg Gruppen og Chemring Nobel.
Kommunikasjonssjef i Nammo, Thorstein Korsvold seier til NRK at dei tar tryggleik på alvor og at dei har registrert PSTs nye vurderingar.
– Me har skjerpa tryggleiken vår over tid, og vurderer ytterlegare tiltak fortløpande.
Korsvold seier dei set pris på, og stolar på, PSTs arbeid.
– Me har opplevd truslar og hendingar som gjer at me er ekstra på vakt, og me vil oppmoda publikum til å ta kontakt med politiet om ein skulle sjå eller oppleva noko mistenkeleg, seier han.
Kommunikasjonssjef i Kongsberg Gruppen, Ronny Lie, seier tryggleiksrutinane deira speglar trusselnivået.
Foto: Maria Kommandantvold / NRKOgså Kongsberg Gruppen seier dei er godt kjente med tryggleikstrusselen i samband med leveransar til Ukraina.
– Me er godt vande med ulike typar sabotasjetruslar og cyberproblematikk. Det er noko me har levd med i veldig mange år allereie, seier kommunikasjonssjef Ronny Lie i Kongsberg Gruppen.
Sabotasjetrussel mot oljesektor er uendra
Veum i PST vil ikkje kommentera om det blir arbeida med konkrete saker.
Dei seier samtidig at dei til kvar tid handterer ei rekke forhold knytt til russiske trusselaktørar i Noreg, utan at offentlegheita blir varsla om det.
– Vurderinga av sabotasjetrusselen mot andre mål, som norsk olje- og gassektor, er uendra og framleis som beskrive i PSTs nasjonale trusselvurdering frå februar 2024, skriv Veum.