Hopp til innhold

Forsvarar: 15-åring erkjenner ikkje straffskuld

– Klienten min erkjenner å ha vore i området, men han forklarar at han ikkje har noko med hendinga å gjera. Han erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvarar Ivar Hauge laurdag kveld.

15-åringen er blant dei sikta etter at ein mann i 50-åra fredag blei angripen av fleire maskerte tenåringar og utsett for fleire knivstikk i Gaupne i Luster.

15-åringen har site i avhøyr i lag med foreldra sine i over fem timar. Der har han ifølge Hauge forklart seg om kva han gjorde fredag. Bakgrunnen for siktinga er ifølge forsvaren at politiet tok beslag i mobiltelefonen hans. I tillegg tok politiet beslag i kleda og skoa hans.

Hauge vil av omsyn til etteforskinga, og at fleire skal forklara seg, ikkje gå i detalj på kva tenåringen har sagt om det han har gjort og sett.

– Foreldra tar dette veldig på alvor, og guten er sjølvsagt prega av dette. Han har forklart seg så godt som han kunne om det han har kjennskap til. Han meiner han ikkje har gjort noko straffbart.

Mann ble knivstukket i et skogholt i Gaupne i Luster

Fem tenåringar sikta etter knivangrep i skogholt: – Han har knytt seg til hendinga

Mann i 50-åra blei knivstukken av maskerte gutar. Ein gut under den kriminelle lågalder har i avhøyr «knytt seg til hendinga».